Professor emeritus Atle Kittang er død

Publisert:3. juni 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Atle Kittang var den første professoren i litteraturvitskap. Laurdag gjekk han bort etter lang tids sjukdom, 72 år gamal.

Då litteraturvitskap fekk sitt eige institutt ved UiB i 1974 vart Atle Kittang den første professoren.  Han tok doktorgraden i 1973 på ei avhandling om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud. Kittang var ein leiande skikkelse i det norske litteraturvitskaplege miljøet.

Aktiv forfattar og formidlar
Han har gjeve ut ei rekkje bøker, og har sett kraftige spor etter seg i norsk litteraturforsking.  Saman med Asbjørn Aarseth gav han ut innføringsboka «Lyriske strukturer» i 1968. Boka har sidan kome i nye utgåver og har vore obligatorisk pensumlitteratur i fleire tiår. Seinast i fjor haust gav han ut boka «Poesiens hemmelege liv», der han tolka både samtidslyrikk og 400 år gamle dikt.

– Totalakademikar
– Han var en totalakademikar. I tillegg til å være en faggründer og aktiv deltakar i norsk debattliv, var han parallelt utroleg bevisst det faktum at han var knytt til ein institusjon, Universitetet i Bergen. Han ga ekstremt mye til universitetet.Ingen har opponert i så mange doktordisputasar som han, sier Per Buvik, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, til Klassekampen.

I 2003 fekk Kittang Møbiusprisen, som er Forskningsrådets pris på 500.000 kroner for framifrå forsking. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed