Forskar storlaksen tilbake

Publisert:21. april 2017Oppdatert:12. august 2013, 12:17

Forsking er i ferd med å bringe den særleg store vossolaksen tilbake til elva. Ein storlaks på 18,3 kilo blei tatt i år. Men framleis får laksen massiv, forskingsbasert hjelp tilbake til livet. Dei neste åra vil vise om han klarar seg på eiga hand.

 

Eirik Straume Normann (26) håvar storlaksen inn. I fjellsida i bakgrunnen ligg Skipshelleren, der forfedra våre jakta og fiska allereie 5200 år før kristi fødsel. Foto: Dag Hellesund

Fire lakseryggar kjem til syne mot nota som stengjer halve Vikafjorden, på vegen inn mot Bolstadelvi. Oppe i laksegilja, den vesle bua over sitjenota, følgjer Eirik Straume Normann (26) vakent med.

– Vi slepp steinane!

To tau blir løyste, slik at to tunge steinar raser nedover fjellsida mot fjorden. Via blokker i gilja trekk dei opp ein notvegg bak storlaksen, som er på veg tilbake til Bolstadelvi og Vosso for å gyte.

Svein Kallestad (74) hjelper til, og saman er dei nøgde over å ha fått endå fleire storlaks til forskinga. Mens Eirik er profesjonell forskingsfiskar på ellevte året er Svein med for moroa, og ein skvett kaffi.

– Når ein er vaksen opp med den basillen er det ikkje godt å la vere, forklarer Kallestad.

Laksegilja er ei bu langt oppe i fjellsida. Før var fjordane fulle av desse. Foto: Dag Hellesund

 

Fiskarane sit vakt og ser når laksen sym over ramma med trekvite bord som er senka ned i vatnet. Her er polariserande glas som fjernar mykje av refleksane i overflata til stor nytte. Foto: Dag Hellesund

 

- Slepp steinane! Når den ytste av to notdører skal lukkast, blir to store steinar sleppt ned fjellsida. Foto: Dag Hellesund 

Slaktar snutemerka laks
Etter at laksen er fanga, blir han henta ut av nota og plassert i ei merd før sortering og registrering. Med ein skannar blir det klart om laksen er merka med eit identitetsmerke i snuten. I så fall blir han slakta, før analyse og identifisering. Villaks utan snutemerke blir sleppt uti igjen for å byggje opp at stammen, mens oppdrettslaks blir slakta.

Snutemerket er eit nummer som fortel forskarane kva gruppe laksen kjem frå: Har han fått medisin mot lakselus då han var smolt, og blei han sleppt i elva eller på eit av fleire slippstader i utvandringsruta i dei indre og ytre fjordområda?

– Hovud, hjarte pluss litt av innmaten blir kappa av og analysert for sjukdom. Kring 20 prosent av laksen er snutemerka, fortel Normann.

Fiske i tusenvis av år
Det er ikkje med lett hjarte den unge men erfarne laksefiskaren og forskaren tek livet av mange flotte, gyteferdige laks, men det må til for å lese av snutemerket.

– Men det er jo snutemerkinga som gjer at vi fann ut at langt fleire laks overlever om vi sleper dei ut gjennom fjordane, seier Normann.

Han er odelsgut på ein av gardane ved straumen inn mot Bolstadøyri, og bærar av ein meir enn 7000 år gamal fangst- og fisketradisjon i området. Frå laksegilja ser ein bort til Skipshelleren halvannen kilometer borte, der folk budde i sommarhalvåret, fiska og jakta i steinalderen, like etter at isen trakk seg tilbake. Dei førsta spora etter menneske på staden er frå 5200 år før vår tidsrekning.

Eventyrleg fisk
Meiningane om vossolaksen kan bergast er delte mellom dei to i gilja:

– Vi får håpe at han kan reddast. Men eg er redd smolten ikkje kjem seg ut på grunn av alle lakselusa i sjøen. Då eg var gutunge kunne det vere fire-fem lus på ein vaksen laks, ikkje massevis, slik som no. Eg veit ikkje heilt kva som skal til for å redde vossolaksen.

Normann er meir optimistisk:

– Eg trur vi skal klare å redde vossolaksen når alle dreg saman. No har vi oppdrettsnæringa med. Vi har lært mykje om oppdrett, og dei har lært om villaksen, seier han.

Sjølv har han lagt ned mykje arbeid i laksestammen heilt frå han var 15 år. Han har vore oppe i 1200 arbeidstimar i løpet av ein sommar. Eit heilt årsverk er på 1950 timar. I gilja sit dei gjerne frå sju om morgonen til utpå kvelden, fem dagar i veka. Men innsatsen er verd det, synest Normann, for laksen er spesiell.

– Laksen veks opp i elva. Så vandrar han ut i havet, men finn tilbake til heimplassen sin fleire år seinare. Det er noko eventyrleg over denne fisken, seier han.

Vanskeleg å vite årsaka
At laksen er på veg tilbake er langt frå sjølvsagt. Laksestammen i Vosso blei nesten knekt på slutten av 80-talet, då sur nedbør, vasskraftregulering, vegutbygging langs elva og ei gryande oppdrettsnæring gjorde det uleveleg for laksen. Kven av faktorane som var den viktigaste får vi truleg aldri svaret på:

– I retrospekt er det ei umuleg oppgåve ettersom vi ikkje veit nok om tilhøva før kollapsen. Men vi ser at situasjonen var veldig dramatisk, og at heile bestanden kollapsa, seier forskingsleiar Bjørn Barlaup, som koordinerer forskinga på laksestammen frå  Uni Miljø, ei avdeling i forskingsselskapet Uni Research, som igjen er eigd av UiB.

Oppdrettsnæringa er med
Vossoprosjektet blei sett i gang i år 2000 med Direktoratet for naturforvaltning, no Miljødirektoratet, som oppdragsgivar. Målet er å reetablere vossolaksen og skaffe kunnskap om laksestammen. Direktoratet, fylkesmannen og fylkeskommunen, BKK, oppdrettsnæringa, elveeigarar, jeger- og fiskeorganisasjonar og lokalt næringsliv har vore med på å finansiere redningsoperasjonen til fleire titals millionar kroner.

Meir laks enn på 20 år
Dei fem siste åra har prosjektet blitt oppjustert i stor skala, og i løpet av denne tida er meir enn 500 000 villsmolt sette ut i naturen. Egga kjem frå ein genbank med levande laks i Eidfjord, der villaks frå Vosso blei tatt vare på. Mesteparten av smolten er gitt fôr som gir beskyttelse mot lakselus, og som deretterblir sleptes ut gjennom fjordane i ein perforert tank og sleppt ute ved kysten ved Manger.  Dette er eit tiltak som er basert på resultata frå forskinga, og som sikrar at det kjem mykjee gytelaks tilbake til elva. Tiltaket er oppskalert ved hjelp av oppdrettsnæringa gjennom etableringa av det såkalla Vossolauget.

Det siste, store slepet gjekk i vår, og tiltaket  skal  etter planen sikre stor gytebestand i åra 2011-2015.   Så langt har prognosene slått til for 2011 og 2012.

– Så langt i år har vi registrert over 800 laks i nota ved Trengereid, og over 350 laks i nota på Skolmen. I elva har dei tatt (registrert og slept ut) over 200 laks på stang, fortel Barlaup.

Dermed nærmar vi oss tala for 2011 og 2012 og en god gytebestand synes også sikret i 2013. Dei fleste laksane som blir registrerte blir sleppte ut igjen. Så langt er tala for 2011-2013 dermed svært gode for vossolaksen, og ein må tilbake til 80-talet for å finne liknande år.

Handterer risikoen
Barlaup er optimist på vegne av stammen.

– Vi har erfaring frå andre reetableringsprosjekt, og når tilhøva ligg til rette for det har laksen ei veldig evne til å reetablere seg. Men då må det vere bra tilhøve både i elv, fjord og hav.

Lakselus og rømt oppdrettslaks har vore blant dei største farane for laksen, men kunnskapen og samarbeidet med oppdrettsnæringa har gjort det lettare å handtere denne risikoen.

– Resultatet av de store gytebestandene er  mykje gyting og mykje yngel i elva. Dette vil igjen gi  ein mykje større naturleg smoltproduksjon, og det vil vere eit viktig skritt i reetableringa, fortel Barlaup.

Alle må gjere det dei kan
Forskarane har undersøkt mange faktorar for å finne ut kva som gjer livet uleveleg for laksen. Vassdragsregulering, vegbygging langs vatnet, effekten av flomtiltak, forsuring av vatnet, aluminumsinnhald i vatet, straum og salttilhøve, lakselusangrep, ulike parasittar og sjukdomar, rømt oppdrettslaks og regnbogeaure er nokre av faktorane som har vore undersøkt. For fleire faktorar er det funne botemiddel: Oppdrettsnæringa i området har til dømes gått saman om å avluse oppdrettsanlegga om våren, slik at det er så lite lus i vatnet som muleg når smolten vandrar ut om våren og forsommaren.

– Dei lange tidsseriane frå Vossoprosjektet har  eigentleg berre gitt oss  éi god oppskrift, og det er at alle må ta ansvar og gjere sin del  for å leggje tilhøva til rette for laksen. Det er veldig mange faktorar som kan påverke han negativt. Desse variere mykje mellom år slik at det er naudsynt med ein kontinuerlig «best practice» og overvaking i høve til menneskelege påverknader.

Vil forske meir på oppdrettstal
Forskinga gjort i Hordaland er blant dei mest omfattande rundt ein laksestamme, og vil komme andre truga stammar til nytte.

– Gjennom rapportar og internasjonale publikasjonar spreier vi kunnskapen vi får så godt vi kan, og det er stor lokal og nasjonal interesse kring prosjektet. Og forskinga er ikkje over. Uni Miljø får kvart år inn data om sjøoverleving og påverknadsfaktorar som inngår i nasjonale databaser.  Norsk institutt for vannforskning (Niva) forskar på aluminiumsinnhaldet i vatnet. Metallet som finst naturleg i vatnet kan på grunn av forsuring vere giftig for fisken fordi den legg seg på gjellene.

– Vi har òg søkt Forskingsrådet om pengar til å kople saman dei biologiske data vi har frå vossoprosjektet med tal oppdrettarane har om lus og straumar. Vi har fått ei god vurdering av prosjektet, men så langt diverre ingen løyvingar, fortel Barlaup.

Neste steg i forskingsprosjektet er ei meir samla områdetilnærming, der ein ser på samanhengen for laksen heilt frå fjell til hav. Ideen er å sjå på påverknader i stor skala, slik som klima og endringar i fjord- og havmiljø, og nytte kunnskapen i fleire vassdrag i området. I vossoprosjektet er det peikt ut ulike sonar, som igjen er delt inn i ulike prosjekt for kva ein vil finne svaret på.

– Slik kan både laksen og sjøauren i Osterfjord-bassenget nyte godt av det som blir gjort for vossolaksen, fortel Barlaup.

Skaffar harde tal
Han tar uansett fiskemengda i år som eit godt teikn for framtida.

– Eg trur at dei åra vi har no svarar til tidlegare toppår, og at vi får ein veldig god gytebestand. Den pedagogiske oppgåva no blir å forklare at laksen etter desse tiltaka  må klare seg utan storskala, menneskeleg drahjelp.  Ein raud tråd i prosjektet er lange tidsseriar basert på omfattande feltmålingar av laksen og dei ulike miljøtilhøva. Å oppretthalde desse seriane vil utan tvil  vise den videre utviklinga både for laksestammen og påvirkningsfaktorene.

– Vi kjem ikkje vidare utan å leggje harde fakta på bordet. Denne forskinga skaffar harde tal, og har vist seg veldig samlande for å redde nettopp denne laksestammen.

 

Bjørn Barlaup set ut igjen ein gyteklar villaks. Berre nokre få av laksane blir slakta for å gi forskarane informasjon om kva gruppe som lukkast best med å komme tilbake og gyte. Foto: Uni Miljø

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed