Fleire står utanfor ny database

Publisert:6. desember 2013Oppdatert:6. desember 2013, 16:22
Ekspedisjonssjef Robert–Jan Smits (til venstre) frå EU–kommisjonen og mangeårig NSD–leiar Bjørn Henrichsen var i går på inspeksjon i lokala som skal huse CESSDA. Bak er statssekretær Bjørn Haugstad. Frå lokala i Parkveien 20 har dei og utsikt rett over mot narkotikamiljøet i Nygårdsparken. Foto: Dag Hellesund

Ikkje alle var med då samarbeidet om europeisk arkiv for samfunnsvitskapane opna i Bergen i går. – Dei vil bli marginaliserte om dei ikkje blir med i samarbeidet, åtvarar Bjørn Henrichsen.

Tretten land var med som partnerar då Consortium of European Social Science Data Archives (CESSDA) blei offisielt lansert i går. Men ein del land er ikkje med i samarbeidet, som er sett på som ein særs viktig infrastruktur for forsking av EU-kommisjonen.

Verken Irland, Spania, Portugal, Romania, Hellas eller Ungarn er med, men Henrichsen håpar dei snart melder seg på. Fleire av landa var representerte under opninga, sjølv om dei ikkje er medlemmer enno. Dei ønskjer å vere med, men saka må gjerne vedtakast i nasjonalforsamlinga først.

Vil ha USA med
– Det er ein vinn-vinn-situasjon for oss alle at vi samarbeider på denne måten. Og vi vil heller ikkje lukkast med mindre vi formulerer samarbeidet med USA, seier Henrichsen.

Han er vald til styreleiar for CESSDA AS, som inntil vidare er organisert som eit norsk aksjeselskap. Henrichsen er mangeårig leiar av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD), og har mykje av æra for at senteret er lagt til Noreg og Bergen.

– Før vi fekk finansieringa frå EU-kommisjonen var det vanskeleg. Det er ikkje lett å byggje ein europeisk infrastruktur for forsking basert på nasjonale løyvingar. Utan direkte støtte frå EU-kommisjonen hadde det ikkje vore muleg, seier Henrichsen

Skryt til Bergen
CESSDA vil bidra til meir forsking og fleire data om dei mest sentrale utfordringane samfunnet vårt står overfor, seier Beatrix Vierkorn-Rudolph. Ho er viseadministrerande direktør i det tyske Utdannings- og forskingsdepartementet, og har leia European Strategy Forum on Research Infrastructures (ESFRI).

Tyskland har saman med Noreg gitt oppstartsløyvinga til CESSDA.

Norsk samfunnsvitskap, Bergen og universitetet fekk mykje skryt under opninga:

– Dette er ein stor dag for Bergen, Europa og samfunnsvitskapane, sa Robert-Jan Smiths, som er generaldirektør for forsking og innovasjon i EU-kommisjonen.

– De er svært aktive deltakarar, og de er òg leiarar av utviklinga i Europa, sa han med adresse til det samfunnsvitskaplege forskingsmiljøet i Noreg.

Under lanseringa spelte mellom andre Gabriel Fliflet og Ole Hamre folkemusikkinspirerte smakebitar frå ulike delar av Europa. Hamre bur på Nordnes, og er ikkje særleg glad i buekorps. Sjå Hamres hemn over buekorpsa når han dreg sin eigen versjon av Nordnæsmarchen i videoen under.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed