Bruno Latour får Holbergprisen

Publisert:13. mars 2013Oppdatert:13. mars 2013, 13:39

Den franske vitskapssosiologen og antropologen Bruno Latour får Holbergprisen for 2013. Niels Klim-prisen går til Ingvild Almås.

– Kvifor skal ein lesa og læra noko av Latour, spurte professor Roger Strand frå Senter frå vitskapsteori retorisk. Strand var beden om å kommentera tildelinga av årets Holbergpris, som går til Bruno Latour. Prisen er på 4,5 millionar kroner.

– Latour går nye vegar for å forstå og studera det moderne samfunnet. Han har utvikla nye teoriar og metodar får studera moderne vitskap, sa Strand.

– Aldri keisam
I uttalen frå fagkomiteen heiter det at «Bruno Latour har foretatt en ambisiøs analyse og refortolkning av modernitet, og har utfordret fundamentale begreper som distinksjonen mellom moderne og før-moderne, natur og samfunn, menneske og ikke-menneske».

– Latour begynte med filosofi og gjekk så over til antropologi, sa rektor Sigmund Grønmo før han presentrete vinnaren og juryensi grunngiving.

Latour sitt første kjente arbeid, «Laboratory Life» kom i 1979. På 1980-tallet utvikla han aktør-nettverk-teorien. I «Politics of Nature» (1999) foreslo Latour å oppretta eit «tingenes parlament» og stilte spørsmål om korleis demokrati kan bringast inn i vitskapen. I hans til no siste bok «Inquiry into Modes og Existence (2012) vert denne debatten ført vidare.

«Latour er kreativ, fantasifull, lekende, humoristisk og uforutsigbar, og er ikke redd for å revurdere sine tidligere posisjoner. Hans tekning beveger seg stadig i nye, overraskende retninger, og hans vitenskapelige løpebane er i fortsatt utvikling», heiter det i komiteen sin uttale.

– Å lesa Latour er aldri keisamt, og tekstane hans er annleis enn andre akademiske tekstar, sa Strand.

Nils Klim-vinnar frå NHH
Både Holbergprisen og Nils Klim-prisen vert delt ut i Håkonshallen 5. juni. Nils Klim-prisen går i år til Ingvild Almås.

Nils Klim-prisen går til ein nordisk forskar som må vera under 35 år når han eller ho vert nominert.

– Det vert lagt vekt på både sjølvstende og evne til nyskaping, sa Grønmo før han røpa at  Almås er årets vinnar. Ho er tilsett som førsteamanuensis ved NHH. Der tok ho doktorgrad, men ho har i tillegg studert ved nokre av dei mest prestisjefulle universiteta i verda, som Oxford, Yale og Princeton.

Almås er den einaste kvinna frå Norden som har vore eineforfattar til ein artikkel i det anerkjende tidsskriftet American Economic Review. Ho har nyleg òg vore medforfattar til ein artikkel i Science.

Kjell Bjorvatn, professor ved NHH, kommenterte Almås som vinnar.

– Når ein set saman eit ekspertpanel, er det ulikskapar i inntekt som vert peika på den største utfordringa i verda. Almås har utvikla ein ny metode for å sjå på desse ulikskapane. Hennar forslag er at ein ser på kor mykje pengar ein brukar på mat. Ein veit at når inntekta aukar vil ein bruka ein mindre del av den på mat, og slik vil denne modellen kunne gi ein presis idé om inntekt. Det ein ser, er at fattigare land er fattigare enn ein til no har trudd, sa Bjorvatn.

Almås har òg jobba saman med andre forskarar i The Choice Lab på NHH, med spørsmål som ligg i grenseland mellom økonomi og filosofi.

Er i London
Almås er for tida ved London School of Economics. Ho seier til holbergprisen.no at prisen er ein stor inspirasjon for henne.

– Eg trur slike prisar er viktig generelt, men eg trur at det å motivera unge forskarar er spesielt viktig. Forsking kjennest ofte som hardt arbeid, og ein må bryna seg mot andre kritiske forskarar som må til for at forskinga skal vera av høg kvalitet, seier Almås.

Professor Roger Strand kommenterte utdelinga av Holbergprisen. Rektor Sigmund Grønmo offentleggjorde prisvinnaren. Foto: Hilde Kristin Strand

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed