Kran kan flytta gamal stein

Publisert:12. april 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

– Dette er ikkje hastverksarbeid, smiler Christopher Donné medan han bukserer pallar med 900 år gamal stein på plass på lasteplanet.

Håkonshallen er bada i sollys. Nedanfor ligg eit mindre bygg, som var ein del av Magnus Lagabøte sitt kongsgardsanlegg. Døra inn til bygget er opa. Her ligg det stein på stein. Det vil seia, det låg stein på stein. Lastebilen som blokkerer det eine kjørefeltet på Festningskaien får stadig nye pallar med stein på lasteplanet.

Det er Universitetsmuseet si steinsamling som er på veg til ein ny heim.

– Me må vera forsiktige og ikkje ha hastverk, seier Christopher Donné. Han styrer kranen som løftar ein etter ein av dei 210 pallane med stein som er godt festa.

– Eg har vel ikkje flytta noko som er så gamalt før, legg han til.

Steinar frå 1100-talet
Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal viser veg inn i det vesle steinhuset.
– Universitetsmuseet i Bergen har fleire steinsamlingar, og denne på Bergenhus omfattar for det meste bygningsfragment frå monumentalanlegg i mellomalderbyen Bergen, mellom anna frå Apostelkyrkja, fortel Hommedal, som er samlingsansvarleg for dette bygningsmaterialet.
Apostelkyrkja vart byrja oppført i 1270-åra. Munkeliv kloster, som det òg er steinar frå i magasinet, vart grunnlagt om lag 1110.
Universitetsmuseet har for tida eit stort prosjekt med flyttingar av fleire av magasina sine. Flyttinga av steinsamlinga frå Bergenhus til Dragefjellet er ein del av dette store prosjektet, men det er ikkje heile årsaka.
– Bygningen steinmagasinet har lagt i er sjølv verneverdig som del av mellomalderanlegget her på Bergenhus. No treng også dette kulturminnet til konservering og må tømmast, seier Hommedal.

Fann hjelpelinjer
Alle steinane er katalogiserte og har sitt eige nummer. Dei største er mellom 700 og 800 kilo. Andre er mykje mindre. Felles for dei er at dei er små fragment av historia, som kan fortelja noko om både kva type bygningar dei var del av, korleis dei var laga og kva stilepoke dei høyrde til.
– Ei flytting vil alltid bety revidering. Når steinane no bokstaveleg tala kjem ut i lyset ser ein detaljar ein ikkje nødvendigvis har sett før. Eg har til dømes funne hjelpelinjer som steinhoggaren har laga, fortel Hommedal.
Geolog Øystein Jansen, som er amanuensis ved Universitetsmuseet, har saman med arkeologar teke prøvar av ein del av steinane i magasinet. På denne måten kan han seia noko om kor dei kjem frå.
– Me har funne femten steinbrot i Hordaland. Eit av dei, Lykling på Bømlo, vart brukt i perioden 1100-1150. Det betyr at stein derifrå vart brukt til både Nonneseter, Mariakirken, Korskirken og Domkirken. Steinbrotet vart stor industri, seier Jansen.

Stein i lufta! Sakte vert ein og ein palle løfta over ringmuren og plassert trygt på ein ventande lastebil. Alle foto: Hilde Kristin Strand

Kjemisk analyse
Geologen og arkeologen arbeider saman. Jansen gjennomfører ein kjemisk analyse av pulverisert steinprøve. Hommedal kan seia noko om kva type bygningar og bygningsdelar dei ulike steinane vart nytta i.
– Når alle steinane er flytta, skal dei plasserast på nye pallar av plast og lagrast trygt. Samlinga er ei rein magasinsamling, det betyr at ho ikkje som heilskap vert tilgjengeleg for publikum. Men delar av samlinga vert stadig henta fram og presentert i utstillingar ved museet, seier Hommedal.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed