– Mange gode studentar går på dårlege universitet

Publisert:22. august 2013Oppdatert:22. august 2013, 15:21

Ap-medlem og professor Frank Aarebrot måtte innrømma at barrieren for å stemma på Tord Lien (Frp) er liten.

Rektor Dag Rune Olsen, Ida Torkjellsdatter Storehaug frå Studentersamfunnet og Bjørn Danbolt frå Studentparlamentet oppsumemrte debatten saman med professor Frank Aarebrot. – Det er nesten like fullt i salen som når Frank har førelesingar, kommenterte Olsen. Foto: Ingvild Festervoll Melien

– Spelar det noko rolle kva parti eg røystar på, spurte rektor Dag Rune Olsen då han skulle oppsummera debatten saman med valforskar og professor Frank Aarebrot og studentleiarane Bjørn Danbolt og Ida Torkjellsdatter Storehaug.

- Eg må jo innrømma at barrieren min for å stemma på Tord Lien er liten, humra Aarebrot.

Han sa at han var meir beroliga enn begeistra etter å ha høyrd debatten.

Samordna sortering
– Norske politikarar er så opptekne av å ta ansvar. Og dei snakkar om kommersialisering. Andre stader betyr det eit menneske som skal tena pengar, men her betyr det tydelegvis at offentlige forskingsinstitutt skal få pengar for å driva butikk. Einar Gerhardsen kunne sagt noko slikt, kommenterte Aarebrot.

Han er heilt samd med fleire av politikarane i at næringslivet må ta meir ansvar for forsking.

Men på eitt punkt sette Aarebrot politikarane fast:

– Ein snakkar om eliteuniversitet eller breiddeuniversitet. Det er ikkje eit både òg. Eit toppuniversitet har berre gode studentar, men mange gode studentar går på dårlege universitet. I Noreg har ein allereie innført ei sortering. Ho heiter samordna opptak, sa Aarebrot.

– Berre tull
Frå salen fekk politikarane spørsmål om det er positivt eller negativt at mange no tek mastergrad – fordi ein ikkje får jobb med bachelorgrad.

– Det er nok den vegen det får. De som er studentar no, må rekna med å ta lengre utdanning, og de kjem til å vera med i ein internasjonal konkurranse om jobbane. De må nok òg rekna med å ta meir vidareutdanning, sa Henning Warloe (H).

– Dette er både positivt og negativt. Ein får større sjanse til kompetanseheving, men samstundes er det ein fare for at ein nedvurderer alt som ikkje er akademia. Det er berre tull at Gud og kvarmann skal gå rundt med ei bachelorgrad, sa Torstein Dahle (Rødt).

Tord Lien (Frp) var den einaste som svarte svært tydeleg på spørsmålet.

– Nei, dette er ikkje bra. Problemet er at ein no til dømes har tretti institusjonar som tilbyr bachelorgrad i økonomi. Næringslivet tek ikkje sjansen på at dei med bachelorgrad er gode nok – sjølv om dei i mange tilfelle er det.

Kritisk til fleire universitet
Aarebrot var tydeleg i svaret på Storehaug sitt spørsmål: Det har skjedd noko med utdanningsinstitusjonane dei siste åtte åra. Bakgrunnen er at ein stadig får fleire høgskular som går over til å verta universitet.

– Dette skjedde i Storbritannia, og no skjer det i Noreg. Ein høgskule må tilby fire doktorgradsprogram – så kan ein verta universitet. Det betyr at ein no til dømes har fått ein gjeng sosionomstudentar som har vorte universitetsstudentar, sa Aarbrot og let det hengja i lufta.

– Eg hadde håpa at dei raud-grøne ville gjera noko med dette. Ein må satsa på dei doktorgradsgivande institusjonane!

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed