Minneord Paul G. Roness

Publisert:27. mai 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Professor Paul G. Roness ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen døydde 17. mai, 61 år gamal.

Vi har mist ein god ven og ein særdeles respektert kollega. Paul var ein kjernekar både som menneske og som fagmann. Han var ein typisk lagspelar og miljøbyggjar som velvillig tok på seg oppgåver til beste for fellesskapet, og han la ned ein stor innsats for instituttet både fagleg, administrativt og sosialt. Han la mykje arbeid i undervisning og rettleiing av studentar og var aktiv i utvikling av nye undervisningstiltak. Paul G. Roness spreidde positivitet rundt seg. Han hjelpte mange. Han hadde slik ro, ståpåvilje og evne til å fullføre. Sjølv når livet vart vanskeleg såg han dei positive sidene. Han var ansvarsfull, grundig og konstruktiv. Han var ein stødig, kunnskapsrik, klartenkt og samvitsfull kollega som det var ei stor glede å samarbeide med. 

Hans faglege karriere starta under den første norske maktutgreiinga tidleg på 1970-talet, og han vart fast tilsett ved instituttet i 1983, forsvarte doktorgraden i 1993 og vart professor i 1998. Han har vore instituttstyrar og hatt mange andre administrative verv. Han har også hatt tilknytning til LOS-senteret og Rokkansenteret.

Fagleg har Paul G. Roness særleg arbeidd innafor offentleg politikk og administrasjon, institusjonell og organisatorisk endring, statleg forvaltning, forvaltningspolitikk, administrative reformer og studie av tenestemannsorganisasjonar i ein norsk og internasjonal samanliknande kontekst. Mellom anna var han grunnleggjaren av Forvaltningsdatabasen som gjev oversyn over organisasjonsendingar i norsk statsforvaltning sidan 1947. Databasen er ei unik innovativ datakjelde som har fått stor internasjonal merksemd. Han var aktiv deltakar i fleire internasjonale forskingsprosjekt, mellom anna The Comparative Public Organization Data Base for Research and Analysis (COBRA) og Comparative Research Into Current Trends in Public Sector Organizations (CRIPO). Roness var medforfattar av fleire lærebøker på norsk og engelsk, og har utgitt ei rekkje fagbøker, bokkapittel og artiklar i nasjonale og internasjonale fagtidsskrift. Hans siste bok var Autonomy and control of state agencies: Comparing states and agencies (med K. Verhoest, B. Verschuere, K. Rubecksen og M. MacCarthaigh) . Basingstoke: Palgrave Macmillan 2010.  Han var også redaktør av Nordiske Organisasjonsstudier. Han var ein aktiv deltakar på nasjonale og internasjonale fagleg konferansar og hadde eit breidt fagleg nettverk. Paul G. Roness hadde ein stor fagleg produksjon og var ein internasjonalt anerkjent og respektert fagmann på sitt spesialområde. Det er eit stort tap for fagmiljøet både på instituttet, i Bergen ellers, men også nasjonalt, nordisk og internasjonalt at han no er borte. Med si systematiske og inkluderande arbeidsform og sitt imponerande minne var han ein svært verdifull forskar og ein stor ressurs for oss alle. Dei faglege bidraga hans vil bli ståande. 

Paul G. Roness var også ein stor humørspreiar og kjent for sin lune, underfundige og vittige humor som skapte god stemning rundt han. Paul. Vi vil hugsa hans artige poeng og tørre kommentarar om mangt og mykje.

Det er eit stort tomrom etter Paul både som person, som ven, som familiemedlem, som fagmann og som kollega. Det er eit sårt tap for oss alle, men særleg for han næraste.

 

Professor Per Lægreid

Vener og kollegaer i Bergen og Oslo

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed