Fire bergensmiljø vil bli SFU

Publisert:31. mai 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Institutt for biologi står bak ein av dei 24 søknadane om å bli Senter for framifrå utdanning. – Biologi har ein enorm samfunnsrelevans, seier Vigdis Vandvik.

På bordet til NOKUT ligg i alt 24 søknadar frå miljø som vil bli om å bli Senter for framifrå utdanning (SFU).

Fire av dei er sendt frå UiB. Innan utgangen av 2013 vil NOKUT ha bestemt seg for kven som skal få status som Senter for framifrå utdanning.

Olje, fisk og turisme
Eit av dei miljøa som gjerne vil levere framifrå utdanning er Institutt for biologi.

– Dei viktigaste næringane for norsk økonomi er olje, fisk og turisme er basert på biologisk produksjon. Vi ser at biologi har ein enorm samfunnsrelevans, seier Vigdis Vandvik til På Høyden.

Saman med Havforskningsinstuttet, Universitetet på Svalbard og Forskingsgruppa for læring og undervisning i høgare utdanning ved Det psykologiske fakultet har Institutt for biologi søkt om å få SFU-midlar til «Centre for Excellence in Biology Education (BioCEED)».

Vigdis Vandvik fortel at det store spennet i biologifaget får implikasjonar for korleis dei nye biologane må vere, og korleis Institutt for biologi best skal utdanne studentane.

– Har vore treige
– I høgare utdanning har vi vore litt treige med å implementere teoriar om korleis studentane kan ta ansvar for eiga læring, og verkeleg verte involverte i læringssituasjonen. Studentane skal få høve til korte og etter kvart lengre utplasseringar, slik at dei kan sjå korleis miljøa fungerer. Ved Institutt for biologi har vi eit fantastisk godt samarbeid med næringsliv, forvaltning og forsking. Dette vil vi dra nytte av, seier Vigdis Vandvik.

Klart for kulturskifte
SFU-midlane skal også brukast til å utvikle fagmiljø som byr på framifrå utdanning. Vigdis Vandvik meiner tida no er inne for å ta dei gode elementa frå den profesjonelle akademiske kulturen inn i læringskulturen.

– Forskarkulturen er internasjonal. Den er basert på fagfelleevaluering av kollegaer sitt arbeid. Ein har etablerte system for korleis ein evaluerer innsats og heidrar suksess. I lærekulturen på universitetet er vi litt privatpraktiserande. Vi kritiserer ikkje kvarandre si undervisning. Det er ein tanke om at kvar mann har sitt kurs, seier Vandvik.

Ho legg til at dette kulturskiftet ikkje kan skje i løpet av eit kjapt haustsemester.

– For å få det til vi vi mellom anna skape arenaer der vi kan diskutere undervisning, samt kritisere og rose kvarandre. Vi vil ha undervisningsgrupper med ansvar for kursa, samt hente inn både professor 2-arar og gjesteforelesarar. Vi skal arrangere ei internasjonal konferanse om biologilæring.

Første opne utlysing
Dette var første ordinære utlysing av Senter for framifrå utdanning. I år var utlysinga opa for alle fagmiljø innan høgare utdanning. Sentra vert tildelt for fem år, med høve til forlenging i fem år til. Sentra vil få tre millionar kroner i årleg toppfinansiering.  Ein ekspertkomité vil avgjere kven som går vidare til finalerunden. Innan årsskiftet vil komiteen ha valt ut dei beste søknadane, og ha bestemt kven som får midlar.

Heile 19 andre institusjonar vil huse Senter for framifrå utdanning. Blant desse er Universitetet i Oslo, som har sendt i inn fem søknader. NTNU har også sendt inn fem søknader. Universitetet i Tromsø har sendt inn ein søknad, Universitetet i Agder har sendt inn to.

Også Høgskulen i Buskerud, Høgskulen i Hedmark, Høgskulen i Oslo og Akershus, Høgskulen i Stord/Haugesund, Høgskulen i Sør-Trøndelag, Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole vil gjerne bli SFU.

– Gledeleg
Direktør Terje Mørland er nøgd med talet på søknader.

– Det er gledeleg at vi har fått så mange søknader. Dette stadfestar inntrykket vi har om at det er stor interesse for incentivordningar for framifrå utdanningskvalitet, seier Direktør Terje Mørland i ei pressemelding.

SFU midlane er meint å bidra til godt samarbeid mellom relevante yrkes-og utdanningsfelt. Ønsket frå NOKUT er at pengane skal bidra til fornying og kvalitetsheving ved institusjonane.

Forsidefoto: Lars Holger Ursin

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed