På jakt etter dei aller beste

Publisert:1. november 2013Oppdatert:1. november 2013, 08:49
Professor Nils Erik Gilhus leiar komiteen som har fått i oppgåve å arbeida fram forslag til nytt reglement for vitskapeleg tilsette. Foto: Hilde Kristin Strand

Ei tydelegare rollefordeling skal gjera det lettare å sikra at UiB får dei aller beste kandidatane. Det seier professor Nils Erik Gilhus, som leiar arbeidet med å laga nytt reglement for tilsetjing i vitskapelege stillingar.

– Den viktigaste rettesnora vår er å sikra at UiB får dei aller beste kandidatane. Kvaliteten og omdømmet vårt er knytt til dei tilsette, og dei vitskapeleg tilsette har ei nøkkelrolle her.

Det seier Nils Erik Gilhus. Han er professor og instituttleiar ved Klinisk institutt 1, og leiar no komiteen som har fått i oppdrag å sjå på reglement for vitskapeleg tilsette ved UiB.

Kva kan verta betre?
I vår kom det eit forslag frå rektor og universitetsdirektør som mellom anna sa at det ikkje lenger er instituttleiar, men instituttråd, som skal kunne koma med innstilling i tilsetjingssaker. Saka skulle etter planen handsamast i universitetsstyret i juni, men etter at fleire av fakulteta kom med svært tydelege tilbakemeldingar, vart saka trekt.

– Utgangspunktet for arbeidet vårt er det gjeldande regelverket, og me ser på kva som er bra med det og kva som kan verta betre. Samstundes ser me grundig på både forslaget som vart fremja i vår og på høyringsuttalane som kom, seier Gilhus.

Han sit i komiteen saman med professor Tove Ingebjørg Fjell, personalsjef Astrid Breivik, prodekan Inger Hilde Nordhus, postdoktor Brita Ytre-Arne og professor Steinar Vagstad. Innan 1. mars skal gruppa levera eit forslag, men Gilhus seier at målet er å levera noko før det.

Vil ha tydelege roller
– Me meiner at det er viktig med ei endå tydelegare rollefordeling enn ein har i dag, seier Gilhus.

– Ein må gjera den vitskapelege komiteen si oppgåve tydeleg.  Dei skal sjå på den vitskapelege kvaliteten, medan dei som skal innstilla og tilsetja òg må sjå på mellom anna personleg eignaheit, korleis søkjaren gjer det på intervju og referansar. Det kan vera viktig å ta omsyn til forhold utover vitskapeleg kvalitet, til dømes mangfald, personleg eignaheit og strategi. Dersom ein berre skal telja publikasjonspoeng, vil ein 35-åring stort sett alltid tapa mot ein søkjar på 60.

Gilhus trekkjer fram undervisningserfaring som noko kan vera vanskeleg for den vitskapelege komiteane å seia noko om.

– Å dømma kompetansen og rangera søkjarane er ei rimeleg grei oppgåve for trente personar. Men det er likevel krevjande å finna den personen ein ønskjer å tilsetja.

Komiteen er bedne om å både sjå på innstegsstillingar og på mellombelse stillingar. Gilhus seier at det er utfordringar knytt til desse stillingstypane, og at det er noko gruppa har begynt å diskutera, men at ein ikkje har konkludert.

– Ein kan heller ikkje forventa at denne komiteen skal løysa desse store problemstillingane åleine, seier komiteleiaren.

Vil ha ein raskare prosess
I dag kan det ta lang tid å få tilsett nokon ved UiB. På Høyden har tidlegare skrive at nokre av fakulteta ligg an til store overføringar til neste år – fordi lønsmidlar vert liggande ubrukt.

Gilhus seier at tilsetjingsprosessane bør gå raskare enn i dag, og at viktigare enn løn er at ein kan mista gode kandidatar.

– Det er personar UiB ville tilsett, men som ikkje er tilsette fordi prosessane tok for lang tid, seier han.

– Kva er det som tek for lang tid?

– Det er heile pakken, og det gjeld heile organisasjonen. Ingen gjer det godt nok per i dag. Ein har allereie tidsfristar, men spørsmålet er om dei er rette – og om dei vert følgt opp, seier Gilhus.

Han nemner økonomiske incentiv som ein måte å få dei ulike einingane til å vera flinkare til å ikkje bruka for lang tid.

I fjor var fleire tilsetjingssaker debattert, og mellom anna spørsmålet om openheit kom fram. No er komiteen bedne om å sjå på nettopp dette.

– Det er viktig med opne prosessar i tilsetjingssaker, og det er endå viktigare at prosessen er transperent dersom saka skal gå raskt og effektivt. Men samstundes er det viktig å ta omsyn til personvernet, seier Gilhus, og legg til at i spørsmålet om openheit har komiteen så langt ikkje konkludert.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed