Retrett til 11,6 millionar

Publisert:29. januar 2014Oppdatert:29. januar 2014, 16:33
Dag Rune Olsen informerer UiB-leiarar om at Kari Tove Elvbakken sluttar som universitetsdirektør.

Kari Tove Elvbakken får den same løna heilt til ho pensjonerer seg. Retrettløna er på drøyt 11 millionar kroner, pluss pensjon.

Universitetsdirektøren har i dag ei løn på 1 055 000 kroner i året. Når ho byrjar i ny stilling 1. april vil ho få same løna heilt til ho blir pensjonist. Som vitskapleg tilsett kan ho sitje til ho fyller 70 år, og dermed tene 11,6 millionar kroner. I tillegg kjem pensjon. Men Elvbakken kan òg velje å pensjonere seg tidlegare, og sluttpakken vil i så fall vere verd tilsvarande mindre. Og uansett ho må sjølvsagt jobbe for løna.

Standardavtale for leiarar
Avtalen følgjer standardreglane for leiarløn i staten, opplyser rektor Dag Rune Olsen til På Høyden. Han meiner at avtalen ikkje kan kallast ein sluttpakke.

– Dette er ingen sluttpakke då ho ikkje sluttar, men går over i ei fast stilling ved UiB, seier Olsen.

Elvbakken er tilsett som professorstipendiat, og meininga er at ho skal ta opp igjen forskinga si, og kvalifisere seg for eit professorat. Eit slikt stipend varer vanlegvis i tre år, og dersom stipendiaten i løpet av perioden kvalifiserer seg til professorkompetanse, blir ho eller han tilsett som professor, utan konkurranse.

– Dette er ein gammal stillingskategori som mellom anna blei brukt då Universitetet i Tromsø blei oppretta, fortel Olsen.

Vanleg for direktørar
Elvbakken jobba ikkje ved UiB då ho byrja som universitetsdirektør 1. mars 2007, men kom frå stillinga som leiar ved Rokkansenteret. Det har ikkje vore diskusjonar om sluttløna hennar, då dette allereie var ein del av arbeidsavtalen hennar, fortel Olsen.

Avtale om ventelønn eller retrettstilling er standardvilkår i leiarlønskontraktene til staten. Tidlegare universitetsdirektør Kåre Rommetveit har ein liknande avtale, som òg går til han fyller 70 år. Etter at han slutta i februar 2007 har UiB betalt løna hans til det som no er samla i Bergens forskningsstiftelse, og som har stått som arbeidsgivar for han.

– Bra å ta vare på folk
Leiar av Forskerforbundet ved UiB og professor i samfunnsøkonomi, Steinar Vagstad, synest det er ryddig og greitt at Elvbakken får ei retrettstilling med same løn.

– Heilt uavhengig av denne prosessen synest eg det er bra at folk blir tekne vare på når dei sluttar i ein jobb. Det gjer det mykje enklare å få til endringar som medfører skifte av mannskap. Har du vore universitetsdirektør har du ein stor arbeidskapasitet, og det er heilt ufarleg å tilsetje slike på livstid. Det hadde vore langt verre å gi nokon einerett på å vere universitetsdirektør på livstid, seier Vagstad.

Hodejeger-jobb
Dag Rune Olsen synest så langt at prosessen rundt utskiftinga av universitetsdirektøren har gått greit, og han oppfattar at endringa ikkje har skapt mykje turbulens i organisasjonen.

– Vi ser framover, og kjem til å foreslå for universitetsstyret 13. februar at Kjell Bernstrøm blir konstituert som universitetsdirektør ut året. Vi ønskjer kontinuitet. Så skal vi ta oss tida vi treng for å leite etter universitetsdirektør for ein ny åremålsperiode. Eg ønskjer å bruke eit rekrutteringsfirma til denne jobben. Vi skal vere trygge på at vi har ein person som ønskjer å utvikle UiB vidare, seier Olsen.

Stillinga som personal- og organisasjonsdirektør vil òg bli utlyst med det første, og jobben som direktør for forskingsadministrativ avdeling vil bli gjenutlyst.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed