Moi sine prosjekt

Publisert:6. desember 2013Oppdatert:6. desember 2013, 11:55
Toril Moi fylte nyleg 60. Ho seier at ho ikkje visste noko om at det vart planlagt eit seminar for henne, men at ho for ei stund sidan vart kontakta fordi ein gjerne ville at ho skulle koma. Dei få dagane ho er i Bergen, er det mange som vil snakka med henne. Foto: Hilde Kristin Strand

Første gongen Toril Moi fekk spørsmål om ho hadde eit prosjekt, skjønte ho ikkje kva studenten som skreiv e-posten meinte.

– Det er sjokkerande å verta 60, seier Toril Moi og smiler.

Det er allereie vel ei veke sidan den store dagen. I dag vert ho heidra med festseminar i regi av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og Senter for kvinne- og kjønnsforsking.

Ho er attende i byen der det starta. Tidleg på 1970-talet kom den unge Moi frå Bryne for å studera fransk. Ho hadde lese Simone de Beauvoir allereie som 14-åring – i revolusjonsåret 1968 – og kunne ikkje skjøna at ikkje alle jenter var samde med henne. No, nokre år seinare, var målet å kunne lesa de Beauvoir på originalspråket.

– Då eg kom til Bergen for å studera, visste eg jo ikkje at ein skulle lesa romanar når ein studerte eit språkfag. Å lesa bøker trudde eg var noko ein gjorde som hobby. Atle Kittang underviste i fransk då, og gjekk seinare til litteraturvitskap, seier Moi.

Det gjorde ho òg. I dag er ho professor i litteratur ved Duke University i North Carolina i USA, og ein av få nordmenn som har fått ein internasjonal akademisk karriere.

– Må gi studentane noko å strekkja seg etter
På slutten av 1970-talet reiste Moi til England for å studera. Attende i Bergen tok ho doktorgrad med boka «Sexual/Textual Politics. Feminist Literary Theory». Boka er omsett til 11 språk og er pensum for studentar over heile verda. Men ho vart ikkje lenge i Bergen. I 1989 reiste ho til Duke, og der har ho vore sidan.

– Vart Bergen og Noreg for lite?

– Eg fekk eit jobbtilbod etter å ha vore gjesteprofessor ved Duke, og det var gode betingelsar. Samstundes var eg vel ikkje spesielt nøgd med jobben eg hadde i Bergen, seier Moi, som før ho reiste til USA leia det som då heitte Senter for humanistisk kvinneforsking. Fram til 1996 var ho professor II ved UiB.

Men sjølv om Moi altså har budd i USA i godt over tjue år, følgjer ho nøye med på det som skjer i Noreg. Gjennom den faste spalten sin i Dagens Næringsliv kommenterer ho aktuelle saker.

– Du har mellom anna skrive om bedagelege norske studentar?

– Det verkar som om det krev lite arbeid å vera student i Noreg. Eg snakka nettopp med nokre studentar i Oslo, som sa at dei jobbar 10-15 timar i veka med faget, og så litt ekstra før eksamen. Då kan dei få A. Trur du det stemmer?

– Det vil vel variera frå fag til fag.

– Dersom det gjer det, krev ein for lite av dei, ein burde gi dei noko å strekkja seg etter.

Testar studentane
Moi har òg sagt at for henne er det utenkjeleg at studentane møter til undervisning utan å vera førebudde. Ved amerikanske universitet har ein ikkje pensumlister slik ein har i Noreg, det er opp til den enkelte professoren kva ein vil undervisa i.

– Undervisning er jo å utdjupa det studentane ikkje forstår. Det er ikkje noko poeng at eg gir samandrag av artiklane dei skal lesa, seier Moi, og fortel at ho ofte gir studentane små testar for å finna ut om dei har lese det dei skal. Dette er ikkje testar som gir karakter, men som gir ein peikepinn. Når studentane skal få karakter, tel munnleg innsats.

– Universiteta stolar på at professorane er så gode at det dei set på pensum er godt nok. Dette betyr at ein kan undervisa i det som interesserer ein sjølv, men det betyr òg til dømes at dersom eg ikkje hadde vore tilsett, hadde det neppe vore noko kurs i daglegspråkfilosofi. Og det hadde gått heilt fint, seier Moi.

Ei amerikansk grad er sett saman av mange kurs. Nokre er obligatoriske, men dei fleste er frie. Det betyr at kva studentane vel, er ganske ulikt. Felles for dei er at dei jobbar mykje, og dersom dei stryk til eksamen, får det konsekvensar, ikkje minst økonomiske.

– I Noreg har alle rett til å studera. Det synest eg er fint. Men samstundes er det dyrt. For mange som kjem til universitetet vert møtet med akademia eit sjokk. Spørsmålet er jo då om ein har råd til å ta opp dei som ikkje vert verande, seier Moi.

– Tenk om ein hadde brukt same sum på høgare utdanning, men hatt berre halvparten så mange studentar – som verkeleg ville vera der.

– Er løysinga skulepengar?

– Eg trur nok mange studentar ville tenkja seg om dersom dei måtte betala. Men samstundes vil skulepengar gå ut over dei svakaste, så det er ikkje slik at eg synest dette er den einaste løysinga. Kanskje ein burde vurdera høgare opptakskrav?

Kritisk til finansiering
For ei tid tilbake fekk Moi ein e-post frå ein norsk student, med spørsmål om ho hadde eit prosjekt.

– Eg skjønte ikkje kva som var meint. Sjølvsagt har eg prosjekt, eg har jo mange ting eg vil skriva om. Men så skjønte eg at det var spørsmål om eg hadde midlar til å tilsetja ein ph.d-stipendiat, og det har eg jo ikkje.

Moi er kritisk til den norske modellen for finansiering av forsking. Ho meiner at ein ikkje kan bruka naturvitskapelege modellar i humaniora.

– Trenden er tydelegvis at fleire skal sitja saman og jobba i grupper. Det er ikkje det humanistar treng, humanistar treng tid og inspirasjon.

Professoren seier at i USA går dei mest prestisjefylte prosjektmidlane til individuelle forskarar og deira individuelle prosjekt. Doktorgradsstipendiatar er knytte til institutt.

– Eg skjønar at ein i naturvitskapen treng assistentar. Men dersom eg til dømes skal skriva om Platon, må eg lesa om Platon sjølv, seier Moi.

For humanistar er boka framleis den prestisjefylte forma å publisera på. Moi meiner at bokforma krev noko heilt anna enn ein artikkel.

– Ein får ikkje med alt i ein artikkel. I ei bok får ein med alle argumenta. Eg kunne ikkje skrive ein artikkel om Ibsen, slær ho fast, og viser til den store Ibsen-boka, «Ibsens modernisme», der ho argumenterer for at ikkje berre Flaubert og Baudelaire, men òg Henrik Ibsen var ein modernist.

– Sjølvsagt kunne eg skrive fem artiklar om Ibsen og gitt dei ut kvar for seg, men då måtte eg hatt same innleiinga på alle saman.

– Kva framtid har humaniora?

– Eg har vondt for å tru at samfunnet ikkje er interessert i språk, kunst og historie. Spørsmålet er sjølvsagt kor mykje ein skal investera i dette. Men dette er vår kulturelle ekspertise – tenk om ingen kunne noko om vikingtida eller om gamalnorsk. Nokre seier at språk og litteratur er noko ein kan ha som hobby. Men det er me som held dette ved like, og som overfører det til neste generasjon. Eg trur det er godt for menneske å ha kapasitet til å lesa til dømes Flaubert eller kunne gå på ei kunstutstilling og skjøna noko, seier Moi.

– Feminisme er fridom
Moi er feminist. Men målet hennar er å sleppa å vera det.

– Feminisme handlar om fridom. For meg er fridom viktigare enn likestilling, seier Moi.

Ho seier at målet er at samfunnet vert ordna slik at kvinner har størst mogleg fridom til å velja sjølve. Men førebels ligg det nokre ideologiske føringar og perspektiv som gjer at ein tenkjer noko om kva kvinner skal gjera og ikkje, seier Moi, som mellom anna har vore kritisk til moderskapsideologien, som ho meiner står sterkt i Noreg.

– Eg synest det er flott at ein har ordningar som gjer at det er lett å velja at ein vil ha barn. Men å visa at ein ikkje ønskjer seg barn er ikkje like lett. Då vert ein stempla som kaldhjerta karrierekvinne. Ein må slutta å masa på kvinner om dei skal ha barn, og om dei ikkje skal ha fleire barn, seier Moi.

Ho legg til:

– Det er ikkje min jobb som feminist å fortelja andre korleis dei skal leva sine liv, men då må òg kvinner slutta å stilla desse spørsmåla til andre kvinner.

– Kva seier du dersom eg no lagar ein tittel i retningen «Noregs mest kjende kvinnelege litteraturprofessor er i Bergen»?

– Dersom du har ein god grunn til det, så stå på. Men dersom du ikkje hadde det, så ville eg spørja om kvifor du gjorde det. Det er jo ingen vits å nekta for at eg er kvinne. Men dersom ein seier til dømes at nokon er ein stor kvinneleg forfattar, seier ein samstundes at dei største forfattarane er menn.

– Poenget mitt er at ein kan seia kva ein vil, så lenge ein kan stå inne for det, seier Moi.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed