Smått med pengar til nano

Publisert:22. november 2013Oppdatert:22. november 2013, 08:42
I biletet til venstre er cellene ikkje eksponerte for nanopartiklar. Cellene i biletet til høgre er eksponerte for nanopartiklar av titandioksid, og dei viser teikn på regulert celledaud, eller apoptose. Dette er ein regulert type celledød som kroppen bruker for å bli kvitt celler som er skadde på ulike måtar. Foto: T. Mordal

Du har dei i deg, du smører dei på deg. Dei er overalt, men usynlege. Men når er nanopartiklar farlege? Det vil Mihaela Cimpan og kollegaene finne ut av. Men å få finansiert forskinga er ikkje lett.

I tennene dine har du plastfyllingar med nanopartiklar i. Dei er i regnjakken din, solkremen, malingen på huset ditt og impregneringa av golvet ditt. Forskinga på nanomateriale og bruken av dei har tatt av, og er høgt prioritert blant løyvande styresmakter. Men forsking på skadelege effektar held ikkje følgje. Ved UiB vil førsteamanuensis Mihaela Roxana Cimpan (biletet) og kollegaene vere med på å finne ut når dei er farlege for menneske.

Mihaela Roxana Cimpan. Foto: Dag Hellesund

Kan få celler til å døy
– Laboratoriestudiar viser at dei små partiklane kan trenge inn i cellene, fortel Cimpan.

Mens biletet til over til venstre viser friske celler som ikkje har vore eksponert for nanopartiklar, viser det til høgre celler eksponert i 24 timer for 0.5 mg/L titandioksid på nano-storleik. Titandioksiden kan sjåast som kvite prikkar. Prikkane har forkjellig storleik fordi nanopartiklar av titandioksid har ein tendens til å danne agglomerat. 

– Nokre av cellene som er eksponert for nano-titandioksid viser teikn på ein ein type celledaud som heiter apoptose. Det er ein regulert celledaud som kroppen bruker for å bli kvitt celler som er skadde på ulike måtar, seier Cimpan.

Grensesetjing
Men forskarane veit for lite om kor grensene går for ulike typar nanomateriale.

– Vi må vite når skader på celler og kropp byrjar, og når det er trygt å bruke nanomateriale. Vi ønskjer ikkje at nanopartiklar skal påføre verda skader, slik det har skjedd med klimaet. Vi ønskjer heller å hjelpe industrien til å utvikle trygge produkt, seier ho til På Høyden.

17. oktober var Institutt for klinisk odontologi ved UiB vertskap for eit arbeidsmøte for NANoREG, som er EUs Flagship FP7-prosjekt for testing av effektar av nanomateriale på helse og miljø. Resultata skal bidra til å utvikle reglar for sikker produksjon og bruk av nanopartiklar.

Blir lovgrunnlag
- NANoREG skal levere dei svara som regulatorar og lovgivarar treng når det gjeld helse, miljø og tryggleik knytt til nanomateriale. Desse svara skal koblast til ei vitskapleg vurdering av data og testmetoder, fortel Cimpan.

Ho høyrer til gruppa for biomateriale ved institutt for klinisk odontologi ved UiB.

– Vår del av NANoREG vil mellom anna vere å teste fleire av dei biologiske effektane av desse partiklane, og dataa våre vil gå inn i ein stor database som skal brukast for å svare på regulatoriske spørsmål, fortel ho.

Døydde i Kina
I 2008 blei det slått alarm i Kina etter at sju kvinner blei sjuke etter å ha jobba med spraymaling med nanopartiklar i eit dårleg ventilert fabrikklokale. To av kvinnene døydde, og kinesiske forskarar melde at nanopartiklar var observerte inni celler i lungene. Men kvinnene var òg utsette for andre miljøskadelege stoff, og leiande ekspertar på området har konkludert med at dei like gjerne kan ha døydd av nokre av dei andre stoffa dei var eksponerte for.

Metodeutvikling
Arbeidet som no blir gjort på området handlar mykje om å etablere gode metoder for testing av biologiske effektar av nanomateriale. I Bergen jobbar ein mellom anna med metodar som bruker elektrisk impedans for å sjå på utviklinga av celler eksponert for nanopartiklar.

– Vi utviklar og ein annan metode, der vi kan eksponere celler eller vev på ein annan måte, som liknar meir på slik det skjer i verkelegheita. Til dette bruker vi e-beam-laboratoriet på gruppen for nanofysikk. Målet er å utvikle raske, kostnadseffektive og pålitelege metodar som kan evaluere biologiske effektar av nanopartiklar.

Treng eigne reglar
Seksjon for biomateriale ved Institutt for klinisk odontologi samarbeider og med dei andre gruppene på UiB som jobbar med nanopartiklar.

– Helse og tryggleik har ikkje fått like mykje fokus som utvikling av nye nanomateriale, fortel Cimpan. NANoREG er så langt finansiert med 38,5 millionar euro, fordelt på alle landa som deltek.

– Vi treng reglar som gjeld spesifikt for nanomateriale. I dag bruker ein reach-reglane, som gjeld for kjemiske stoff, seier Cimpan.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed