Høg himmel over språket

Publisert:15. mai 2013Oppdatert:15. mai 2013, 09:46

Hausten 2015 skal etter planen det siste bandet i den første vitskapelege norske språkhistoria verta gitt ut.

Helge Sandøy og Agnete Nesse er hovudredaktørar for den nye norske språkhistoria. I tillegg har kvart av dei fire banda ein eigen redaktør. Foto: Hilde Kristin Strand

Den nye norske språkhistoria kjem til å ta plass i bokhylla. Om lag tusen sider vert ho på, delt i fire band. Hausten 2015 kjem etter planen det siste bandet.

Det byrja i 2008. Helge Sandøy, som er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, var med i ei gruppe som søkte som status som Senter for framifrå forsking. Prosjektet kom til finalen, men fekk ikkje senterstatus.

– Me ønskte ein høgare himmel over arbeidet vårt. Etter kvart som me snakka om SFF-prosjektet, såg me at alt i det store perspektivet var viktig i norsk språkhistorie, seier Sandøy.

Tanken om at ein måtte samarbeida med andre melde seg, og entusiasmen hos kollegaar over heile landet var stor. Men då forskarane kontakta Forskingsrådet (NFR) om midlar til å forska på ulike forsømte tema i språkhistoria, sa NFR nei.

– Me fekk beskjed om at å skriva ei ny språkhistorie neppe ville verta rekna som forsking, seier Sandøy.

– Ein skal jo helst oppdaga nye omlydar eller runesteinar.

Den første vitskapelege språkhistoria
Sju år etter den første ideen kjem likevel det fjerde og siste bandet i Norsk språkhistorie etter planen ut. Det første kjem neste vår. Sandøy er hovudredaktør saman med postdoktor Agnete Nesse.

– Det har aldri tidlegare vorte skrive ei vitskapeleg språkhistorie, seier Nesse.

– Dette er heilt annleis innan litteraturfeltet, der det har vore skrive fleire verk,legg ho til.

Sidan NFR ikkje ville støtta prosjektet med pengar, vart språkhistorieskrivinga eit reint skriveprosjekt, der etablerte forskarar har vorte spurt om å skriva om tema dei tidlegare har jobba med.

– Dersom me hadde fått midlar frå NFR, kunne me tilsett til dømes stipendiatar. No er dei som skriv i hovudsak etablerte forskarar som kan gjera dette arbeidet som ein del av forskinga si, seier Nesse.

Om lag førti forskarar bidreg til den nye språkhistoria. Av dei er åtte frå UiB.

Samla i tema
Det første bandet tek for seg struktur og variasjon, det neste språket i bruk. Band tre heiter språkideologi, og til slutt kjem det eit band med kronologisk oversyn.

– Ein kan fokusera meir når ein deler verket inn i tema, det gjer det meir heilskapleg, meiner Sandøy.

Når folk flest tenkjer språkhistorie, tenkjer ein gjerne på nynorsk og bokmål. Men den debatten er ikkje den som kjem til å få mest plass i det nye verket.

– Me skriv mellom anna litt om utviklinga av språk i radio og fjernsyn og ser på korleis ein har snakka der og på samanhengen mellom skrift og tale. Tidlegare har språkhistoria fokusert på munnleg språk i gamal tid, men berre på skriftleg språk i nyare tid. No prøver me å skildra både skriftspråket og talemålet gjennom heile språkhistoria, i den grad det er mogleg, seier Nesse.

– Norsk som andrespråk har òg kome med – det er viktig, seier ho vidare.

Jobbar prosessorientert
Med mange forfattar frå totalt ni universitet og høgskular, må det ein del organisering til. Ein redaksjonssekretær er tilsett, og ho oppdaterer òg prosjektet sine nettsider. Forskarane har skriveseminar for kvart enkelt band.

– Artiklane i det første bandet har ein no byrja å senda til fagfeller for vurdering. Til hausten skal ein ha ein ny runde med dette, seier Sandøy.

Han seier at når så mange arbeider saman er det nokre utfordringar som dukkar opp: Korleis kan ein få alle til å nytta same stil når dei skriv? Og kva omgrep og diskusjonar kan ein ta for gitt at lesarane kjenner til?

– Dette er eit vitskapeleg verk, og me håpar at det vert eit referanseverk. Me jobbar med gode register, seier Nesse.

Ho seier at forskarane ikkje ønskjer å legga teksten på eit for lågt nivå.

– Eg trur den prosessorienterte måten å jobba på gjer tekstane betre. No leverer ein frå seg kanskje ti sider til kollegane, i staden for ein heil artikkel som kanskje er seksti sider. Så får ein innspel undervegs.

Definerte alle som språkhistorikarar
Både Danmark og Sverige har eigne språkhistorier i fleire band, men dette er altså det første slike verket i Noreg. Ikkje i noko av landa er språkhistoriemiljøa store.

– I Danmark hadde disiplinen eigentleg døydd ut – det var ingen som jobba med dette feltet. Då valte ein å definera alle som språkhistorikarar, seier Sandøy.

Heller ikkje i Noreg har ein mange forskarar som jobbar særskilt med språkhistorie.

– Dette prosjektet kan styrka ein disiplin. Ved UiB har me ikkje lenger nokon i fast stilling som jobbar spesielt med språkhistorie. Men det vert av og til skrive masteroppgåver i språkhistorie, seier Sandøy.

No er forskarar som er ekspertar på både norrønt språk, grammatikk og sosiolingvistikk med som forfattarar.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed