Kva er grovt fusk og kva er mindre grovt?

Publisert:29. november 2013Oppdatert:29. november 2013, 15:35
To jusstudentar har varsla sak mot Staten etter at dei vart stengt ute frå Det juridiske fakultetet. Den første saka starta i Oslo tingrett denne veka. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Ein tidlegare jusstudent og UiB møtte kvarandre i Oslo tingrett i går. Studenten vart utestengt etter at bokkontrollen fann eit notatark på pulten hans. – No får me ei avklaring, seier dekan Asbjørn Strandbakken.

Dekan Asbjørn Strandbakken ser fram til å få ei avklaring. Han seier at sakene om utestenging etter bokkontroll har mange spørsmål i seg. Arkivfoto: Dag Hellesund

– Fusk har eit vidt omfang, ein har milde og grove former. Eg meiner at ein skal kunne bruka utestenging som sanksjon i grove saker. Men eg har vore kritisk til bruk av utestenging i nokre saker der eg meiner at ein snakkar om nedre sjikt av fusk.

Det seier Asbjørn Strandbakken, dekan ved Det juridiske fakultetet. I går møtte ein tidlegare jusstudent UiB i Oslo tingrett. Under bokkontrollen, som skjer før eksamensoppgåvene vert delte ut, vart det oppdaga eit notat på studenten sin pult. Ein skal berre ha lovlege hjelpemiddel framme under denne kontrollen.

– Manglande eigenkontroll
På Høyden har tidlegare skrive om ei liknande sak. Klagenemnda konkluderte med det same i begge sakene: Dette er grovt uaktsomt, og i tillegg til å få eksamen annullert, vart studenten stengt ute.

I den aktuelle saka skriv klagenemnda ved UiB at «nemnda kan ikke se at studenten har foretatt noen kontroll av pulten før han forlot lokalet og bokkontrollen ble gjennomført. Nemnda uttaler at manglende egenkontroll her vurderes som grovt uaktsomt og legger til grunn at den ikke finner det tvilsomt at studenten ikke har utvist tilstrekkelig aktsomhet».

Advokat Per Danielsen, som representerer studenten, er ikkje samd. Til E24 seier han at han sjølvsagt er samd i at ein må passa på å få fjerna dei hjelpemidla som ein ikkje har lov å ha med, men at han ikkje vil kalla det grovt uaktsomt å legga att eit notatark som er så godt synleg at det er openbert at det må vera gløymt att.

Når byrjar eksamen?
– Det er mange spørsmål i denne saka. Det eine er om dette er grovt uaktsomt. Det andre er reaksjonen, og det tredje er om ein har heimel til å seia at eksamen har byrja når bokkotrollen byrjar, seier Strandbakken.

Danielsen meiner at eksamen ikkje har begynt før oppgåvene vert delt ut.

– Det hadde opplagt vore ei heilt anna saka dersom studenten hadde hatt tilgang til notatet etter å ha fått eksamensoppgåva, seier han til E24.

Strandbakken ser fram til å få ei avklaring.

– Kva gjer det med UiB og fakultetet sitt omdøme at det no er varsla at to slike saker kjem opp i retten?

– Det synest eg er heilt uproblematisk. Dersom ein er usamd i eit vedtak som er fatta av ei offentleg styresmakt, skal ein få høve til å få saka opp i domstolane. Me meiner at me innanfor dagens regelverk kan nytta dei sanksjonane som er gjort i desse sakene, men det er gunstig at domsstolane no avgjer.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed