Feilmelding

The answer you entered for the CAPTCHA was not correct.

Vil oppretta kontor for etter- og vidareutdanning

Publisert:16. april 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Senter for etter- og vidareutdanning kan verta erstatta av Kontor for etter- og vidareutdanning. – Eg fryktar eit dårlegare tilbod, seier instituttleiar Leiv Egil Breivik.

I november i fjor heitte det at ein koordinator og medarbeidarar i tre av seksjonane ved studieadministrativ avdeling ville ha dedikerte oppgåver til etter- og vidareutdanning. Desse skulle samarbeida med Kontor for samfunnskontakt og kommunikasjonsavdelinga, og skulle henta inn kompetanse og kapasitet frå alle aktuelle avdelingar og ha faste kontaktpunkt med fakulteta.

I dag har Senter for etter- og vidareutdanning (Sevu) ni tilsette og er organiserte som ei eiga eining under studieadministrativ avdeling.

Når universitetsstyret skal handsama ei sak om etter- og vidareutdanning  (EVU) denne veka, heiter det i sakspapira at ein ønskjer å oppretta eit kontor for etter- og vidareutdanning. Kontoret vil få sju medarbeidarar, fordelt på vel seks årsverk. Det skal vera tett kontakt med og ei lokalisering som ligg nær kontor for samfunnskontakt. Stillinga som leiar for kontoret og to stillingar som skal vera tydeleg innretta for fakulteta skal lysast ut.

Håpar støtta ikkje vert svekka
I sakspapira heiter det at «behovet for å ha en sentral og tydelig enhet for EVU er understreket og et premiss for arbeidet videre». Samstundes er alle EVU-prosjekt er no i ferd med å verta overført til dei ulike fakulteta.

– Ut frå det inntrykket mange har fått om at alt det sentrale skulle byggjast ned, er dette betre enn utgangspunktet, seier Johan Myking.

Han er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og ein av dei som har vore uroa for Sevu si framtid. I eit lesarbrev i februar spurte han kva rektorteama vil med etter- og vidareutdanning.

«Det er vanskeleg å sjå for seg korleis eit institutt kan makta å halda oppe desse etterspurde tilboda utan den slagkrafta som SEVU representerer, langt mindre skapa nye. Skal eit institutt auka innsatsen for EVU, må det anten føra med seg ei kraftig oppbemanning, eller det vil måtta gå ut over campusstudentane.  Alt dette har vi gong på gong sagt klårt frå om der vi har fått sjansen. Det same har andre institutt gjort. Vi har vondt for å sjå grunngjevinga for dei planlagde endringane», skreiv Myking.

Det humanistiske fakultetet har den største emneporteføljen innanfor etter- og vidareutdanning. Mange av kursa er ved LLE og Institutt for framandspråk (IF).

– Me får håpa og tru at den faglege støtta ikkje vert svekka. Me får ei utfordring dersom nøkkelpersonar ikkje er tilgjengelege lenger, seier Myking.

Fryktar dårlegare tilbod
– Eg trur Myking og eg er heilt samde i denne saka. Me har hatt eit utmerka samarbeid med Sevu, og eg kan ikkje skjøna at denne løysinga skal erstatta det. Me har til dømes eit tilbod i nettspansk, der samarbeidet har vore svært godt, seier Leiv Egil Breivik.

Han er instituttleiar ved IF.

– Eg fryktar den nye ordninga fører til eit dårlegare tilbod, men me må berre ta dette til etterretning, seier Breivik.

Har ikkje takka ja til stillingar
Då På Høyden snakka med dei tilsette på Sevu etter universitetsstyremøtet i november, sa dei at dei var uroa for kva som kom til å skje dersom dei vert spreidde. I dag har dei ni tilsette kvar sine ansvarsområde.

– Dersom me vert underlagt ulike seksjonar og ulike sjefar er me redde for at det kjem til å verta veldig byråkratisk, sa rådgivar Bjørg Hildeskår i november.

I sakspapira til møtet denne veka står det at det har vore ein omstillingsprosess ved Sevu. Det nye kontoret er tenkt å ha oppstart 1. juni. Fire av dei tilsette, som til saman utgjer 3,1 stilling, har fått tilbod om jobb der. Dette er ein rådgivar, to konsulentar og ein sekretær. Fire andre har fått tilbod om andre stillingar ved UiB. I sakspapira heiter det at dei har takka ja til desse. Det stemmer ikkje.

– Ein bemanningsplan for verksemda i ny struktur er forhandla fram, og dei aller fleste er vel plassert inn i denne. Det er berre bemanningsplanen som er forhandlingsgjenstand i omstillingsprosesser, seier Bjarne Meidell.

Han har inntil nyleg leia Forskarforbundet, og er den som har jobba med saka frå forbundet si side.

– Eg kjenner ikkje til at det ligg nye signerte arbeidskontrakter føre. Men dei tilsette skal ha fått tilbod om stillingar.  Me har ikkje høyrt noe fra medlemmene i samband med det, seier Meidell.

– Lite gjennomsiktig prosess
Verken Hildeskår eller andre hos Sevu ønskjer å uttala seg no.

– Me er i ein omstillingsprosess og synest ikkje det er rett å seia noko no, seier Hildeskår.

– Me får ta prosessen til etterretning. Men eg synest det har vore ein lite gjennomsiktig prosess, seier Leiv Egil Breivik.

– Spørsmålet er når dette vart ein omstillingsprosess, seier Meidell.

Då saka var oppe i universitetsstyret i november, var det fleire som reagerte på at sjølve saka ikkje handla om Sevu. Sevu si framtid var skildra i eit vedlegg, som vart kalla løypemelding av universitetsdirektøren.

– I sakspapira no heiter det at det har vore ein omstillingsprosess frå januar, men me kom inn i biletet og fekk til møte månader før dette, seier Meidell.

Universitetsdirektøren sitt forslag til vedtak er at universitetsstyret sluttar seg til planane for organisering av og tenester for universitetet si fakultetsbaserte EVU-baserte verksemd slik dei er gjort greie for i saka, og at styret ser fram til ein forslag til handlingsplan for etter- og vidareutdanning for behandling i styret våren 2014.

 

Framsidefoto: Jan Kåre Wilhelmsen

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.
Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed