Startar nytt supersenter

Publisert:8. november 2013Oppdatert:8. november 2013, 13:55
Professor Vigdis Vandvik er svært nøgd med at institutt for biologi får status som Senter for framifrå utdanning.

Institutt for biologi har kome gjennom nålauget til NOKUT: bioCEED blir Senter for framifrå utdanning. – Gledeleg, seier Vigdis Vandvik.

– Vi har lenge hatt en prosess der vi har jobba med å fornye, omstille og forbetre undervisninga vår, seier professor Vigdis Vandvik ved Institutt for biologi.

No får instituttet tre årlege millionar kroner som skal kome alle til gode.

Planen er å by på meir felt, meir lab og meir samarbeid. Dette kostar. Studentane skal også få høve til utplasseringar, slik at dei kan sjå korleis biologar arbeider.

– Pengane er éin ting, og det gir oss mange ressursar som vi kan bruke. Men senterstatusen gir oss også mykje gratis, seier Vigdis Vandvik.

Eit nasjonalt biologisamarbeid med andre universitet er på trappene.

– Det gode frå forskarkulturen skal vi også dra inn i undervisninga. Folk på instituttet er glade i begge delar av jobben sin – både undervisninga og forskinga, seier ho.

Danka ut 18 søkarar
Dette var første ordinære utlysing av Senter for framifrå utdanning. I år var utlysinga opa for alle fagmiljø innan høgare utdanning.

Heile 19 andre institusjonar ville huse Senter for framifrå utdanning.

Senterstatusen vert tildelt for fem år, med høve til forlenging i fem år til. Eit SFU vil få tre millionar kroner i årleg toppfinansiering. 

Alle skal med
– Kvifor valde juryen bioCEED, trur du?

– Eg veit at juryen likte at vi tenkte heilskapleg, og hadde ein plan for korleis vi skal bygge opp utdanninga med å gripe an både lærarkultur, studentkultur, undervisingsleiing og samfunnskontakt, seier Vigdis Vandvik.

I arbeidet med søknaden la dei vekt på ha ein klar plan for korleis organiseringa skulle vere. Senteret skal famne om alle som held til på instituttet.

– Vi involverer alle grupper av tilsette. Og vi har hatt studentar med på å skrive søknaden. Utan at studentane tek eigarskap, går det ikkje, seier Vigdis Vandvik. 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed