– Kva skal eg seia, eigentleg?

Publisert:15. november 2013Oppdatert:15. november 2013, 14:19
Bjørn K. Danbolt, Anna Gjertsen og Anders Veggeland (delvis skjult) er tre av studentleiarane som den siste veka har jobba hardt for å få studiestøtte i 11 månader inn att i statsbudsjettet. Fredag føremiddag fekk dei svaret: Nei. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Det vert ikkje studiestøtte i 11 månader i 2014. Bjørn Danbolt er likevel nøgd med at saka om heiltidsstudenten no skal greiast ut.

Studiestøtta vert ikkje auka neste år, og det vert heller ikkje innført støtte i 11 månader. Det meldte regjeringspartia saman med KrF og Venstre. Statsbudsjettet for 2014 vart presentert fredag føremiddag, etter forhandlingar heile veka.

– Kva skal eg seia, eigentleg, seier Bjørn K. Danbolt, som leiar Studentparlamentet ved UiB.

– Me hadde håpa på studiestøtte i 11 månader, og har pressa på for det. Men det er i alle fall bra at det no er sagt at å få tilbake heiltidsstudenten er noko som skal greiast ut.

Nøgde med innsatsen
I dei raud-grøne sitt forslag til statsbudsjett låg det inne studiestøtte i 11 månader. Dette var tatt vekk då Høgre og Frp presenterte sitt framlegg. Studentar frå heile landet har den siste veka jobba hardt for å få inn att støtta i budsjettet.

Tidlegare denne veka hadde studentleiarane i Bergen møte med politikarane Erlend Horn (V) og Filip Rygg (KrF). Politikarane var samde med studentane i at dette er ei viktig sak, og lova å ta innspela vidare til partikollegane på Stortinget. Samstundes sa Rygg at dette ikkje var ei sak som kom til å velta eit heilt budsjett.

– Me er nøgde med KrF og venstre sin innsats. Det er ikkje så lett å ha til saman ti prosent oppslutnad når Høgre og Frp er så mykje større, seier Danbolt.

– Eg trur ikkje partia hadde kjempa så hardt for studiestøtte dersom studentane ikkje hadde pressa på. Men samstundes ser me at partia har mange andre dei òg må jobba for. Me er glade for at saka vart løfta inn i forhandlingane.

Håpar på neste år
– Eg er usikker på om studentrørsla kunne gjort meir, eg trur ikkje det. Me har gjort det me kunne – me har hatt lite tid, seier Anna Gjertsen, som leiar Velferdstinget.

– For å vera ærleg, så synest eg me har vore dritflinke. Me har vist at me er ei samla rørsle og at me er ressurssterke, og me har fått fram at dette er ei sak som betyr noko for alle norske studentar.

Danbolt håpar saka vil koma opp att neste år.

– Då er det dei borgarlege partia som skal laga budsjettet heilt frå botnen av, så eg meiner at sjansen for å få inn studiestøtte i 11 månader då bør vera god.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed