Gamle synder i bergensfjordane

Publisert:20. september 2013Oppdatert:30. september 2013, 23:33
Per J. Johannessen hadde ikkje rekna med at han kom til å oppleva at alt vatnet i Nordåsvannet var bytta ut. Det skjedde vinteren 2010-11. – Vatnet vert meir rote med ureining. Men i Nordåsvannet har det vore rote botnvatn sidan før det busette seg menneske i området, seier forskaren. Foto: Frå "Bergensfjordene natur og bruk"/A. Ervik

Vil ein nokon gong kunne bada i Store Lungegårdsvann? Tja, seier forskar Per J. Johannessen.

– Før vart jo kloakken sloppe rett ut i Solheimsviken. Me måtte bruka årar for å få vekk alt det brune då me skulle ta prøvar. No kan ein jo sjå botnen, seier Per J. Johannessen (70).

Han er strengt teke pensjonist, men framleis forskar ved Uni Miljø og UiB. For nokre år sidan var han ein av redaktørane bak boka «Bergensfjordene – natur og bruk». Laurdag skal han halda føredrag under Forskingsdagane. For korleis står det eigentleg med fjordane rundt Bergen?

Begynte med Nordåsvannet
Heilt attende til vinteren 1969/70 tok Johannessen, som då var hovudfagsstudent, prøvar i Nordåsvannet. Denne vinteren hadde ein òg bestemt seg for å sleppa ut kloakk i vatnet. Det skjedde på 40 meters djupne.

– Det lukta forferdeleg frå vatnet den vinteren. Det viste seg at vatnet var rote frå ti meter og ned, seier Johannessen.

Då isen gjekk om våren, var alt i vatnet daudt, og ein trudde det var slutten for heile Nordåsvannet. Slik gjekk det ikkje. Men vinteren 2010-11 lukta det igjen frå vatnet. Johannessen var på plass for å ta nye prøvar.

– Då viste det seg at alt det rotne vatnet var transportert ut i løpet av vinteren. Alt vatnet var skifta ut – det hadde eg ikkje trudd at eg kom til å få oppleva, seier forskaren.

Når det luktar vondt frå vatna, er det rett og slett botnvatn som stagnerer og rotnar.

– Vatnet rotnar meir dersom det er ureina, seier Johannessen.

Vert ikkje kvitt alt
Tidleg på 1970-talet vart det teke mange vassprøvar i fjordane rundt Bergen. Sidan den tida har mykje skjedd: Kloakken vert sloppe ut færre stader, og det er bygd store reinseanlegg. Båtane brukar ikkje lenger kol, og industrien brukar ikkje PCB og kvikksølv. Men dei gamle syndene ligg der likevel. Johannessen fortel at inn til Bergen ser ein tydeleg kva ruter båtane brukte før. På botnen ligg det nemleg restar av både kol og anna.

– Mange stoff vert seint brotne ned, og metall vert ikkje brote ned. Olje vert til dømes brote ned, men det er produkt i oljen som ikkje er like greie. Og når det gjeld kloakk, så er det organisk materiale. Problemet var berre at det var for mykje av det ein periode, seier Johannessen.

Tang forsvinn
– Vil ein nokon gong kunne bada i Store Lungegårdsvannet?

– Nja, seier Johannessen.

– Det er jo dei som gjer det.

– Men du gjer det ikkje?

– Nei, seier Johannessen.

Han seier at problemet er kva ein skal gjera dei stadane ein finn ureina botn. Skal ein dekka til, slik ein til dømes har gjort i Kollevåg på Askøy? Eller skal ein kjøra massane vekk?

– Når ein lagar nye stoff, veit ein jo ikkje heilt kva dei inneheld. Då eg var gut, stod jo DDT overalt, illustrerer Johannessen.

Han rosar Bergen kommune for å mellom anna ha gjort noko med kloakken, og seier at Byfjorden er mykje reinare no enn for nokre år sidan. Òg andre stader i kommunen har det skjedd noko. Forskarane reiser rundt i strandsona og undersøkjer kva som skjer med endingar av dyre- og planteliv.

– Det er eit dårleg teikn dersom det kjem mykje grønske på berga, og noko av det første som forsvinn er grisetang, seier Johannessen.

Tidlegare har råda frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking vore at ein skal vera forsiktig med å eta fisk frå Bergen Hamn. I 2010 vart det gjort nye undersøkingar som viste mindre giftstoff, men fiskelever bør ein framleis ikkje eta.

– Det er viktig at ein får gjort gode kontrollar, seier Johannessen, før han legg til:

– Men om eg får i meg litt fisk med PCB i i min alder, er nok det ikkje veldig farleg.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed