Næringslivet og UiB

Publisert:14. mars 2013Oppdatert:9. september 2013, 16:33

LESERBREV: Prorektorkandidat Vigdis Broch-Due gjer sitt for å skape temperatur i den pågåande rektordebatten ved UiB. I ein debatt denne veka kritiserte ho eit innlegg eg forfatta i haust saman med rektorkandidat Dag Rune Olsen.

Eg kan godt klargjere at dette innlegget var forfatta før det var kjend for meg at Dag Rune Olsen skulle stille som rektorkandidat.


Meir substansielt går Broch-Due sterkt imot samanlikningane vi gjer mellom Noreg og USA. Ifølgje På Høydenseier ho at ”Vi trenger heller den norske virkeligheten enn drømmen om USA”. Ho seier også at amerikanske universitet blir drive på ein måte som gjer at dei liknar meir på bedrifter og at dette er ei stygg bakside av den amerikanske medaljen.

Etter å ha budd fire år i USA og snakka med mange universitetsleiarar, kjenner eg meg ikkje att i dette. Poenget vårt var at vi kan lære meir av samhandlinga som finst i USA mellom universitet og næringsliv. I Noreg har næringslivs-ph.d.-er vore ein stor suksess, og regjeringa følgjer i forskingsmeldinga opp oppmodinga frå oss og andre om å styrke denne satsinga. At Broch-Due seier rett ut at ho er i imot dette, er oppsiktsvekkande.

Forskingsmeldinga seier også at institusjonane skal få eit sterkare insentiv til å få inn private gåver til forsking. Vi får ei ny gåveforsterkingsordning. USA er kjenneteikna av dei sterke bidraga frå næringslivet og private donorar. Olsen og eg ønskte å syne at Noreg har ein del å lære her.

At ein prorektorkandidat er så negativ til private bidrag, tykkjer eg er urovekkande. UiB og Bergen har nytt svært godt av fantastiske Trond Mohn sine bidrag, og vil vonleg gjere det også i framtida. Universitetet har eit sentralt samfunnsoppdrag, og det inkluderer betre kontakt med samfunnet og dermed næringslivet. Vi får håpe at UiB ikkje får ein prorektor som er mot dette.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed