– Ikkje rart dette går dårleg

Publisert:4. desember 2013Oppdatert:4. desember 2013, 22:17
Svanaug Fjær besøkte tysdag Bergen og ruskonferansen arrangert av UiB.
Nygårdsparken:

Handlingsplanane for miljøet i Nygårdsparken er ambisiøse. Og dei vert iverksett utan grundig, forutgåande forsking. – Dette er eit paradoks, all den tid parken ligg midt i eit universitetsområde, meiner Svanaug Fjær ved Universitetet i Stavanger.

Universitetet i Bergen sine fakultet er å finne omkring det som har blitt eit av dei mest belasta områda i Bergen. På trappa til Studentsamskipnaden sitt hus i Villaveien ligg det blodig avfall på trappa kvar morgon, og inngangspartiet til UiB sin representasjonsbustad, Knut Fægris hus, har blitt vandalisert med tagging og forsøpling. Mange tilsette opplever at klede, pengar, mobiltelefonar og mat forsvinn frå kontora deira.

Paradoksal mangel på studier av parken
Ingen tilsette ved UiB kan seie at dei ikkje veit om problema knytt til å arbeide på eit universitet nær Nygårdsparken. Også naboar, studentar og bybuarar forøvrig har i fleire år bede om at noko må gjerast. Verst er truleg situasjonen for dei rusavhengige sjølv.

Svanaug Fjær oppmoda forskarar om å bidra med kunnskap om rusmiljøet i Bergen. 
– Det er ikkje gjort større, omfattande studier av Nygårdsparken. Dette er eit paradoks, all den tid parken ligg midt i eit universitetsområde, meiner Svanaug Fjær. Ho var ein av innleiarane då UiB i går arrangerte ein ruskonferanse.

Mange tiltak på éin gong
Svanaug Fjær kritiserer Bergen for å ha hamna i eit vakuum mellom handlingslamming og ekstreme ambisjonar.

– I Norge har verdigheit vore eit mantra sidan 90-talet. Ein vil gje brukarane eit verdig tilbod. Samtidig skal ein gjere veldig mange ting på same tid: Kommunen vil auke sosial inkludering, utvikle tenester, tiltak, bustadtilbod, helsetilbod og dagtilbod. Alt på ein gong. Det er ikkje rart dette går dårleg, seier Svanaug Fjær.

– Samstundes skal godheita skje innanfor bestemte rammer, påpeikar ho.

Partipolitikk versus sprøyterom
Svanaug Fjær kritiserte også Bergen kommune for å ha latt det gå partipolitikk i spørsmålet om sprøyterom skal vere ein del av tilbodet til dei rusavhengige eller ikkje.

– På toppen av ein stor og kompleks plan, har partia sine eigne markeringstema som gjer at nokre ting ikkje skal skje. I Bergen sitt tilfelle er dette avtalen som er gjort om at det ikkje skal etablerast sprøyterom i inneverande periode.

Bør sikre kunnskapsgrunnlaget
Svanaug Fjær karakteriserer kommunen sin handlingsplan mot rus som ambisiøs. Samtidig som Nygårdsparken skal stengast for opprusting, skal nye senter for mottak og oppfølging av rusmisbrukarar opnast på Wergeland og på Nesttun.

– Eg vil be dykk om å sikre kunnskapsgrunnlaget for det som no vert gjort. Då kan ein betre ivareta både brukarane og nærmiljøet som er rundt, seier ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed