Ingen felles plan mot fjusk

Publisert:23. oktober 2013Oppdatert:28. oktober 2013, 11:15
Studentane som plagierer, juksar og fabrikkerar er ikkje den største trusselen mot akademisk redelegheit. Trusselen frå ghost writers er større, meiner forskar.

Europeiske universitet står utan felles system for korleis plagiering og fjusk skal oppdagast og straffast. Dermed vert rettferd umogleg, seier forskar Irene Glendinning.

Irene Glendinning er forskar ved universitetet i Coventry i Storbritannia. Dei siste tre åra har ho undersøkt dei akademiske etiske standardane i EU. Ho rosar skaninaviske studentar sin gode kunnskap om kva som er god akademisk praksis og framferd. Foto: Coventry University

Irene Glendinning er forskar ved universitetet i Coventry. Ho har leia det EU-finansierte prosjektet «Impact of policies for plagiarism in higher education across Europe».

I studien såg forskarane på kva mekanismar dei ulike institusjonane har for å avdekke juks. Her vart også svar frå 5000 studentar, undervisarar og administrativt tilsette samanfatta.

Forskarane vurderte kva programvare institusjonane har for å avdekke plagiering, og kva reaksjon dei som juksar og plagierer blir møtt med. Var reglane konsistente? Lette å forstå? Var straffereaksjonen oppfatta som rimeleg?

Resultatet var ikkje oppløftande.  

Ingen sameinte nasjonar
– Ikkje i noko land i EU finst det eit felles system for å oppdage juks, fjusk og plagiering på bachelor- og masternivå, seier Irene Glendinning til På Høyden.

Dermed vert det også vanskeleg å arbeide etter ein felles standard.

I fleire land hadde forskarane venta å finne gode system for å avdekke juks, fjusk, forfalsking og plagiering.

– Men når institusjonane manglar klare rutinar for om og korleis dei skal reagere på akademisk uredelegheit, er det ingen sjanse for at slike system kan vere rettferdige og konsistente, seier Irene Glendinning.

Ho meiner ønsket om sjølvråderett over eigne interne forhold hindrar europeiske universitet i å arbeide fram ein felles strategi.
– Den klare tilbakemeldinga er at institusjonane ikkje ønskjer nasjonale system, ettersom dei vil halde på autonomien sin.

Plagierande forskarar er dårlege rollemodellar
– Kva overraska deg?
Mykje. Eg vart til dømes overraska over at studentar i fleire land, blant dei Frankrike, Belgia, Polen og Spania aksepterte plagiering. Samt at dei mangla ei klar forståing av kva det er som truar akademiske standardar for redelegheit.

Nokre land har utvikla digitale bankar for oppgåver, blant desse er Slovakia og Litauen. Her kan ein fange opp ein del tilfelle av plagiering. Svakheita til slike system er at dei manglar ein overordna og felles struktur, meiner forskaren.

– Der kor ein har rutinar og system, er tendensen er at ein i for stor grad stolar på desse, trass i dei openberre avgrensingane mykje av den lokalt utvikla programvara har, seier Irene Glendinning.

Irene Glendinning meiner mangelen på konsensus gjer at det etiske nivået varierer sterkt mellom ulike land. I nokre land, som til dømes Sverige og Tyskland, er det til dømes nødvendig å føre bevis for at fjusket var gjort med hensikt dersom det skal kunne straffast.

– I nokre land er det også akseptert at akademikarar driv både plagiering i eiga forsking og i undervisningsmateriell. Då er dei ikkje gode eksempel for studentane sine, seier Irene Glendinning.

Ingen tal frå Norge
Storbritannia kjem godt av undersøkinga. Dette kan dei takke effektiv forskingsleiing og gode system for, seier Irene Glendinning.

– Vi har også den klare fordelen av å ha eit breitt spekter av engelskspråklege kjelder tilgjengeleg.

Ettersom studien berre tok føre seg institusjonar i EU, var ikkje Norge med i studien.  

– Kva kan seiast om resultata i Skandinavia samanlikna med resten av EU?
– Det som er bra med Skandinavia er det høge utdanningsnivået og kunnskapen om kva som er god akademisk praksis og framferd. Sverige har eit konsistent og godt system for å føre fjuskesaker på institusjonsnivå. Men nokre respondentar skildra systema som byråkratiske og ute av proporsjonar når det kjem til mindre regelbrot.

Storjuksarane Penkowa og Stapel
– Har medvitet omkring etikk vorte større som følgje av Penkowa-saka og Stapel-skandalen?

Pressedekkinga av fleire høgprofilerte plagieringssaker har heilt klart gjort mykje. Mange av studentane og lærarane som responderte og nesten alle som tok del i intervju eller fokusgrupper kunne referere til Karl-Theodore zu Guttenberg, Annette Schavan og den rumenske statsministaren.

– I Tyskland og i Romania fortalde enkelte av studentane at dei følte at pressedekkinga var truande, og hadde forårsaka auka aktsomheit på campus, seier Irene Glendinning.

Ho trur presseomtalen har verka positivt, og gjort akademikarar meir bevisste på følgjene av akademisk snusk.

– Men eg usikker på om alle studentar ser koplinga mellom Stapel og sine eigne aktivitetar, legg ho til.

Spøkelse og bestillingsverk
Den største trusselen mot akademisk redelegheit er likevel ikkje dei som driv kreativ klipping og liming utan å oppgje kjelda. Dei største skurkane er dei som betalar for akademiske bestillingsverk, og dei som leverer dei, meiner Irene Glendinning

– Tekstar som er skrivne av såkalla ghost writers er den største trusselen mot akademiske standardar. Korleis skal ein bevise at dette har skjedd? I studien fann vi at mange lærarar var lite bevisste på denne trusselen, eller hadde innfunne seg med at studentar uvegerleg vil kunne sleppe unna når dei gjer dette. Det ventar mykje arbeid før vi alle kan på ein robust måte stanse denne typen uærleg aktivitet, seier Irene Glendinning.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed