Ikkje bit på denne

Publisert:25. november 2013Oppdatert:26. november 2013, 12:13

Om du skulle vere i tvil: Ikkje oppgi kontoinformasjonen din om du har fått denne eposten. Éin brukar har allereie fått sperra kontoen sin i dag.

– Det er stadig vekk folk som bit på, men vi prøvar å stoppe dei, fortel senioringeniør Hans Morten Kind.

Dersom du oppgir kontoinformasjonen vil svindlarane bruke di adresse til å lure andre.

Mest uroleg for IT
– Oftast vil dei misbruke våre epostserverar til å sende ut meir spam, men då blir dei fort stoppa, fortel Kind. Men dei kan og opptre meir varsamt og til dømes stele dokumenta våre utan at IT-avdelinga oppdager det.

– Så ein treng ikkje å vere urolege for bankkontoen sin om ein gir frå seg brukarnamn og passord til eposten?

– Vi er meir urolege for IT-ressursane enn for pengane til folk. Om nokon har lyst til å sende pengar til svindlarar får det vere opp til dei, seier Kind.

Storparten av epost kjem aldri fram
Mengda av spam og svindel-epost er omfattande, men det meste når aldri fram til brukarane.

– Vi reknar med at 70 til 80 prosent av all epost som blir send blir avvist før han når brukaren, seier Kind.

På UiB kan folk sjølv gå gjennom den avviste eposten sin ved å gå inn på adressa tjinfo.uib.no.

Varierer mykje
Kind har jobba med internett og epost frå første dagen UiB blei kopla til nettet, i 1985.

– Å avvise spam har vi jobba med heilt sidan 90-talet. Frå 1985 til 1992-93 var det berre akademikarar som hadde tilgang til nettet. Då var det ikkje spam. No har vi meir arbeid med å stoppe epost enn å få han fram, seier senioringeniøren.  

Han har vore borti opptil 4000 avviste meldingar til ein konto i løpet av eit døger.

– Men det er store variasjonar. Ein ny konto vil til dømes ikkje pådra seg like mykje spam.

Konferansesvindel
Invitasjonar til konferansar og vitskaplege tidsskrift kan i somme tilfeller være svindel.  

– Men her er vi fort i eit grenseland. For nokre kan dette virke som svindel og bedrag, og vere eit irritasjonsmoment. Men vi på IT-avdelingen kan ikkje vite kva som er reelt og kva som ikkje er det, seier Kind.

Difor kan det og hende at ein del epost hamnar i spamfilteret, sjølv om han ikkje skulle ha vore der.

– Vi har over 30 000 brukarkontoar på serverane våre. Vi kan ikkje sitje og kontrollere einskildmeldingar. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed