Mellomalder-eksporten

Publisert:11. oktober 2013Oppdatert:11. oktober 2013, 07:00
Kvernsteinbrotet i Hyllestad er nominert til Unesco si verdsarvliste. Ein ser tydeleg kor kvernsteinane vart henta.Foto: Riksantikvaren/Kim Søderstrøm og Jørgen Magnus

For tusen år sidan hamna kvernsteinar frå Hyllestad så langt unna som i Danmark. – Eg vart overraska over at eksporten var så organisert, seier arkeolog Irene Baug, som disputerer i dag.

Irene Baug disputerer i dag. Etter å ha skrive hovudoppgåve om steinbrotet i Hyllestad, sat ho att med så mange spørsmål at ho ville forska vidare. Foto: Hilde Kristin Strand

Allereie tidleg i vikingtida byrja produksjonen av kvernsteinar i Hyllestad. Utover i vikingtida og langt inn i mellomalderen auka produksjonen, og utvikla seg til meir storskalaproduksjon. Ein har funne kvernsteinar frå Hyllestad over store deler av Norden.

– Det går ei grense i Danmark. Dei sørlege delane av landet har fått sine kvernsteinar frå Tyskland, seier Irene Baug.

Ho er arkeolog og disputerer i dag med avhandlinga «Quarrying in Western norway – An archeaological study of production and distribution in the Viking period and the Middle Ages».

– Det ser ut til at det ikkje var bøndene som eigde steinbrota, men at dei var knytt til gods. Truleg var eigarane stormenn eller høvdingar, og dei har både organisert produksjonen og hatt kontaktar, seier Baug.

Ei slags verksemd
Forskaren seier at i vikingtida fekk ein både marknadsplassar og byar, og ein fekk handelsskip med lastekapasitet som gjorde fjernhandelen mogleg.

– Det overraska meg at eksporten var så organisert, seier Baug.

Saman med geologar har ho vitja museum i inn- og utland for å sjå på bergartane kvernsteinane – og òg baksteheller – er laga av.

– Dei hadde nærast små verksemder?

– Verksemd er jo eit svært moderne ord. Men ja, det var nokon som eigde og nokon som arbeidde der, og det var nok eit slags hierarki i steinbrotet. Me trur ikkje at dei som jobba fekk løn – truleg var det anten leiglendingar som hadde produksjon av kvernstein som ein del av det dei skulle produsera for å få bu på garden, eller trellar. Kanskje begge deler.

Kyrkja inn på eigarsida
I hovudoppgåva si skreiv Baug om steinbrotet i Hyllestad. Då ho gjekk laus på doktorgradsarbeidet, ville ho sjå på fleire steinbrot.

I Kvinnherad produserte ein baksteheller. Her byrja ikkje produksjonen før i mellomalderen.

– Me veit at ein allereie i tidleg jernalder hadde brød. Men då var det ofte noko rituelt knytt til brøda, og dei vart til dømes lagt ned i graver. Frå vikingtida inngjekk kvernene i det daglege hushaldet, og brødet vart ein viktig del av kosthaldet, fortel Baug.

Bakstehellene hamna òg mange andre stader enn i Kvinnherad. Folk både i noreg og på dei nordatlantiske øyane brukte bakstehellene – men i Sverige og Danmark er dei nesten fråverande. Det kan rett og slett henga saman med kva brødtradisjonar ein hadde.

I mellomalderen vart eigarskap endra. Kyrkja og klostera kom inn på eigarsida, og det finst døme på at kongen konfiskerte land, og slik òg steinbrot, og ga dei til dei kyrkjelege institusjonane. Samstundes byrja all handel å gå via Bergen, som vaks fram som by.

– Ein kan ikkje sjå på det som skjedde i og rundt steinbrota isolert frå resten av samfunnet, seier Baug.

Luksusvarer
Dei som levde i mellomalderen hadde myntar. Men pengar vart ikkje brukt i særleg grad – når baksteheller eller kvernsteinar vart selde, var det stort sett i byte mot andre varer. Det same skjedde når luksusvarene skulle seljast. I Hyllestad laga ein nemleg òg steinkrossar.

– Kvernsteinane vart masseproduserte, men krossane var bestillingsvare. Dette var ikkje for alle, seier Baug.

Kvifor krossane vart sett opp der ein finn dei, veit ein ikkje heilt. Dei skriftlege kjeldene er få.

– Ein finn nokre krossar på heidenske graver, så kanskje vart dette gjort for å kristna gravhaugen? Ein finn òg nokre langs seglingsleia, kanskje dette ein desse opp for å visa at ein koma til kriste land? Og så har ein krossar på tingstadane, som i Gulen, forklarar Baug.

Både i Hyllestad og Kvinnherad ser ein tydelege spor etter produksjonen som gjekk føre seg. Bergarten som vart brukt til baksteheller låg både under og over annan bergart, så ein kan finna gruver som går over 30 meter inn i fjellet.

Produksjonen av kvernsteinar heldt fram heilt til 1700-talet, men hadde minka frå seinmellomalderen.

– På 1600- og 1700-talet vart det meir produksjon av møllesteinar. Då ser det ut til at Hyllestad vart utkonkurrert av Selbu, seier Baug.

– På grunn av pris eller kvalitet?

– På denne tida byrja ein å bruka krutt i steinbrota. Kanskje var det ein hardare steintype i Selbu, som var betre eigna til møllesteinar enn steinane frå Hyllestad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed