Fri som fuglen

Publisert:2. juli 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Visste du at det er mellom seks og ti tjeldar som held til på tak i Bergen? Dei fleste har busett seg ved UiB – saman med sildemåsar.

– Gå vekk!

Okey, måsen sa vel ikkje heilt det. Men beskjeden var ikkje til å misforstå; ein vaksen måse kom nærare og nærare og ropte høgt då På Høyden sin fotograf prøvde å ta bilete av den vesle måseungen som har ramla ned frå reiret på Fastings Minde. No lever den vesle bylten på bakken til han eller ho lærer flygekunsten. Men mor passar på – ingen får komma for nær den vesle.

Inne i atriet på HF-bygget går ein tjeldunge og ropar. Dei siste åra har eit tjeldepar hatt reir på taket, og det er ikkje første gongen ein av dei små ungane ramlar utfor. I fjor prøvde nokre av dei tilsette å få fugleungen opp i ei pappøskje og tilbake til foreldra på taket.

Trø meg inkje for nære
– Vaksne tjeldar klarar ikkje å løfta ungen oppatt i reiret, seier Arild Breistøl.

Han er ornitolog og senioringeniør ved Institutt for biologi. Breistøl er òg ansvarleg for webkameraet på mat.nat-bygget, og er ein av fleire som står bak Facebook-sida «Tjelden på taket». Det er nemleg ikkje berre Det humanistiske fakultet som har sin eigen tjeld –  det har Det matematisk-naturvitskapelge òg. Paret Kjellaug og Kjell har hatt reir på det grøne taket i fleire år.

– Me lurer litt på kvifor både tjeld og fiskemåsar finn seg hekkestader så langt unna stadene der dei plar vera. Det er nemleg ganske mange fuglar på tak i Bergen sentrum. Me trur det handlar om to ting: Å halda til i byen er ei fantastisk kjelde til mat. Det er heller ingen mink her, så så lenge dei held seg på taket, er dei trygge, seier Breistøl.

Men ein skal ikkje koma for nær fuglane. Til tider har HF-tilsette måtta hatt paraply for å sikra seg mot angrep for måseforeldra, og Breistøl sjølv fekk ein vaksen måse i hovudet då han skulle merka nokre av fuglane.

– Eg veit ikkje om det var ein fot eller nebbet som trefte meg, men det enda i alle fall med litt blod, humrar han.

På realfagbygget held tjeldane Kjell og Kjellaug til. Eit webkamera fortel om korleis det går med klekkinga. Foto: tjeld.uib.no

Meny: Blåskjel og mark
På mat.nat-taket er det åtte par sildemåsar som har funne ein perfekt heim. Nokre av desse er ringmerka, og ornitologane har difor full kontroll over kor dei held til.

– Me veit at ein av dei overvintrar i Malaga – ein annan i Marokko, seier Breistøl.

Tjeld finst det mellom seks og ti av i Bergen sentrum. Dei fleste held til på UiB.

– Det skuldast truleg ein kombinasjon av grøn lunge og flate tak. For tjelden er det perfekt å vera her oppe; det er nærleik til Nygårdsparken der han kan finna meitemark og til Store Lungegårdsvannet der han kan finna blåskjel, seier Breistøl.

Den vesle tjelden kjem seg ikkje ut frå atriet på HF. Men kanskje er det like greitt? Ute i den store verda lurer farer som rovdyr og større fuglar.

– Dei vaksne tjeldane kjem med mat til barna, så dei klarar seg, seier Breistøl.

Han forklarar at fuglen har ein god måte å forsvara seg på.

– Tjelden flyr under dei større fuglane, til dømes måsane, og stikk dei i buken. Her borte der både tjeld og måse held til, ser me at måsane respekterer tjelden, seier ornitologen.

Sildemåsane har reir på realfagbygget. Foto: Arild Breistøl

 

Framsidefoto: Arild Breistøl

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed