Eitt steg nærmare framifrå utdanning

Publisert:19. august 2013Oppdatert:19. august 2013, 13:31

Dersom Institutt for biologi får bli Senter for framifrå utdanning, vil dei få tre millionar kroner årleg. Med desse midlane kan professor Vigdis Vandvik og samarbeidspartnarane kan ta meir av forskinga inn i utdanninga.

 

Vigdis Vandvik (t.v.) og laget som bak BioCeed-søknaden kunne torsdag skåle saman med viserektor Oddrun Samdal og Dag Rune Olsen. – Eg reknar med at dette berre er ein prøvechampagne, sa Dag Rune Olsen. (Foto: Ida Bergstrøm)

Torsdag kom nyhenda om at UiB sin søknad om å få status for Senter for framifrå utdanning har kome gjennom det første nålauget til NOKUT. Saman med Havforskingsinstituttet (HI), Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og Program for universitetspedagogikk håpar Institutt for biologi å realisere prosjektet kalla «Centre for Excellence in Biology Education» (BioCEED).

Nyskapande undervisning
– Det finst allereie undervisningssamarbeid i den retninga som BioCeed peikar fram mot. Dermed var vegen kort til å skrive ein søknad saman, sa professor Vigdis Vandvik då rektor Dag Rune Olsen og viserektor Oddrun Samdal kom for å gratulere teamet på instituttet.

Senterstatus kan bety 30 millionar kroner
SFU-ordninga skal stimulere universitet og høgskular til å etablere og utvikle fagmiljø som skal by det NOKUT definerer som framifrå utdanning. Dette betyr at dei skal bidra til kunnskapsbasert utvikling av læringsarbeid, slik at kvaliteten ved institusjonen vert heva.

Sentra vert tildelt for fem år, med høve til forlenging i fem år til. Sentra vil få tre millionar kroner i årleg toppfinansiering. 

Gjer dyr undervisning mogleg
– Vi har lagt opp til meir felt, meir lab og meir samarbeid. Dette krev ressursar, seier Vandvik.

– Et slikt senter gir prestisje til UiB. Det er ikkje billig å drive utdanning. No i post-kvalitetsreform-æraen er det viktig at vi formidlar kor kostnadskrevjande det er å drive den bærande bjelken i vår utdanning, sa rektor Dag Rune Olsen.

– For rektoratet og for UiB er dette ei gåvepakke som gjer det mogleg å få til den hevinga av undervisningskvalitet som vi ynskjer. Dette er heilt i det nye rektoratet si ånd, sa Oddrun Samdal.

– Vi er kjempeglade for at rektoratet seier at vår tankegang passar inn i deira program. Det betyr at vi er på rett veg, og at vi har støtte, seier Vandvik.

Vil bygge kultur
Fagfelleevaluering, kontakt på tvers av disiplinar og internasjonalt samarbeid: Kongstanken bak senteret er å bringe delar av forskarkulturen inn i undervisningskulturen.

– Vi skal mellom anna arrangere internasjonal konferanse om biologilæring, seier Vandvik.

Senteret ønskjer å implementere teoriar om korleis studentane kan ta ansvar for eiga læring, og verkeleg verte involverte i læringssituasjonen. Planen er at studentane skal få høve til korte og etter kvart lengre utplasseringar, slik at dei kan sjå korleis miljøa fungerer.

Vandvik ønskjer at studentane sjølv skal få erfaringar med kva biologar kan arbeide med.

– Biologer finst i mange viktige funksjonar i samfunnet. Dei er i skulen, i forskinga og i forvaltinga, i industrien og i næringslivet elles, seier Vigdis Vandvik.

Investering for framtida
Ho fortel at dersom Biologi-miljøet får senterstatus, vil kulturendringa som sentertida medfører vere ei investering for framtida.

– Innan forskinga er kollegialiteten viktig. Vi samarbeider, men evaluerer også. Det å få inn den kollegiale haldninga studentane imellom er viktig. Samarbeidet er ein fantastisk del av det å vere forskar: Alle gjer ein liten ting, så vert det ein stor ting som ingen kunne gjort aleine. Dette tenkinga vil vi ta med oss inn i undervisningsarbeidet, seier Vandvik.

– På Institutt for biologi har vi eit godt samarbeid mellom dei teknisk tilsette, dei administrativt tilsette og forskarane. Vi ser på kvarandre som likestilte. Dette gjev oss eit godt grunnlag for samarbeid, seier Vigdis Vandvik.

Folkevogn vs Ferrari
Ein ekspertkomité vil avgjere kven som går vidare til finalerunden. Under NOKUT sin jubileumskonferanse 8. november vil dei tre nye sentra verte utnemnt.

– Dette er ein søknad de har lagt ned mykje arbeid med, de har innleia eit samarbeid saman med partnarane og laga ein god plan. Blir planane skrinlagdet dersom de ikkje får senterstatus?

– Tankane vi har tenkt i prosessen vil uansett vere nyttige. Vi har alt gode anslag til planane vi ynskjer å vidareutvikle, men ein senterstatus og ressursane som følgjer med vil gje arbeidet ein heilt anna trøkk. Det blir litt som Folkevogn og Ferrari.

I år var utlysinga opa for alle fagmiljø innan høgare utdanning. Av totalt 24 søknader gjekk åtte vidare. Desse vil få besøk av ekspertkomitear med norske og utanlandske medlemmer, og til slutt skal ein altså stå igjen med tre SFU-ar.

Sentra skal også bidra til å skape gode relasjonar mellom utdanning og relevante samfunns- og yrkesfelt. Dei skal også bidra til at den nyvunne pedagogiske forskinga ikkje berre vert utvikla, men også spreidd.

Desse søknadane har gått vidare til andre runde:

• Norges Musikkhøgskole – Centre of Excellence in Music Performance Education (CEMPE)

• NTNU – Innovative teaching in information Technology (2IT)

• NTNU – Transformative Learning in Architectural Education (TransARK)

• Universitetet i Agder – Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching (MatRIC)

• Universitetet i Bergen – Centre for Excellence in Biology Education (BioCEED)

• Universitetet i Oslo – Centre for Entrepreneurship

• Universitetet i Oslo – Health and Social- Unlimited

• Universitetet i Tromsø – Centre for Inter-professional Education in Health (INTERPROF)

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed