Nygårdsparken: Ein krevjande nabo

Publisert:20. august 2013Oppdatert:20. august 2013, 10:41

UiB brukar i dag millionar på å rydde sprøyter, fjerne tagging og drive vakthald rundt praktvillaen Knut Fægris hus. – Det ser ut til at vi må bruke ytterlegare ressursar for å halde området i stand, seier eigendomsdirektør Even Berge.

 

Denne døra har UiB måla to gonger på ei veke. (Foto: Bjarne Isager/Eigendomsavdelinga)

I førre veke vart inngangspartiet til Universitetet sin representasjonsbustad i Villaveien 9 malt. Tagging og skribling skulle vekk frå inngangspartiet til Knut Fægris hus, døra skulle vere nymåla og klar til å takast i bruk igjen av tilsette ved UiB.

Knut Fægris hus vert nytta ved høgtidelege tilstellingar som til dømes doktormiddagar,  jubileumsfeiringar, avskjedar for dekanar og utdeling av utmerkingar. Inngangspartiet er også blant av dei områda på UiB som vert rydda og reingjort oftast.

– Nulltoleranse for tagging
Alt dagen etter var inngangspartiet tagga over på nytt. UiB tok fram målingspannet igjen, og fjerna spora.

Eigedomsdirektøren hadde eit ynskje om at området skulle vere ryddig og reint til semesterstart.
– Vi forsøker å ha ein nulltoleranse for tagging på våre bygg, seier eigendomsdirektør Even Berge.

I løpet av helga har det vore hærverk igjen. Ein meterhøg, raud bokstav har blitt måla på den ærverdige tredøra. På muren ved inngangspartiet har nokon teikna med sprittusj.

– Rusmisbrukarane får regjere
– Dette har foregått lenge. Men etter ferien har det blitt ekstra ille, seier Bjarne Isager, avdelingsingeniør ved Eigendomsavdelinga.

– Rusmisbrukarane i parken får regjere om lag som dei vil, seier Bjarne Isager.

Even Berge fortel at to personar frå Eigendomsavdelinga kvar dag brukar fleire timar på å fjerne sprøyter og anna avfall frå området.

– Trappa er ein tilhaldsstad for dei narkomane. Dei sit her og set skota sine, seier Even Berge til På Høyden.

Eit millionsluk
Han påpeikar at ressursane UiB no brukar på å rydde, kunne ha vore brukt på langt meir konstruktive formål.

– Vi brukar to til tre millionar i året på opprydding i dette området. Det er midt i eit bustadområde, og som huseigarar har vi eit ansvar for at det skal sjå bra ut. Men det ser ut til at vi må bruke ytterlegare ressursar for å halde området i stand. Det er viktig at representasjonshuset vårt ser fint ut, seier Even Berge.

Ser ein universitetsområdet under eitt, blir summen høgare. Ifølge bt.no brukar UiB over ti millionar kroner årleg på sikring, vakthold, vedlikehald og reparasjonar.

Heroin på trappa
Då På Høyden besøkte Knut Fægris hus mandag var inngangspartiet rydda. I hagen var arbeidsleiar Birger Åsheim i gang med å rydde hagen til representasjonsvillaen. Han er tilsett i ALF, senter for arbeidslivsførebuing. Dette er eit prosjekt som gjev rusmisbrukarar høve til å bidra med rydding av offentlege område.

Åsheim fortel at ALF ryddar i Nygårdsparken på oppdrag frå Bergen Kommune. Dei har også fått Knut Fægris hus som ei sone dei skal bidra til å halde rein. Åtte timar i veka plukkar dei boss og sprøytespissar frå området.

Mens På Høyden snakkar med Åsheim, slår ein mann seg ned på trappa til representasjonsbustaden. 

Han har prøvd å sette ei sprøyte i handbaken, men har problem med å finne ei god åre. Sittande på trappa får han betre kontroll på rørslene. Han strammar handtaket frå handleposen rundt armen, før han stikk nåla inn i ein av venene ved handleddet.

– Skal eg kaste nåla for deg, eller skal du behalde den? spør Åsheim når skotet er satt.

– Du kan kaste den.  Eg kastar aldri frå meg sprøytespissar på bakken, berre så det er sagt, seier mannen med eit smil, og går tilbake til parken igjen.

 

Birger Åsheim frå arbeidslivstreningssenteret ALF har lang erfaring i å arbeide med personar med rusproblem, og kjenner fleire av personane i parken. To gonger i veka er ALF på staden for å plukke sprøyter og boss (Foto: Ida Bergstrøm)  

Ingen torer bu her
På Høyden har tidlegare omtala problema knytt til gjestebustadane i Knut Fægris hus. Representasjonsbustaden inneheld to leiligheiter, som gjesteforskarar og andre kan bu i mens dei er i Bergen. Men grunna rusa personar på trappa, hærverk og ei generell oppleving av området som utrygt, vågar ingen bu her. Dei praktiske leiligheitene står tomme, trass i at dette er bustader UiB kunne hatt god bruk for.

Ein annan tilsett har og fortalt at han ikkje våga å ta del i ei avskildsmarkering på Knut Fægris hus, grunna ansamlinga av rusa personar rundt trappa. 

– Håplaust
Like ved gjerdet til parken er det sett opp ein presenning. Bak denne kan ein sette skotet i fred, skjerma frå forbipasserande. Med si hanskekledde han plukkar Åsheim opp ei lang, tjukk nål frå blomsterbedet like innanfor porten ved representasjonsbustaden.

– Dette er ei nål, slik ein brukar til å sette skot i lysken, seier Åsheim, og kastar nåla i den beskyttande boksen han har med.

– Det er trist, seier Even Berge.

– Tristast er det sjølvsagt for dei som held til i parken. Som universitet vil vi ikkje sparke dei som ligg nede. Men miljøet gjev oss store utfordringar, seier Even Berge. 

Bjarne Isager kan ikkje hugse at tilsette har blitt truga eller hatt direkte klammeri med klientellet i parken.

– Men det er ubehageleg å gå og plukke opp brukarutstyr, aluminiumsbeger, sprøyter og anna boss kvar dag, seier Isager.

Han meiner situasjonen er ille og fortvilande.

– Det er håplaust. Det er ikkje berre hærverk. Det er hærverk på ein freda bygning, seier Isager.

 

Faren for å stikke seg på sprøyter som denne, har ført til at UiB-tilsette som ryddar utandørs må vaksinerast mot  stivkrampe og hepatitt B og A. (Foto: Ida Bergstrøm)

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed