Forståing og god stemning

Publisert:16. oktober 2013Oppdatert:16. oktober 2013, 15:15
Førsteamanuensis Thomas Spengler er tildelt forelesarprisen for 2012-2013 for si framifrå formidling av atmosfærens dynamikk. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

I starten av semesteret tvingar han spørsmåla på studentane. Etter kvart stiller studentane spørsmåla sjølve. I går fekk førsteamanuensis Thomas Spengler den høgthengande forelesarprisen for sitt engasjement for geofag-studentane.

– Ein av dei viktigaste nøklane til å formidle eit stoff er å få studentane til å forstå at forståing er nøkkelen. Forståing er ein prosess. Det kan nokre gonger vere vanskeleg, og dermed er det flott om studentane kan gjere det i fellesskap. Og gjerne i det klassefellesskapet som forelesaren også er ein del av, seier Thomas Spengler.

Førsteamanuensis Thomas Spengler har forstått noko sentralt om forståing, meiner studentane hans. I går vart han tildelt forelesarprisen frå Realistutvalet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. «Gjennom det omfattande kurset GEOF326 Atmosfærens dynamikk, har Thomas Spengler vist ein særeigen evne til å formidle faget på ein god, profesjonell og forståeleg måte», seier juryen.

Spørsmål-tvang
– Det blir sagt at du alltid klarer å få studentane motiverte og involverte. Korleis gjer du det?
– Det må du truleg spørje studentane om, seier Thomas Spengler.

– For meg er det avgjerande at alle har det bra når vi er i klasserommet. Eg oppmodar studentane om å stille spørsmål, og dette kan i starten verte oppfatta som at eg tvingar fram spørsmål. Men det tek vanlegvis berre ei eller to veker før vi har blitt så godt kjende at studentane startar å stille spørsmål sjølve, seier førsteamanuensis Thomas Spengler.

Ein skapar av gode relasjonar
Harald Walderhaug delte ut prisen. Han sa at prisen heng høgt blant de tilsette på mat.nat.

– Thomas Spengler sørger for god læring og god stemning. Han er opptatt av å skape gode relasjonar og har eit genuint ønske om å engasjere seg i studentane.

«Gjennom nominasjonen er det klart at Thomas tek vare på, og brukar mykje tid til studentane», står det å lese i juryen si grunngjeving.

– Studentane set pris på deg fordi du bryr deg om dei. Korleis heng omsorg og utdanning av høg kvalitet saman, slik du ser det?

– Eg trur det er viktig å forstå at studentane og forelesaren saman utgjer eit fellesskap. Som andre fellesskap er dette tufta på tillit, respekt og omsorg. Omsorga for studentane bygger på respekten min for dei, og ansvaret eg har som forelesar for å lose dei gjennom læreplanen, men også for å introdusere dei til faget og konteksten det står i. Eg vil også motivere dei til å forstå, og å få grepet på materialet slik at dei kan bruke det på nye og ulike måtar.

– Ein annan ting som er viktig for meg, er at studentane forstår at dei har makt og ansvar. Dei har ansvar for dei andre i klassen, for gruppa, men også for seg sjølv. Dei har også makt til å påverke og endre ting ved Universitetet, seier Thomas Spengler.

– Undervisning nyttig for forskinga
– Får du tid til di eiga forsking?
– Eg har enno til gode å møte ein kollega som klart og tydeleg deler tida si 50/50 mellom undervisning og forsking. Eg lurer også litt på kvar dei resterande 50 prosentane som alle brukar på administrasjon og komitéarbeid skal kome frå. Eg underviser minst fire timar kvar veke, og eg har alltid ei opa dør for studentane. Men eg oppmodar dei alltid om å arbeide saman når dei gjer oppgåver og når dei bur seg. Sjølv reknar eg også rettleiing av ph.d.-oppgåver og til dels også masteroppgåver som ein del av mi eiga forsking. Samtidig opplever eg at undervisning er nyttig for mi eiga forsking. Gjennom å undervise får eg  ei djupare forståing av dei grunnleggande bestanddelane  i faget.

– Korleis vil du bruke prisen?
– Faktisk var eg ikkje klar over at det var pengar involvert, og eg såg på det å bli nominert i seg sjølv som svært givande. Eg kjem heilt sikkert til å invitere studentane heim på middag.  Og ettersom eg er i ferd med å kjøpe leilegheit, vil eg sikkert bruke resten av pengane her, seier Thomas Spengler.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed