Får aula-løyving i Christie namn

Publisert:6. mai 2013Oppdatert:6. mai 2013, 15:25

– Dette blir stort! Rektor Sigmund Grønmo er meir enn nøgd. Draumen om ny storstue blir verkeleg i valåret 2013. Men Universitetsmuseet kjem truleg til å bli stengt i fleire år under ombygginga.

Ein strålande nøgd rektor inviterer til kakefest klokka 16 måndag. Foto: Dag Hellesund

Sia 2008 har Grønmo ført kampen for ny aula i sørfløyen av Universitetsmuseet. I førre veke blei det endeleg klart at prosjektet kjem i gang, etter fleire år og budsjettframleggingar utan dei ønska løyvingane.

Milliardar til Bergen
Etter det På Høyden kjenner til fekk UiB-leiinga så seint som i slutten av førre veke signal om at dei ville få pengar over revidert nasjonalbudsjett, og i helga lak forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen og SV-leiar Audun Lysbakken saka via Bergens Tidende . Kunst- og designhøgskolen i Bergen får og pengar, og til saman utløyser dei to løyvingane ca. 1,3 milliardar statlege kroner til Bergen. Sørfløyen av Universitetsmuseet får 20 millionar kroner til detaljprosjektering, riving og oppstart av prosjektet, og Kunsthøgskolen får 15 millionar kroner til oppstartsfasen.

Rekk det til 2015
For Universitetsmuseet tyder det på at ein kan gå i gang med førebuingane til aulaen med ein gong. Sigmund Grønmo håpte opprinneleg at aulaen skulle stå klar til grunnlovsjubileet i 2014, men då det ikkje kom løyvingar til revidert nasjonalbudsjett i fjor, blei det klart at det ikkje var gjennomførbart.

– Men no rekk vi nok å få det ferdig til 2015. Det trur både Statsbygg og Kunnskapsdepartementet, fortel Grønmo.

Fekk ideen i 2008
Det var Grønmo personleg som fekk ideen til aulaen sommaren 2008. Universitetsmuseet hadde fått kritikk frå både Riksrevisjonen og kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget for kritikkverdige tilhøve ved magasina på museet. Ei gruppe som hadde jobba med saka hadde sett for seg større utstillingslokale for museet, men Grønmo kom på ideen om aula, som kan opne universitetet for resten av samfunnet på ein heilt ny måte.

Intens lobbing
– Det er veldig tilfredsstillande å få dette på plass mens eg framleis er rektor. Som einskildprosjekt har dette vore noko av det mest tilfredsstillande å jobbe med mens eg har vore rektor, fortel Grønmo. Men vegen frå ideen i 2008 til løyvinga som opnar for oppussinga har vore lang, og full av lobbyverksemd. Politikarar både lokalt og nasjonalt har vore kontakta, og alle har vist stor forståing for prosjektet, men inntil no har det alltid vore andre prosjekt som har kome før i køen. Grønmo har mellom anna oppretta eit råd for museumsopprustinga, som har lobba for saka. I rådet sit professor Gudmund Hernes, professor Ole Didrik Lærum, byrådsleiar Monica Mæland, fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg, tidlegare stortingsrepresentant Reidar Sandal og administrerande direktør Arne Skauge. I vår har både Thorbjørn Jagland og mangeårig Dagbladet-journalist Gudleiv Forr skrive innlegg til fordel for aulaen.

Inngang frå sida
Hovudinngangen til aulaen blir frå Olaf Ryes vei, gjennom Muséhagen og inn gjennom ei ny dør i underetasjen, mellom søylegangane. Innanfor blir det garderobe, toalett og andre fasilitetar. Så blir det trapp opp til første etasje, der det blir vrimleareal. Aulaen blir i andre og tredje etasje, med stor takhøgde. Det blir og muleg å ha scene i kvar ende av salen.

– Aulaen vil kunne brukast til mange arrangement, og det vil til dømes vere naturleg å ha Christiekonferansen her. Konsertar og store middagar kan haldast i salen, fortel Grønmo.

Og utstillingslokala til museet blir akkurat like store som før, forsikrar han. Men i tillegg kjem det ein kafe, som både kan brukast av museet og aulaen.

Liten risiko
Sjølv om løyvinga berre er på 20 millionar kroner av eit totalramme på 321 millionar kroner for sørfløyen, er ikkje rektor uroleg for at vidare utbygging skal bli stogga.

– Risikoen for det er liten. Det er rimeleg automatikk i budsjettprosessen at ein får resten når prosessen er i gang. Heile opposisjonen har dessutan støtta aulaen, så eit regjeringsskifte vil ikkje gjere noko, seier Grønmo.

365 milllionar for resten
Han har og ei von om at det skal vere muleg å få løyvingar til nord- og midtfløyen, med oppgradert bygg, tårnrom i midtfløyen og langt betre infrastruktur for utstillingane.

Prosjektleiar Arne Blix i Statsbygg er einig i at det er tvingande naudsynt å gjere noko  med resten av museet og.

– Men der ventar vi tidlegast ei løyving i statsbudsjettet for 2014, seier Blix.

Mens UiB har operert med eit tal på 328 millionar kroner, fortel Blix at Finansdepartementet har kutta litt i posten, som no står på 321 millionar kroner, før politisk handsaming. Om alt går etter planen vil Statsbygg få oppgåva med sørfløyen før Stortinget tek ferie i juni, og dermed blir reell oppstart truleg i august. Blix trur det er realistisk å bli ferdig med sørfløyen i løpet av 2015. I forslaget for rehabilitering av nord- og midtfløyen ligg kostnadene så langt på kring 365 millionar kroner.

Må stengje museet
Universitetsmuseet blir truleg stengt seinhaustes i år på grunn av arbeidet med aulaen, og om UiB får løyvingar til nord- og midtfløyen òg kan stenginga bli langvarig. Mange av utstillingsobjekta er så skjøre at dei ikkje vil tåle støvet og ristinga som dei omfattande arbeida fører med seg. Sommaren og hausten i år kan difor bli siste sjanse til å få med seg samlingane på ein del år. Til gjengjeld blir det langt betre tilhøve for både tilsette og publikum når heile bygget er ferdig oppussa.

I pur glede over løyvinga i revidert statsbudsjett inviterer UiB alle til feiring på Universitetsmuseet i ettermiddag klokka 1600.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed