Venstre-topp blir Olsen si høgre hand

Publisert:25. oktober 2013Oppdatert:28. oktober 2013, 11:17
Rett frå mastergrad til Muséplass: Venstre-politikar Erlend Horn er klar for å dele sine råd med rektoratet. (Foto: Ida Bergstrøm)

– Eg tør gje råd, seier Erlend Horn. Etter nyttår startar han som rådgjevar for rektor Dag Rune Olsen.

Erlend Horn (26) var i frivillig-staben til Team Olsen under valkampen. No blir han rådgjevar for Dag Rune Olsen.

For tida har han eit vikariat som gruppeleiar for Venstre i bystyret. Samtidig ferdigstiller han ein master ved UiB. Like over nyttår vil Erlend Horn vere å finne i kontora på Muséplass 1.

– Då eg fekk spørsmålet var eg ikkje i tvil. Eg sa ja der og då, seier Erlend Horn til På Høyden.

Taleskriving og strategiske råd
– Dette kan samanliknast med å vere ein politisk rådgjeva for ein byråd. Eg skal vere til service for rektoratet, og gjere det dei har behov for at eg gjer. I samtalane eg har hatt med rektoratet har dei signalisert at både mediestrategi og taleskriving blir sentrale arbeidsoppgåver, seier Erlend Horn til På Høyden.

– Har du fått signal om kvifor du har blitt headhunta? Her er det lov å snakke om seg sjølv i rosande ordelag.

– Her må du nesten spørje dei som har spurd meg. Eg har arbeidd lenge politisk i Venstre. Eg har også vore i ei aktiv kampanjerolle, ein aksjon som heiter Bevar Hardanger. Difor har eg kunnskap om korleis ein arbeider profilmessig. Eg har også vore lenge i studentdemokratiet.

Erlend Horn har leia Hordaland Unge Venstre. I forkant av stortingsvalet i 2009 var han valkamprådgjevar for Hordaland Venstre. Han har også vore Studentparlamentsrepresentant for Liberal Liste.

 – Med med erfaringane eg har gjort meg i bystyret og studentpolitikken vil eg forsøke å bidra til at rektoratet skal vere ein god samarbeidspartnar. Eg vil også ha ein rådgjevande funksjon i førebuinga av saker som skal opp i Universitetsstyret, seier Erlend Horn til På Høyden.

«Narkonerd»
– På Twitter presenterer du deg blant anna som «narkonerd». UiB er nær nabo til Nygårdsparken. Kva råd vil du gje om UiB sitt forhold til rusproblematikken i parken?

– I bystyret har eg engasjert meg for parken. Eg sit no i sluttspurten med ein masteroppgåve i samanliknande politikk der eg blant anna ser på narkotikapolitikken i Sveits og Norge. Her vil eg vere ryddig på kva som er og har vore mine ulike rollar. Sjølv meiner eg at brukarrom må vere ein del av ei heilskapleg løysing.

At rektorkandidat Dag Rune Olsen valde å også meine noko om UiB sitt forhold til den heilt lokale omverda er ein av hovudgrunnane til at Erlend Horn valte å støtte Team Olsen.

– Som leiar for ein kunnskapsinstitusjon ville han stille kompetanse til teneste. Han tok konkret ansvar for kva UiB si rolle i nærmiljøet skal vere, seier Erlend Horn til På Høyden.

Langsiktig perspektiv på oppgåva
Erlend Horn er tilsett i eit engasjement frå 01.01.14 til 30.06.2014. Han stadfestar at han er tilsett som førstekonsulent i lønstrinn 58, eller 481 900 kroner i året.

– Personleg har eg eit langsiktig perspektiv på dette. Eg vil gjerne bidra med å arbeide for UiB i lang tid framover. Begge sider er innstilte på at det kan vere høve for forlenging. Då vil det i så fall verte ein utlysingsprosess, seier Erlend Horn.

– Kva utfordringar ventar du å møte?

– Eg kjem til å jobbe med ei gruppe ekstremt kompetente akademikarar. Dei har milevis meir av innsikt og erfaring i akademia enn eg med min master kan skilte med. Å sette meg inn i kompliserte prosessar på UiB, kan bli utfordrande. Eg er audmjuk overfor oppgåva. UiB er ein kompetent og viktig institusjon, og det opplevast meiningsfullt å få jobbe med politikk på denne måten. Eg er klar over mine styrkar og svakheiter, og vil gjere det eg kan for å skaffe meg kompetansen som trengs, seier Erlend Horn.  

Etter at intervjuet er avslutta sender Erlend Horn ein epost, der han skriv følgjande:  

«Ein rask annan ting eg berre vil understreke: Dersom det dukkar opp saker i bystyret som handlar om UiB på ein måte som skulle stille habiliteten min i tvil, vil eg sjølvsagt be om å få habiliteten vurdert. Det er alltid betre å be om ein habilitetsvurdering for mykje enn ein for lite.»

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed