– Samfunnsfaga si rolle er undervurdert

Publisert:22. oktober 2013Oppdatert:22. oktober 2013, 08:57
Den nye faglege leiinga ved SV-fakultetet, frå venstre visedekan Knut Hidle, prodekan Annelin Eriksen og dekan Knut Helland, er opptekne av samfunnsfaga si rolle. – Me må visa kva kompetanse me representerer og korleis kompetansen kan brukast. Men me skal ikkje verta ein yrkesskule, understrekar Helland. Foto: Hilde Kristin Strand

– Kven skal leia alle ingeniørane, spør SV-dekan Knut Helland. Han er oppteken av å visa kva kompetanse som finst ved fakultetet.

Nokre studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet møter allereie arbeidslivet gjennom praksisemne. No er målet at fleire skal få sjansen. Ordningar for praksisemne og –analyse er eitt av punkta i det nye dekanatet sitt program.

Knut Helland, professor i medievitskap, vart som kjent attvald som dekan i juni. Med på laget har han Annelin Eriksen, professor i sosialantropologi, som prodekan, og Knut Hidle, førsteamanuensis i geografi, som visedekan.

Analytiske evner
– Det er to ting studentane ved fakultetet har omtalt som legendariske. Det eine er ordninga med praksisplassar, det andre er arbeidslivspanelet, seier Helland.

Arbeidslivspanelet vart oppretta i 2011, og målet var å finna ut korleis studentar frå fakultetet vart mottekne i arbeidslivet. I panelet sit både representantar frå fakultetet og studentane , i tillegg til ulike verksemder.

– Me tenkjer at gjennom praksisemne får studentane vist dei analytiske evnene sine. Det er ikkje slik at me ønskjer heilt skreddarsydde praksisplassar, men me ønskjer å gi studentane nokre utfordringar, seier Hidle.

– Det handlar om å visa kva kompetanse me representerer og visa korleis denne kan brukast. Me opplever at studentane våre har ein kompetanse verksemdene ønskjer seg – men verksemdene veit ikkje heilt at kompetansen finst, supplerer Helland.

– Manglande kulturkunnskap
I den nye regjeringa si plattform, som dei presenterte saman med Venstre og KrF, seier dei fire partia noko om vegen vidare for både forsking og høgare utdanning. HF-dekan Margareth Hagen var ikkje utan vidare berre nøgd då plattforma vart kjent. Ho sa at det neppe er HF som kjem til å få mest pengar.

– Samfunnsfaga si rolle er undervurdert, seier Helland.

– Kven skal til dømes leia ingeniørane i gode organisasjonar?

Dekanen viser til saker som terroraksjonen på Statoil sitt anlegg i In Amenas og 22. juli.

– I begge desse sakene er det samfunnsvitskapelege problemstillingar. Det handlar om organisering, ikkje om teknologi. Saka i In Amenas viser til dømes manglande kulturkunnskap, og det kan verta øydeleggande for ei verksemd.

Kurs for UiB og UCL
I fjor vart det reaksjonar då Forskingsrådet slo saman to av kategoriane i fri prosjektstøtte, slik at HF- og SV-forskarar no kjempar om dei same pengane i potten frihumsam. Men Eriksen meiner at det finst lyspunkt.

– Eg var nyleg på ein stor konferanse om Horizon 2020. I det nye forskingsprogrammet vil EU ha samfunnsvitskap inn på alle nivå. Dei snakkar om sju utfordringar det kjem til å verta lyst ut midlar knytt til, til dømes grøn transport. Då er det sagt at dei ikkje ønskjer berre ingeniørar og teknologar. Dette er ganske radikale signal, seier Eriksen.

– Me er opptekne av at kunnskapsproduksjonen skjer i møtepunkt mellom dei ulike faga. Me er klar over det trykket som er på realfag i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Vår utfordring vert å kommunisera kva rolle SV-faga har og spelar, seier Hidle.

SV er fakultetet som har flest primærsøkjarar. Studentane vert òg verande – og dei flinkaste tek doktorgrad. Men den faglege leiinga ønskjer å legga til rette for flinke, unge forskarar. Då meiner dei at internasjonalisering og internasjonale nettverk er viktig.

– Internasjonalisering er viktig i alt me gjer. Men me skal no i gang med eit pilotprosjekt knytt til forskarutdanninga, der forskarar frå sosialantropologi ved UiB og frå University College London skal få tilbod om same kurs. Dette skal vera ein stad der ph.d-kandidatar skal treffast, seier Eriksen, men understrekar at prosjektet ikkje har funne si endelege form.

Kva med Mooc?
I plattforma vert òg mellom anna kvalitet, kommunikasjon, rekrutteringspolitikk og formidling nemnt. Dekanatet vil oppretta ulike prisar, dei meiner at fakultetet skal ligga langt framme i bruk av digitale kommunikasjonsmidlar, og dei vil vidareutvikla moglegheitene for gode fagelge prosessar på tvers av fagmiljøa. Leiarane er òg opptekne at medieklynga, Media City Bergen, skal verta etablert på ein god måte.

– Me må òg mellom anna drøfta kva me gjer med Moocs, seier Hidle.

Dei opne, gratis nettstudia byrjar å få fotfeste, òg i Noreg. Mooc står for massive, open online course, og all undervisning går føre seg via Internett.

– Mooc vil gi både institusjonen og undervisningsformene våre nokre utfordringar. Kva me gjer med Mooc, er noko me heilt klart må drøfta, seier Hidle.

Helland er oppteken av at både universitetet og fakultetet må ligga i forkant.

– Universiteta har eit spesielt ansvar for grunnforsking, altså for utvikling av både teori og metode. Me veit ikkje kva som er gode løysingar om fem år – det er til dømes om lag tre år sidan det byrja å verta vanleg med nettbrett, illustrerer han.

Difor meiner Helland at fakultetet må jobba med og legga til rette for at ein har den grunnleggande kompetansen når kompetansen trengs.

– Me må ikkje tømma barnet ut med badevatnet.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed