Den nye romalderen har starta

Publisert:7. mars 2013Oppdatert:7. mars 2013, 21:30

– Vi skal tore å tenkte stort, og vi skal våge å feile, sa Nikolai Østgaard. Han skal leie Birkeland Center for Space Science, som opna torsdag.

 

Nikolai Østgaard skal saman med forskarane på Birkelandssenteret få norsk romforsking til å fly høgt. (Foto: Ida Bergstrøm). 

– Vi vil etablere eit miljø for kreativitet. Dette er ekstremt viktig, sa Nikolai Østgaard då han opna Birkeland Center for Space Science.

Birkelandsenteret er eitt av 13 nye Senter for fremragende forskning (SFF), og er eit samarbeid mellom UiB, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) og NTNU. Dette er ein av tre nye SFF ved UiB.

Fire store spørsmål
Med SFF-statusen får Birkelandsenteret på Institutt for fysikk og teknologi 16 millionar i året.

Planane for korleis pengane skal brukast er rimeleg klare: Med fire spørsmål som utgangspunkt vil Birkelandsenteret oppdage nye område innan romforskinga, og skape nye generasjonar romforskarar.

Spørsmåla dei vil søke å finne svar på er koplinga mellom jorda og verdsrommet via polane, røntgen og gammaglimt, studera elektrisk ladde straumpartiklar i rommet og finne ut om partikkelskurar frå rommet kan påverke kjemien i jorda sitt klimasystem.

Opnar for lykketreff og slump
– Vi meiner sjølve at dei fire spørsmåla er gode. Men vi vil vere opne for å endre oss og sjå i andre retningar. Den beste forskinga skjer gjerne via lykketreff.

– Vi skal også bygge ein x-ray og ein gamma glimt-detektor. Dette kjem til å bli dyrt. Men ikkje ekstremt dyrt til vitskapeleg utstyr å vere, sa Nikolai Østgaard.

Senteret legg også planar om å sende opp ein ballong i som skal fly over sentralamerika.

– Med denne kan vi finne ut meir om tordenstormar. Vi manglar berre ein pilot som er villig til å gjere dette, seier Østgård.

Høge mål
Alle forskarane har fått eit definert mål: Dei skal vere førsteforfattar på éin publikasjon i året.  Østgaard er klar på at dette er ein ambisjon forskarane fint vil innfri.

Men viktigast av alt, er følgande:

– Det skal vere kjekt. Den dagen det ikkje er kjekt lenger, sluttar vi med ein gong.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed