Kva skjer med Nomadikon?

Publisert:21. juni 2013Oppdatert:28. juni 2013, 13:31

Gjennom fire gode år har forskingsgruppa Nomadikon vorte bygd opp. I følgje evalueringsrapporten har Nomadikon blitt eit av dei viktigaste av sitt slag i verda. Men vegen vidare er uviss.

 

Øyvind Vågnes (t.v.) og Asbjørn Grønstad (t.h.) i forskingsgruppa Nomadikon har nyleg blitt hylla i rapportform. Evalueringsrapporten er klar på at prosjektet bør førast vidare. 

 – Arbeidet har ein eigenverdi i seg sjølv. Men dersom arbeidet som er gjort ikkje skal avleire seg nokre strukturar, er det nærmast bortkasta arbeid og midlar, seier prosjektleiar Asbjørn Grønstad.

Nomadikon har sidan 2008 vore eit prosjekt støtta av Bergens forskingsstiftelse (BFS). I 2008 fekk prosjektleiar og professor Asbjørn Grønstad løyva 15,3 millionar kroner fordelt over fire år for å forske på bilete og visuell estetikk.

– Det har vore ei stor satsing, seier Grønstad til På Høyden.

Mykje å hente
Visuell kultur er og visuell estetikk er eit fagfelt det kan være vanskelig å få tak om. Djupast sett handlar det om bilete, og korleis dei blir forstått. Frå starten av var Grønstad klar på at han ville bygge noko som kunne strekke seg ut over den fireårige prosjektperioden.

– Eg var bevisst på at Nomadikon skulle ha fleire komponentar utover rein publisering. Eg ville bygge noko som var miljøskapande, seier Grønstad.  To postdoktorar og tre ph.d.-kandidatar har vore knytt til Nomadikon.

– Visuell kultur er et nytt fagfelt i vekst. I arbeidet med Nomadikon er det er eit vanvitig nettverk som er mobilisert, med forgreiningar til mange hundre mennesker. Ein form for framhald hadde vore i pakt med dei investeringane som er gjort. Her er det absolutt også frukter å hauste med tanke på undervisning, seier Øyvind Vågnes.

Ros frå akademisk tungvektar
Han har vore postdoktor på prosjektet. Øyvind Vågnes og Asbjørn Grønstad har også starta eit skandinaviskspråkleg tidskrift, Ekfrase, som omhandlar skandinavisk visuell kultur.

No er rapporten som evaluerer Nomadikon klar. Professor Marquard Smith har leia komiteen, saman med Astrid Söderbergh Widding, filmvitar og rektor ved Stockholms universitet, professor Anne Jerslev ved universitetet i København og leiar for Institutt for medievitskap, Leif Ove Larsen. 

– Noko av det første som slo meg då rapporten kom meg i hende var dei sterke oppmodingane frå komiteen om at arbeidet bør vidareførast, seier Vågnes.

Rapporten omtalar Nomadikon som ein stor akademisk suksess. I rapporten står det vidare at Nomadikon har blitt det viktigaste senteret for visuelle studier i Europa. 

Både forskarutdanniga og publiseringa som Nomadikon har drive blir omtala med entusiasme. Mykje ros får også Grønstad for arbeidet med å skape eit internasjonalt nettverk for samarbeid.

– Eit akademisk fyrtårn
Professor Marquard Smith arbeider som professor ved Institute for Modern and Contemporary Culture ved University of Westminster. Marquard Smith er òg sjefredaktør i Journal of Visual Culture.

– Sidan prosjektet vart starta opp for fem år sidan, har Nomadikon blitt eit fyrtårn for interdisiplinæres studier av kunst, humanistiske fag og samfunnsvitskap, skriv Marquard Smith i ein epost.

I rapporten er komiteen klar på at Nomadikon bør få ei framtid på UiB.

«…we think Nomadikon needs a permanent home in an academic institution, with long-term funding, a body of staff, and hopefully undergraduate and postgraduate students that will make it self-sustaining. Over the last five years it has put itself, the Department, and Bergen on the international map for scholars in the arts and humanities that assemble under the inter-disciplinary umbrella of Visual Studies or Visual Culture or Visual Culture Studies,» står det i rapporten.

Nyttig for UiB
Til På Høyden utdjupar Marq Smith:
– Intellektuelt og politisk er det viktig at Nomadikon får ein fast heim i ein akademisk institusjon. Eg håpar både Universitetet i Bergen og Forskingsrådet forpliktar seg til å halde på prosjektet. Dette handlar ikkje berre om den internasjonale profilen til Universitetet i Bergen. Endå viktigare er det at ettersom verda blir forma av Big Science, Big Pharma and Big Data, og forskingsmiljøa er styrt av kapitalorienterte mål, er det dei kritiske verktøya som finnast i kunsten, dei humanistiske faga og samfunnsvitskapen i seg sjølv er vår beste tryggleik mot dette overfallet.

Smith meiner Nomadikon har både slagkraft, kreativitet og mot.  

– Med innovativ forsking, utfordrande publikasjonar og utoverretta konferansar har Nomadikon si påverknad vore merkbar i Norge, Skandinavia, Europa, samt i USA, Amerika for øvrig og på det asiatiske subkontinentet. Forskarane har i prosjektet turt å betrakte «biletet» og «det visuelle» som den viktigaste faktoren i vår seinkapitalistiske, globale økologi. Dei har stilt spørsmål om geopolitikk, etikk og estetikk på ein måte som har påverka våre evner som forskarar til å engasjere oss i, fortolke, og kanskje til og med endre verda, skriv professor Marq Smith til På Høyden.  

Vil satse vidare
Denne veka sendte Grønstad frå seg manuset til ein antologi om den italienske filosofen Giorgio Agamben til trykk. Antologien skal verte utgjeven hos forlaget Bloomsbury. Og fleire er i kjømda.

Skandinavisk visuell kultur har dei siste åra vekse fram har i landskapet mellom litteraturkritikk, kunsthistorie og medievitskap vekse fram som noko heilt eige. Med tanke på arbeidet som er gjort, håpar Grønstad at Nomadikon kan halde fram.

– Vi har fått eit godt nettverk, og har god kontakt med kollegaer internasjonalt. Forskinga som har vore gjort i dette prosjektet er av ein slik kvalitet at det kan vere grunnlag for å satse vidare. Det kjem framleis til å kome ein del fleire publikasjonar ut frå Nomadikon-prosjektet, seier Asbjørn Grønstad.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed