Danbolt ny leiar for studentane

Publisert:29. mai 2013Oppdatert:30. mai 2013, 14:19

Bjørn Kristian Danbolt skal leia studentparlamentet det neste år. Sosialdemokratane får heile fem i studentparlamentet og både leiar-og nestleiarvervet.

Bjørn Kristian Danbolt let masteroppgåva venta eit år. Frå hausten skal han vera leiar for studentparlamentet. Det er eit heiltidsverv. Foto: Jin Sigve Mæland 

– Studentparlamentet driv med spanande arbeid. Det er det viktig å få gjort tydeleg, seier Bjørn Kristian Danbolt.

Måndag vart 25-åringen, som tek mastergrad i samanliknande politikk, valt til leiar for studentparlamentet det neste året.

Halve arbeidsutvalet
Både leiaren og nestleiaren i studentparlamentet kjem frå sosialdemokratane neste år, Tommy Aarethun vart valt som nestleiar.  Det skriv Studvest. Danbolt og Aarethun skal òg sitja i arbeidsutvalet, som fungerer som studentparlamentet si «regjering». Med i arbeidsutvalet vart òg Hilde K. Moe, som representerer HF-lista, og Erlend Sand, som stilte til val som uavhengig kandidat.

Sosialdemokratane fekk fem kandidatar inn i studentparlamentet. Blå liste fekk fire, psykologisk studentutval si liste fekk tre, det same gjorde liberal liste. HF-lista og radikale studentar fekk to mandat kvar.

Måndag skulle studentane i tillegg til arbeidsutval og leiar velja kven som skal representera studentane i ulike råd og utval.

– Me er nøgde med at valoppslutnaden har gått opp seks prosentpoeng, til 19 prosent. Me vil framleis jobba for å vera synlege og visa at studentparlamentet er relevant for studentane, seier Danbolt.

– Fekk de representantar til alle verva?

– I år tok det konstituerande møtet lang tid, for det var mange som ville ha ulike verv. Vanlegvis har arbeidsutvalet brukt lang tid på å skaffa representantar, men i år er det berre eit par stader me manglar. Engasjementet er bra, seier Danbolt.

Vil kjempa for studentbustader
Han seier det er to saker som vert særleg viktige når han tek over som leiar i august.

– Det første er å få til eit godt samarbeid med den nye universitetsleiinga. Me skal passa på at Dag Rune Olsen følgjer opp valløfta sine, seier Danbolt.

– Kva løfte tenkjer du først og fremst på?

– Han lova fleire studentlokale, slik som Ad Fontes på HF. Me er òg opptekne av å få pussa opp lesesalar og slik få eit betre læringsmiljø, og me er opptekne av mentorordninga, som no byrjar å koma i gang.

Den andre viktige saka er nasjonal. I samband med valet i haust har Danbolt ein klar plan om kva som bør stå i den nye regjeringa si erklæring: 3000 nye studentbustader.

– Dette er ei sak det vert jobba med nasjonalt. Eg ønskjer at UiB skal ha ei viktig stemme i debatten, og vil jobba for å få flest mogleg av studentbustadane til Bergen, seier Danbolt.

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed