Slik snakkar dei der

Publisert:21. mai 2013Oppdatert:22. mai 2013, 08:44

Ein del austlending, to delar vestlending og ein knivsodd med svenskar. Resultatet: Talemålet på dei store, norske industristadane.

Har de lese «Samtale venter», spør Randi Neteland (nr to frå venstre). I romanen av Marit Eikemo vert ei kvinne sendt ut frå UiB for å samla inn språkmateriale frå ein industristad som liknar Odda. – Elles ligg handlinga fjernt frå vår røyndom, humrar Neteland. Ho er stipendiat, og jobbar med prosjektet saman med masterstudent Randi Ødegård (til venstre) og Helene Hildremyr (til høgre). Edit Bugge er med i same forskargruppe og er prosjektleiar. Elinn Devold Myklebust har levert si masteroppgåve, og er ikkje lenger i Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Kva er det som gjer at talemålet på dei store industristadane Odda, Tyssedal, Årdal og Sauda skil seg frå talemålet rundt? Ei forskargruppe ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ser no nærare på dette. To stipendiatar og til no to mastergradstudentar ser på kva som skil måten ein snakkar på på desse stadane med dialektane i bygdene rundt.

– Desse områda hadde ei valdsam tilflytting, så ein fekk ein klassisk smeltedigeleffekt. Språkutviklinga er prega av ein eldre dialekt, så ein periode med kaos og deretter stabilitet, seier Edit Bugge, som leiar prosjektet i samarbeid med professor Helge Sandøy.

– Me ser at språkutviklinga følgjer same mønster som både industristader i England og New Zealand, legg ho til.

Kor kom innflyttarane frå?
Odda smelteverk vart opna i 1906. Same året, og åra framover, vart kraftanlegget i Tyssedal bygd. På denne tida budde det 500-600 menneske i Odda. I Tyssedal var det registrert 39.

– I Odda levde ein av jordbruk og turisme. Då alle innflyttarane kom, levde den gamle dialekten og innflyttarane sine dialektar side om side nokre år, og så oppstod ein ny dialekt, seier Helene Hildremyr.

Ho er stipendiat og forskar på talemålet i Odda og Tyssedal.

Noko av det språkforskarane gjer, er å sjå på kor innflyttarane kom frå.

– Til Tyssedal kom mange frå Austlandet, medan dei som flytta til Odda i hovudsak kom frå Hardanger og Vestlandet elles. Dette ser ein mellom anna att i endingsformene i Tyssedal-dialekten. I tillegg var det der vanleg å seia «jeg» og «ikke», seier Hildremyr.

– Sauda liknar Odda, seier Randi Neteland.

Ho er òg stipendiat, og skriv om Sauda og Årdal.

– Ein kan kanskje seia at dialektane desse stadane er litt som ei oppskrift: ein del austlending, to delar vestlending, ein knivsodd med svenskar. I tillegg har ein riksmål og bymål, seier Bugge.

– I Sauda vert byen og bymålet utvikla parallelt. Då kan ein spørja om dialekten vert som han vert fordi ein òg får ein byidentitet, seier Neteland.

Brukar gamle opptak
Instituttet har ei målføresamling der alle dialektprøvar vert arkiverte. Når forskarane no ser på talemålsutviklinga i eit hundreårsperspektiv, nyttar dei òg gamle opptak som vart gjort på 1980-talet.

– Det viser seg at det er nokre hol i materialet, alt har ikkje vorte arkivert skikkeleg, seier Hildremyr.

– Det må me berre leva med, legg ho til.

Dei eldste informantane i det gamle materialet er fødde på slutten av 1800-talet. Neste gruppe er fødde mellom 1920 og 1949 og dei yngste mellom 1950 og 1979. I det nye materialet har forskarane med informantar som er fødde på 1980- og -90-talet.

– Tre av informantane mine er fødde før 1920. Kaosgenerasjonen er i ferd med å døy ut, så dette arbeidet må gjerast no, seier Hildremyr.

Har samanlikna barn og unge
Både i Odda, Tyssedal og Sauda er kaoset over og språksituasjonen stabil. Forskarane samanliknar opptaka frå 1980-talet med dei dei har gjort no for å sjå om måten generasjonane snakkar på har endra seg.

– Informantane som bur i området seier at i Odda snakkar dei nynorsk, men i Tyssedal snakkar dei bokmål. Men i Røldal, der snakkar dei skikkeleg nynorsk, seier Randi Ødegård.

Ho er mastergradstudent og har sett på korleis barn og unge snakkar i Odda og Tyssedal.

– Eg har sett på om dialektane deira nærmar seg kvarandre, og har samanlikna med ei hovudfagsoppgåve frå 1976, seier Ødegård.

Ho seier at ho hadde trudd at ungdommane kom til å ha dialektar som likna meir enn det viste seg at dei faktisk gjer.

– Talemåla nærmar seg kvarandre, ein ser det mellom anna på pronomen og nektingsformer, seier ho.

Korleis snakkar dei på dei store industristadane på Vestlandet, og kvifor gjer dei det? Ei forskargruppe ser på talemålsutviklinga i Odda, Tyssedal, Sauda og Årdal i eit hundreårsperspektiv. På biletet er universitetslektor Irene Hareide og stipendiat Helene Hildremyr i Sauda. Foto: privat

Årdal heng litt etter
– Kva med Årdal?

– Ja, kva med Årdal, humrar Neteland.

– Fabrikken der vart ikkje opna før like etter krigen. Mange av innflyttarane kom frå Vestlandet, men dialekten er likevel annleis enn i bygdene rundt. Men i Årdal er det framleis litt kaotisk – talemålet har ikkje stabilisert seg heilt endå.

Felles for dei fire industristadane er at dialektane er meir forenkla enn talemålet ein finn i bygdene rundt.

– Dette ser ein i Årdal òg, men kanskje i noko mindre grad. Dei unge seier «Årdal», ikkje «Aordal», og dei seier «fjell», ikkje «fjedl». Men dei har framleis mellom anna i-mål, seier Neteland.

Håpar på fire band
Prosjektet er støtta av Forskingsrådet.

– Målet er å få publisert prosjektet i fire band, seier Bugge.

– Eg har vore i kontakt med museet i Odda, og dei er interesserte i ei språkavdeling, seier Hildremyr.

Etter planen skal den første av dei to avhandlingane vera ferdig neste vår.

 

Framsidefoto: Privat

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed