Og namnet blir…

Publisert:1. oktober 2013Oppdatert:1. oktober 2013, 11:33
Bjørn Erik Andersen foreslo å halde fram med På Høyden, og vann difor ein iPad Mini.

Det kom inn mange, gode namneforslag til På Høyden. Men avisa er og blir På Høyden, som frå i dag av finst i ny drakt.

Vaktuglen, Blekksprut, Bubo, Uglenytt og UiB At The Peak var blant forslaga som kom inn i namnekonkurransen tidlegare i år. Men På Høyden-styret kom fram til at ingen av dei var betre enn det eksisterande namnet.

Ekskluderande
Bakgrunnen for konkurransen er at På Høyden kan opplevast ekskluderande for dei delane av universitetet som ikkje ligg på Nygårdshøyden, at namnet ikkje er intuitivt forståeleg for utanforståande, og at det heller ikkje er særleg lett å skjøne utanlands.

Æ ø å
Men namn med å og ø i kan og vere ei styrke i utlandet, og gjere det lettare å bli lagt merke til gjerne med ein undertittel som til dømes Bergen University News. Vidare er På Høyden svært godt innarbeidd i universitetsmiljøet, og kjend utanfor kommunegrensene i ein del miljø. Faktisk har ein tredel av På Høyden-lesarane det siste året vore utanfor Bergen.

Andersen vann iPad
Bjørn Erik Andersen ved forskingsadministrativ avdeling foreslo å halde fram som På Høyden, eventuelt om UiB På Høyden, og eventuelt UiB At The Peak på engelsk. Dermed la han seg tett opptil det som blei konklusjonen til styret, og får difor ein iPad Mini.

Betre debatt
Nye På Høyden blir lansert i dag klokka 1430, og den gamle utgåva blir då fjerna frå nettet. Det vil variere når endringa blir synleg rundt i verda, då ein del data må oppdaterast rundt på ulike serverar. Men det gamel innhaldet er allereie overført til ei ny, moderne nettavis. Den er tilpassa ulike plattformar, slik at du kan lese På Høyden på lesebrett og mobile plattformar. Det er og tilrettelagt langt betre for debatt, mellom anna med leserkommentarar og ei større vekting av debattinnlegg på framsida.

Kan leggje inn meldingar
Lesarane kan og delta på andre måtar: Det er muleg for alle å leggje inn meldingar om folk som er nye i jobben, får prisar, har jubileum og andre små og store hendingar i livet. Det same gjeld meldingar om nye bøker skrivne av UiB-folk. Slike meldingar går til redaksjonen for godkjenning før dei blir publiserte. Vi har òg planar om eit meldingsfelt for folk som arrangerer konferansar, eller har andre viktige meldingar.

Bergen i verda
At UiB er eit internasjonalt universitet vil og bli synleggjort: Saker frå andre stader enn Bergen vil bli plotta inn på eit verdskart, slik at folk kan sjå etter saker geografisk. På Høyden-redaksjonen har òg foreslått å lage ei engelsk utgåve, særleg retta mot utanlandske tilsette og studentar. Dersom forslaget blir vedtatt i universitetsstyret, vil det kunne komme eit tilbod til denne gruppa i løpet av 2013.

Del gleda med oss
Vi reknar med ein del feil i starten, og er takksame for tilbakemeldingar om ting som ikkje fungerer, eller kan gjerast endå betre. Men fremst av alt ønskjer vi å dele gleda over ei ny og framtidsretta nettavis med alle lesarane våre: Det er de som gjer På Høyden levande.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed