Københavns Universitet godtar ikkje at Penkowa-saka er forelda

Publisert:14. juni 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Hjerneforskar Milena Penkowa skal ikkje sleppa unna med at det sannsynlege forskingsfusket hennar er forelda som politisak, om det er opp til Københavns Universitet, melder Universitetsavisen.

Politiet gav i byrjinga i mai opp å få dømt hjerneforskar Milena Penkowa for bedrageri og dokumentfalsk mot Københavns Universitet (KU). Saka blei lagt bort av politiet på grunn av den hadde passert foreldingsfristen på fem år.

Det var først i byrjinga av 2011 at Københavns Universitet melde Penkowa til politiet, sju år etter at det påståtte, omfattande bedrageriet med mellom anna rotteforsøk, fann stad, skriv Universitetsavisen. Etter politiets avgjerd, kunngjorde Milena Penkowa på heimesida si at ho endeleg var blitt reinvaska. Det er ei vurdering som Københavns Universitet ikkje deler.

I utgreiinga frå politiet står det, i fylgje Weekendavisen at prova mot Penkowa var gode nok. Men sidan brotsverket hennar kunne klassifiserast som alminneleg dokumentfalsk, som kan ikkje det føra til ein dom, om det er gått meir enn fem år.

For Københavns Universitet har saka vore svært alvorleg. For ifylgje Universitetsavisen har opprullinga av denne saka om forskingsfusk, ført til store konsekvensar for dei universitetstilsette, for universitetet sin forskingspraksis, omdømme og pengepung. Viss Penkowa-saka ikkje er grov, er det vanskeleg å sjå kva andre saker som skulle kunna kallast det, sett med universitetsauge, skriv Universitetsavisens nettutgåve.

Den danske regjeringsadvokaten støttar Københavns Universitet, og difor har universitetet no vald å anka saka med påstand om at Penkowas bedrageri og dokumentfalsk juridisk sett er av særleg grov karakter. Og i ei slik sak er foreldingsfristen på 10 år. Etter Universitetsavisens oppfatning kan altså bedragerisaka mot Penkowa framleis føra til ein dom, så sant Københavns Universitet og regjeringsadvokaten får rett.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed