Reagerer på rådgivar

Publisert:31. oktober 2013Oppdatert:1. november 2013, 08:49
Fagforeiningane reagerer på at det er tilsett ein ny rådgivar ved rektor sitt kontor utan at stillinga har vore lyst ut. Foto: Ida W. Bergstrøm

– Lønsnivået til rektor sin personlege rådgivar er unormalt høgt, seier Randi Heimvik frå Parat. No vil fagforeininga ha tilsetjinga opp i forhandlingsutvalet.

Randi Heimvik frå Parat seier at ho ikkje har visst noko om at rektor har tilsett ein rådgivar. Fagforeininga går gjennom alle stillingar som vert lyst ut ved UiB. Arkivfoto: privat
Jørgen Melve frå NTL seier at fagforeininga merkar seg at løna til rektor sin rådgivar er plassert høgt. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

– Rektor er valt for fire år. Det er rart at han berre treng rådgivar i eit halvt år, seier Randi Heimvik.

Ho leiar Parat ved UiB, og er ein av fleire fagforeiningsleiarar som reagerer på at rektor Dag Rune Olsen har tilsett ein rådgivar utan at stillinga har vore lyst ut. På Høyden skreiv fredag at Venstre-politikar og sampolstudent Erlend Horn (26) er tilsett i eit seks månaders engasjement frå nyttår.

– Er dette klokt?
– Engasjementet er under ni månader. Då er det lov å ikkje lysa ut – men kva som er klokt, er ei anna sak.

Det seier Jørgen Melve, som er leiar for NTL ved UiB.

– Dette er ikkje formelt ukorrekt. Men me meiner prinsipielt at nye stillingar skal lysast ut og plasserast i eit lønstrinn som vert oppfatta som vanleg ut frå utdanningsbakgrunn og ansiennitet, seier Hans-Petter Isaksen.

Han leiar Forskerforbundets foreining for teknisk/administrativt personale (FFTA) ved UiB.

– Ukloke signal
Heimvik reagerer på løna til den unge rådgivaren. Han er plassert i lønstrinn 58 – som er det høgste ein kan ha som førstekonsulent.

– Eg synest dette er unormalt høgt, og det sender litt ukloke signal. Det er ikkje ein god prosess når nokon kjem inn frå utsida og får høgare løn enn dei som skal læra vedkomande opp, seier ho.

Heimvik seier samstundes at det alltid er vanskeleg å finna rett lønsplassering. Dersom ein alltid skal tilsetja på lågast moglege lønsnivå, vil dette ikkje føra til nokon lønsvekst for nokon.

– For store avvik frå lønsnorma kan føra til reaksjonar internt, seier Isaksen.

– Me merkar oss at løna er plassert høgt. Det er sjeldan at nokon ved UiB er plassert høgare enn noko som helst. Men samstundes kunne ein jo her ha valt ein annan stillingstittel, seier Melve.

Vil ta saka opp
Heimvik seier at Parat vil ta saka opp i forhandlingsutvalet.

– Eg vil høyra kva dette er for noko. Eg vil tru at behovet for denne stillinga varer lenger enn eit halvt år, seier ho.

Melve meiner at det hadde vore tid nok til å lysa stillinga ut. Han er oppteken av at dersom engasjementet skal forlengast, må det lysast ut.

– Men ved å lysa ut i etterkant vil ein kanskje ikkje få den same breidden i søkjarar.

Isaksen opnar for at ein kan headhunta til ei slik stilling – sjølv om han prinsipielt meiner at alle stillingar skal lysast ut.

– Eg ser at denne stillinga skil seg frå andre administrative stillingar. Ein stilling som personleg rådgivar har ein litt annan karakter. Det betyr at det kan vera rom for å headhunta til slike stillingar – ein kan i alle fall diskutera det.

Rektor lovar å lysa ut
Stillinga vil verta lyst ut, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Eg vart merksam på denne unge mannen i valkampen. No er han engasjert for ein kortare periode, slik at me kan sjå om dette er noko å bygga vidare på. Dersom det vert aktuelt med fast stilling skal denne lysast ut. Det er begge partar innstilte på, seier Olsen.

– Og dersom stillinga vert forlenga, vert ikkje dette noko skreddarsaum. Han må søkja som alle andre.

– Kvifor har ein så ung mann fått så høg løn?

– Fordi han kjem frå ein langt betre betalt stilling i kommunen, seier Olsen.

Rektor seier at personlege eigenskapar er viktige i denne jobben.

– Den som får denne jobben skal kunne skriva talar og laga kronikkutkast som er i tråd med rektor sine tankar.

– Skjønar du at fagforeiningane reagerer?

– Ja, det er deira rolle å passa på. Eg har sjølv vore tillitsvalt, sjølv om det no er lenge sidan.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed