MOOC-pionerar med stor suksess

Publisert:9. desember 2013Oppdatert:9. desember 2013, 09:01
– Vi er eit jesuittisk universitet. Vi trur på å spreie kunnskap, seier Rosie O'Neil ved Georgetown University. Foto: Ida Bergstrøm

Åtte tusen arbeidstimar. Ein million dollar. Slik laga Rosie O’Neil verdas beste MOOC.

Plassering: 

– Vi er Georgetown University. Vi kan ikkje levere noko som er halvgodt, seier Rosie O’Neil.

Ho har vore kursleiar for MOOC-kurset «Globalization's winners and loosers» ved det prestisjetunge Georgetown University i Washington DC.

Beste i sitt slag
Første oktober starta dei første forelesingane. Kurset er gratis, og ope for alle som vil registrere seg. Det har vore ein stor suksess. I alt har 35 000 studentar frå 155 ulike land registrert seg som brukarar av nettkurset om globalisering. 14 000 har vore aktive deltakarar på kurset.

Nyleg fekk Rosie O’Neil glitrande tilbakemelding frå edX, den Harvard-utvikla MOOC-plattformen som Georgetown har nytta seg av: «Globalization’s winners and loosers» er det beste nettkurset nokon sinne.

– Vi i arbeidsgruppa hadde høge forventningar til kva kurset skulle bli. Men talet er mykje høgare enn vi venta, seier Rosie O’Neil.

Vekk frå amatør-preget
Modulane i kurset skulle vere av høg kvalitet og velproduserte. Kvar modul skulle ha ein tydeleg raud tråd. Amatørfilm-preget skulle vekk.

– Vi innsåg at 6-7 minutt var tilstrekkeleg. Studiar viser at det er så lang tid studentane klarer å vere konsentrerte om gangen, seier Rosie O’Neil.

Førstegenerasjons-MOOC er ikkje så ulikt det gamle undervisningsfjernsynet. Eit kamera festa i taket bakerst i klasserommet tok opp det læraren sa.

Det susande kameraet gjorde undervisninga vanskelegare. Ikkje alle forelesarar var komfortable med å vere til stades for studentane her og no – og samtidig vere bevisste på at dei snakka for eit større publikum.

– Vi ville ikkje lage noko som hadde eit heimesnekra preg, seier Rosie O’Neil.

Spontane kollokvier
Til slutt fann O’Neil ei oppskrift som fungerte. Ein professor snakka inn i kameraet. Dette vart klipt saman med element frå inviterte gjesteforelesarar og frå store forelesingar. Det heile vart bunde saman via eit gjennomarbeida manuskript og ei stram klipping.

Kurset har ein læreplan med læringsmål og anbefalt litteratur. Etter kvar modul kan studentane svare på spørsmål for å sjekke om dei har forstått stoffet. I tillegg til dei filma forelesingane får studentane tilgang til ei elektronisk lærebok. Dei kan ikkje printe den, men dei kan paginere mens dei les.

– Minutt etter at forelesingane er over, er det full aktivitet i diskusjonsfeltet.

Er det eit tema mange har opplevd som uklart, har forelesaren posta ein video der ho utdjuper og forklarar.

Kven skal rette oppgåvene?
Evaluering er ein av dei store utfordingane med MOOC. For kven har lyst til å rette 14 000 øvingsoppgåver kvar veke?

– Mangelen på vurdering er eit av de store problema med open tilgang, seier Rosie O’Neil.

Løysinga vart eit oppgåvesett som til dels var basert på avkryssing. Studentane skulle også skrive ein lengre tekst basert på eit ganske ope spørsmål. Deretter kunne dei hente fram eit modellsvar, og evaluere sitt eige svar opp mot dette.

– Skulle studentane evaluere seg sjølv? Kor mange fekk full pott?
– Vi vart overraska. Dei var ærlege!

Rosie O’Neil vart også overraska over dedikasjonen til studentane.

– Vi oppretta også ein slags wiki der studentane kunne publisere artiklar basert på det dei har lært. Over 400 studentar har valt å gjere dette. Berre for sin eigen læring sin del.

Vil ikkje gje ut Georgetown-vitnemål
Demokratiseringa som MOOC tilbyr opnar portane til høgare utdanning for fleire. Har du ein pc, ei grei nettlinje og litt tid til overs kan du følgje kurs ved universitet som Berkley, MiT og Cornell – universitet som for mange er utanfor både økonomisk og geografisk rekkevidde.

Vitnemål og kursbevis er likevel langt unna, meiner Rosie O’Neil.

 – Eg er i høgda villig til å gje ut eit sertifikat som viser at studenten har fullført kurset, seier Rosie O’Neil.

Problemet med evalueringa er hovudinnvendinga. Og korleis skal ein som universitet identifisere studentane, når ein aldri ser dei?   

– I dag har vi ingen sjanse til å kontrollere studentane sin identitet når dei møter opp til eksamen. Så lenge vi ikkje kan verifisere identiteten gjennom til dømes fingeravtrykk eller irisavlesing, har vi eit stort problem.

Mellom teknologi og dinosaurar
Teknologien gjer streaming, digital undervisning mulig og store nettkurs mulig. Mange rundt Rosie O’Neil har meint at dei velprøvde undervisningsmetodane framleis er dei beste.

– Universiteta er dei einaste arbeidsplassane i verda som framleis gir jobb til dinosaurar, seier ho.

Då På Høyden besøkte Georgetown universitet var kurset inne i si nest siste veke. Det var også den første veka der kurset ikkje opplevde store, tekniske utfordringar.

– Men hos oss ser vi no at kvaliteten på undervisninga er høgare enn kvaliteten på teknologien.  

– Er MOOC framtida? Eventuelt for kven?
– Eg trur framtida er hybrid. No skal vi først trekke oss tilbake, samle opp erfaringar, og analysere data frå dette kurset.

Kontakten som forsvinn
Seinare skal Georgetown bruke dei innspelte modulane til  ein «flipped classroom»-modell. Studentane les og ser forelesingane heime, og lærarane brukar timane til å arbeide vidare med stoffet.

– Kva går tapt ved MOOC-undervisning?
– Det er tradisjonell undervisning, distribuert på ein utradisjonell måte. Men dei mistar også mykje. Framfor skjermen er ein ikkje i eit fagleg fellesskap på same måten som på forelesingar og i seminargrupper. Forelesaren mistar også den direkte kontakten med studentane. Så dei tapar også noko.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed