– Dette er ganske graverande

Publisert:23. april 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

– Me har ikkje praktisert meiroffentlegheit, fakultetsdirektør, sa ein opprørt Jan Heiret.

– Dette er ganske graverande og bortimot desinformasjon, sa Jan Heiret i HF sitt fakultetsstyremøte tysdag.

På Høyden skreiv denne veka om ei tilsettingssak ved Institutt for framandspråk. Det tok heile fem dagar å få tilgang til komiteen si innstilling, sjølv om det i UiB sine interne retningslinjer heiter at det i tilsetjingar i vitskapelege stillingar skal vera meiroffentlegheit.

– Munnkorg
– Vurderinga frå den sakkunnige komiteen kan vera offentleg når denne er sendt frå dei som gjer innstillinga. Me har nok hatt ei strengare vurdering av dette, og praktisert at vurderinga har vore unnteke fram til etter behandling i fakultetsstyret, svarte fakultetsdirektør Trine Moe på spørsmål frå Gisle Selnes.

– Dette har vore stilt spørsmål om tidlegare. Me har site her i fire år og har trudd at me ikkje har kunna seia eit pip verken før eller etter møtet. Me har ikkje fått nokon informasjon om dette. Me har hatt fleire vanskelege tilsetjingssaker, eg kan berre nemna Lunde-saka. Det er så vidt eg veit ingen her som har brukt papir i den saka på nokon måte – me har fått inntrykk av at alt i desse sakene er hundre prosent tausheitsbelagte, sa ein opprørt Heiret.

– Dette er oppsiktsvekkjande. Me har vorte pålagt total munnkorg.

Dekan er prinsipielt samd
Heiret meiner at ein kunne unngått ei rekkje problematiske sider ved fleire tilsetjingssaker dersom prinsippa hadde vorte praktisert.

– Dette er inga lita sak. Det har ikkje vore praktisert meiroffentlegheit, fakultetsdirektør, sa han.

Dekan Gjert Kristoffersen sa at han har prøvd å ta saka vidare oppover i systemet – utan hell.

– Eg har fått beskjed om at dette er linja ein skal ha. Eg synest dette er vanskeleg, for eg er prinsipielt samd med deg, sa han til Heiret.

Unntak etter paragraf fem
I dei tidlegare retningslinjene, som var vedtekne i det dåverande kollegiet, heitte det om tilsetjing i vitskapelege stillingar at «saksforelegget med innstillingsmyndighetens innstilling blir offentlig når fakultetsdirektøren sender dette til fakultetsstyret. Det samme gjelder den faglige vurderingen fra bedømmelseskomiteen». No finst det eit notat som heiter «Retningslinjer for offentlighet i personalsaker ved UiB». Her heiter det at ein skal bruka utsett offentlegheit etter paragraf fem i Offentleglova når det er snakk om tilsetjing i vitskapelege stillingar.

– Korleis kom restriksjonen i 2005? Då fakulteta fekk ansvar for å tilsetja i professorat var meiroffentlegheit ein føresetnad. No er dette fjerna med eit pennestrøk, sa Selnes.

Han etterlyste ein heimel for å kunne unnta.

– Eg har peika på at dette er problematisk. Her har me eit administrativt vedtak som erstattar eit vedtak i kollegiet, sa Kristoffersen.

Han sa at UiB sentralt no går gjennom dagens retningslinjer, og at det skal lagast nye retningslinjer.

– Retningslinjene ein har no gir oss det me har bede om. Men me har ikkje visst om desse, kommenterte Heiret.

Meir katolsk enn paven?
Dekan sa at han tek kritikken til seg, og at han vil følgja opp saka.

– Eg beklagar veldig dersom eg ikkje har gitt informasjon, sa Moe.

– Me har gitt innsyn etter vedtak når nokon har bede om det. Men eg er samd i at det har vore litt for lite info om dette.

– Er det eit poeng at me skal ha strengare reglar enn me må? Det er vel ingen grunn til å vera meir katolsk enn paven, kommenterte Anne Granberg.

– Me kan vera samde om at slike saker skal vera offentlege når dei er oversendt til fakultetsstyret, svarte Kristoffersen.

Det som då vil vera offentleg, er den sakkunnige komiteen si vurdering og eventuelle kommentarar frå søkjarane og svar på desse. Instituttleiar si innstilling og saksframstillinga styret får, vil vera unnteke offentlegheit.

 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed