Når ein snakkar nynorsk og bokmål

Publisert:20. mars 2013Oppdatert:20. mars 2013, 13:54

Ein snakkar bokmål i Oslo. Men ein kan gjera det i Øygarden òg.

«Så å si ingen «snakker» nynorsk. Vi må skille mellom talemål og skriftspråk. Det norske talemålet består av mange dialekter: Bergensk, nordnorsk, østlandsk osv. Derimot har vi to skriftformer: Nynorsk og bokmål».

Dette svaret frå Språkrådet fann stipendiat Randi Neteland då ho googla ordkombinasjonen «snakke nynorsk».

For sjølv om ordkombinasjonen ikkje er i bruk verken i offisielle dokument eller i aviser og tidsskrift, er det mange nordmenn som seier at dei sjølve eller andre snakkar nynorsk eller bokmål.

Kva meiner dei då, lurte Neteland.

Er altfor bokmål
Resultata presenterte ho under konferansen «Rom for språk» førre veke.

Ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har dei ein talebank. Der ligg opptak frå samtalar med informantar som har vorte intervjua i samband med forskingsprosjekt og masteroppgåver. Neteland fann at mange informantar, som varierer i alder og kjønn og som kjem frå ulike stader på Vestlandet, nyttar nynorsk og bokmål om talemål.

«Når eg snakkar med bestemor og sånn, då snakkar eg sikkert litt meir, litt meir sånn nynorsk», sa ein av informantane. Ein annan seier at «Eg er jo… Han broren min, han snakkar skikkeleg stril til tider. Så av og til, når eg er med, visst eg er nede hos, i, i huset hans, og så har han vener på besøk, då seier dei at eg er altfor bokmål til å vera i slekt med han».

– Eg finn at når ein seier at ein snakkar om nynorsk og bokmål, så snakkar ein om det på fleire ulike nivå, seier Neteland til På Høyden.

– Informantane plasserer til dømes ein moderne variant av lokalt bygdemål som bokmål, medan den tradisjonelle varianten av det lokale bygdemålet vert kalla nynorsk.

Skilje mellom aust og vest og bygd og by
Stipendiaten seier at det ser ut til at nynorsk vert oppfatta som det opprinnelege.

– Dersom ein sjølv har ein avslepen dialekt, ser det ut til at ein kallar seg sjølv bokmål.

Ein av stadane som ligg inne i talebanken er Øygarden. Informantane meiner at nokre der snakkar meir bokmål enn andre, men dei meiner òg at ein snakkar bokmål i Bergen.

– Omgrepa nynorsk og bokmål vert nytta for å skilje mellom talemål i bygd og by eller for å skilje mellom aust og vest i Noreg, seier Neteland.

– Mange ser nok på omgrepa nynorsk og bokmål som eit praktisk ordpar som kan skildra kontrasten mellom ulike talemål. Bokmål og nynorsk vert sett på som noko som kjem og blandar seg med det lokale talemålet, legg ho til.

Står ikkje at ein ikkje kan
Neteland har leita. Men ho klarar ikkje å finna at det nokon stad står at ein ikkje kan bruka omgrepa nynorsk og bokmål om talemål.

– Er det så farleg om brukar desse termane?

– Det er eit godt spørsmål. Me nordiskfolk snakkar jo om det, og synest det er irriterande når andre seier at dei snakkar nynorsk eller bokmål. Eg trur dette er noko ein vert lært opp til på eit eller anna tidspunkt, seier Neteland.

Randi Neteland har om lag eit år att av doktorgradsarbeidet sitt. – I avhandlingane er det vanleg å ha med litt om språket på staden ein forskar på. Det ville eg òg ha, og vart interessert i bruken av nynorsk og bokmål om talemålet, seier Neteland. Foto: Hilde Kristin Strand

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed