Markerer fem år med ny kunnskap

Publisert:27. september 2013Oppdatert:1. oktober 2013, 09:31
Førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord, professor Kari Tenfjord og stipendiat Silje Ragnhildstveit har alle vore med i ASKeladden, som no formelt vert avslutta. Men i helga skal dei ha innlegg under ein stor, internasjonal konferanse om morsmålstransfer i andrespråkslæring. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei siste fem åra har prosjektet ASKeladden bidrege med ny forsking på norsk som andrespråk. Denne helga vert NFR-prosjektet avslutta med stor, internasjonal konferanse.

– Det me tidlegare har sett i små studiar, kan me no prøva ut i større studiar med mykje større empirisk materiale, seier Ann-Kristin Helland Gujord.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), og har vore med i forskargruppa ASKeladden. Prosjektet har vore finansiert av Forskingsrådet dei siste fem åra.

Spørsmålet forskarane stilte, var korleis den einskilde sitt morsmål påverkar måten ein lærer norsk som andrespråk på.

1736 prøvar
Forskinga er korpusbasert. Eit lingvistisk korpus er rett og slett ei stor, elektronisk samling av tale- eller skriftspråk. ASKeladden hentar data frå det elektroniske korpuset ASK, som var ferdig i 2006. Dataa kjem frå Norsk språktest.

– Det ligg no 1736 tekstar skrive av utlendingar som lærer norsk inne i databasen, seier  Kari Tenfjord.

Ho er professor ved LLE og har vore prosjektleiar for ASKeladden. Det same har professor Anne Golden vore.

Tenfjord seier at tidlegare har problemet for forskarane mellom anna vore at dei har hatt for små mengder data.

– Det Kari gjorde for mange år sidan har eg no gjort med større datamengde, seier Gujord, som leverte doktorgrad i vår.

Databasen er søkbar, og ein kan henta ut eitt eller fleire språktrekk, og ein kan òg sjå på bakgrunnsinformasjon om informantane.

Tenfjord seier at noko av målet med ASKeladden var å byggja ut forskingsmiljøet kring norsk som andrespråk. Faget er ikkje nytt lenger, men har likevel ikkje lenger historie enn om lag 30 år.

– I løpet av dei siste fem åra har det vorte levert åtte masteroppgåver, ei doktoravhandling her og ei i Polen. Fire doktoravhandlingar er no i arbeid, seier ho.

Vietnamesarane var flinkast
– Kva er det som er vanskelegast når ein skal læra norsk i vaksen alder?

– Me har sett på ulike trekk. Men preposisjonar er vanskeleg for alle, seier Gujord.

Silje Ragnhildstveit er stipendiat. Ho har undersøkt bruken av grammatisk genus hos personar som har tysk, spansk, nederlandsk, engelsk og vietnamesisk som morsmål.

– Det viser seg at vietnamesarane brukar grammatisk kjønn meir korrekt enn dei andre, seier ho.

– Det same viser seg med perfektum, seier Gujord.

Ho har forska på personar med vietnamesisk og somali som morsmål.

– Ser ein på den samla språkkompetansen, så er det vanskelegare for dei med språk som kjem langt vekke frå å læra norsk. Men samstundes så finst det altså nokre parallellar som gjer at dei lærer seg enkelte trekk godt, seier Gujord.

– Når det gjeld genus, så har tyskarar det i morsmålet. Men det gjer at dei kan overføra dei kjønna dei allereie brukar – og det er ikkje sikkert at det er korrekt, seier Ragnhildstveit.

Internasjonal konferanse
Torsdag vert prosjektet formelt avslutta. Men i helga kjem språkforskarar frå heile verda for å diskutera korpusbaserte studiar om læring av andrespråk. Konferansen heiter Learner Corpus Research 2013.

– Me har fått tilsendt samandrag frå forskarar frå 28 land, seier Tenfjord nøgd.

Tre av føredragshaldarane er nær knytt til ASKeladden.

– Scott Jarvis frå Ohio har utvikla mange av metodane me brukar, Sylviane Gaanger frå Belgia er ein nøkkelperson når det handlar om å bygga korpus med andrespråksdata, og Bård Uri Jensen frå Høgskolen i Hedmark kan mykje om korleis ein handsamar slike data statistisk, seier Tenfjord.

At morsmålet har noko å seia for måten ein lærer andrespråk på, har vore ei omstridd oppfatting. Tenfjord seier at noko av målet med det femårige prosjektet har vore å utvikla både teori og metode.

–Tidlegare meinte ein at morsmålstransfer åleine kunne forklare andrespråkslæring. No er utfordringa å forklare kva transfer faktisk er og korleis det verkar, seier ho.

Forskinga kan få konkrete konsekvensar for dei som underviser i andrespråk.

– Det er ein klar fordel at lærarane er medvitne om at ulike grupper har ulike utfordringar når dei skal læra norsk, seier Tenfjord.

No har fagmiljøet planar om å sjå meir på sjølve andrespråksundervisninga.

– Eit prosjekt som heiter «grammatikk i teori og praksis», leia av førsteamanuensis Ingvild Nistov, er i startgropa, seier Gujord.

Kan læra om seg sjølve
Resultata frå det femårige prosjektet kjem ut i bokform, på internasjonalt forlag. Men språkforskarane er opptekne av at det dei har funne, ikkje berre er viktig for dei som jobbar med norsk som andrespråk.

– Me samarbeider mellom anna med allmennlingvistane. Dei kan finna endringar i norsk språk ved å sjå på korleis andremålslæringa skjer, seier Tenfjord.

– Og det me ser når me ser på innlæringa av andrespråk, kan òg gi oss kunnskapar om vårt eige språk, seier Ragnhildstveit.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed