Vil lage show av Yr-bruk

Publisert:7. mai 2013Oppdatert:10. mai 2013, 10:59

I år kan doktorgradsstudentar få studiepoeng for å ta del i Forskar Grand Prix. Ein av dei påmeldte er Anders Sivle, som gjerne vil bli flinkare til å snakke om vêret.

Formidlar av vind og vêr: Anders Sivle tek doktorgrad på korleis folk brukar Yr. – Ein må hugse på at atmosfæren er kaotisk, og ein kan ikkje alltid vite kva som kjem, seier Anders Sivle. (Foto: Ida Bergstrøm)

– Eg har inga interesse av å sitte og forske for meg sjølv. Dette er kanskje noko eg har med meg frå arbeidet som meteorolog: Det er lite vits i å sitte og utarbeide flotte vêrvarsel om ein ikkje vidareformidlar det til nokon, seier Yr-forskar Anders Sivle.

Klargjering og fokusering

Anders Sivle er utdanna meteorolog frå Geofysisk institutt. Han har arbeidd som statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt, og er no i gang med ein doktorgrad i naturfagdidaktikk ved Institutt for fysikk og teknologi.

No har han har meldt seg på Forskar Grand Prix for å bli ein betre forskar og formidlar.

–Eg vil bli betre på å strukturere stoffet og tydeleggjere kva det er som er viktig. Når ein skal presentere og formidle må ein tenke nøye på kva det er ein held på med, seier Anders Sivle.

Som meteorolog har Anders Sivle teke i mot skuleklassar. Han tok også praktisk-pedagogisk utdanning for å verte betre til å formidle. Han har vore med på Forskingsdagane. Og han er medforfattar av barneboka «Kappflyging i all slags vêr».

– Å delta i Forskar Grand Prix vil vere ein måte å nå ut til andre interesserte på, seier han.

Berit Rokne: – Klokare
I år vert det opna opp for at fakulteta kan gje studiepoeng for deltaking i Forskar Grand Prix, som er ein del av Forskingsdagane

Prorektor Berit Rokne meiner Forskar Grand Prix er eit strålande tiltak.

– Forskingsformidling er ein av våre primæroppgåver. Å vere med på Forskar Grand Prix gir kandidatane ein unik muligheit til å få både opplæring i formidling, samt til å få presentert forskinga si.

Ho har lite til overs for sur kritikk av at Grand Prix-konkurransen inneber overpopularisering og showifisering av vitskap.

– Eg har vore på kvart einaste av arrangementa. Og eg har blitt klokare av kvart enkelt av dei innlegga eg har sett der, seier Berit Rokne.

I arbeidet med doktorgraden i naturfagdidaktikk har Anders Sivle reist rundt og intervjua Yr-brukarar. Han har vore i Grenland, som har eit stabilt austlandsklima, i den tørre Gudbrandsdalen, og på den våte og forblåste kysten av Sogn og Fjordane. Her har han mellom anna møtt eit malarfirma som brukte Yr for å legge opp arbeidsdagen, bønder og turleiarar i i Turistforeininga. Alle treng dei å vite kva vêr dei har i vente. 

Får kjeft for sol og regn
Som statleg varslar av vêr har meteorologisk institutt eit særskilt ansvar. Dei har eit viktig samfunnsoppdrag og ein klar formålsparagraf: Å sikre liv og verdiar. Difor er det avgjerande at dei faktisk blir forstått.

Eit av hovudsiktemåla med avhandlinga er å finne ut korleis folk brukar Yr. Om vêrvarslet blir forstått. Og korleis folk fortolkar usikre vêrvarsel.

– Folk er mest opptatt av symbola, og korleis dei kan tolkast. Nokre ser ei grå sky på Yr, og tolkar det som at her kan det bli regn. Det kan stemme, men det er ikkje alltid dette meteorologen har meint å kommunisere, seier Anders Sivle.

Kan melde feil
Som meteorolog har han vore oppteken av å avgrense tolkingsrommet for det som vert sagt.

– Det er viktig av vi som varslar vêret snakkar på ein måte som gjer at lyttarane forstår kva vi meiner. Vi brukar til dømes uttrykket «ettermiddagen» om tida frå 1200 til 1800. Nokre tenker kanskje på «ettermiddagen» som tida etter jobb og utover. Varslar vi «kraftig regn på ettermiddagen», kan dei då oppleve varselet som feil dersom nedbøren startar klokka 1300.

Det hender at han vert overraska av ei umeld regnbyge når han er på veg til jobb. Verre er det å få telefonar frå folk som skjeller han ut for villeiande vêrmelding.

– Etter at dei er ferdige med å kjefte, hender det at dei oppriktig lurer på korleis vêret vil verte framover. Det må vere eit teikn på at tilliten til meteorologar er svært stor.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed