Ærespris til Grethe Tell

Publisert:30. oktober 2013Oppdatert:30. oktober 2013, 11:57
Som første kvinne får UiB-forskar Grethe Tell æresprisen til Norsk Forening for Epidemiologi. Arkivfoto: Ida Bergstrøm

I dag vert professor og epidemiolog Grethe Tell tildelt ein ærespris for lang og tru teneste for forsking på folkehelsa.

Frå og med i dag er professor Grethe Tell æresmedlem i Norsk Forening for Epidemiologi (NOFE).

– Kvifor får du denne utmerkinga, Grethe Tell?

– Eg får utmerkinga fordi eg har vore aktiv i epidemiologisk forsking i Norge og internasjonalt over mange år. Det er veldig hyggeleg å få denne anerkjenninga, og eg set stor pris på dette,  seier Grethe Tell til På Høyden.

Grethe Tell er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og har livsstilsepidemiologi som sitt største forskingfelt.

Sidan Helseundersøkingane i Hordaland (HUSK) starta i 1997 har dei vore under hennar leiing.

Grethe Tell deler prisen med Anne Johanne Søgaard.

Vil forebygge
Gjennom dei epidemiologiske studiane til HUSK har helsa til i alt 36 000 hordalendingar vorte undersøkt. Helseundersøkelsane har resultert i tverrfaglege samarbeidsprosjekt om kroniske sjukdommar som hjertekarsykdom, kreft, osteoporose, angst og depresjon. I enkelte delprosjekt har også forskarane sett på psykososiale faktorar, arbeidslivsforsking, muskel- og skjelettsjukdommar, inkontinens og kartlegging av medikamentbruk.

– Med basis i helseundersøkinga har vi utdanna mange ph.d.-kandidatar, og publisert ei rekke artiklar, seier Grethe Tell.

Grunnlaget for vidare forsking
Dei siste åra har ho også leia eit stort nasjonalt samarbeidsprosjekt, kalla NOREPOS.
Prosjektet er støtta av Norsk Forskingsråd, og skal etter planen gje ei kartlegging av kvifor Norge er på hoftebrot-toppen. Også dette materialet er tilgjengeleg for ei lang rekke forskarar, seier Grethe Tell

– Vi har også henta inn informasjon om alle sjukejusinnleggingar som skuldast hjarte og karsjukdommer i åra 1994 til 2009, i CVDNOR prosjektet. Dette materialet er no tilgjengeleg for forskarar som ønsker å arbeide vidare med våre data.

Æresmedlemsskapet i Norsk Foreining for Epidemiologi vert tildelt epidemiologar som har påverka utviklinga av fagfeltet.

Forslagstillarane held fram at Grethe Tell har arbeidd fram ein sterk infrastruktur, helseundersøkingar, forskingsnettverk og data som saman utgjer solide, nasjonale helseregister.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed