Sivilombodsmannen: UiB får stryk

Publisert:22. februar 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Sivilombodsmannen slår fast at Universitetet i Bergen gjorde ei rekke feil då ein doktorgradsstudent blei kasta ut av studiet etter å ha levert ei avhandling med mangelfull sitering. No må saka handsamast på nytt, og to professorar ber universitetsstyret om å la studenten levere på nytt.

Doktorgradskandidaten fekk avhandlinga si underkjend då han leverte ho inn ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet (MOF) i november 2010, fordi det mangla referansar til to tekstar sitert i introduksjonen til arbeidet. Fakultetsstyret avgjorde at kandidaten ikkje skulle få levere på nytt, og bli skriven ut av programmet. Universitetsstyret kom til den same konklusjonen i februar 2012.

Går på dagpengar
Men etter at svaret frå Sivilombodsmannen må UiB handsame saka på nytt. I mellomtida har kandidaten hatt det tøft personleg, utan å vite om han kan byggje karrieren sin på ei doktorgrad eller ikkje.

– No står alt på vent. Eg bur i Oslo, men er arbeidsledig. For tida jobbar eg i eit arbeidsmarknadstiltak, fortel mannen til På Høyden.  

– Eg er svært letta og veldig spent på korleis saka vil ende. No har ein uavhengig instans gått gjennom ho, og det er mitt inderlege håp at UiB vil tillate meg å arbeide med og levere inn avhandlinga mi. Signala frå Sivilombodsmannen er veldig positive, og er veldig takksam for at dei tok saka mi, seier han.

Klagenemnd
Sivilombodsmannen slår fast at saka skulle ha vore handsama av Den sentrale klagenemnda ved UiB,  i staden for universitetsstyret. Saka blei handsama av fakultetsstyret på MOF og deretter i universitetsstyret, men universitetsstyret er å rekne som same organ: «Doktorandens klage bør derfor behandles på nytt av riktig klageorgan» slår ombodsmannen fast, og viser til at slike saker skal til Den sentrale klagenemnda. Han konstaterer òg at sanksjonane i doktorgradsforskriften ved UiB bryt med det systemet som følgjer av Universitetslova: «De sanksjonene som er gitt, fremstår også som mer inngripende. Utestenging etter univl. §4-8 tredje ledd er begrenset til ett år, mens utestengningen i nærværende sak er for alltid.»

Hol i lova
Ombodsmannen festar seg òg ved at doktoranden ikkje er sikra dekning av juridisk bistand i denne saka, i motsetnad til bachelor- og masterstudentar, som fritt kan bruke advokat på den minste fjuskesak.

I tillegg til å signalisere at UiB er for strenge, peiker ombodsmannen på eit hol i lovverket for doktorandar:

«Etter dette er jeg i tvil om universitetets praktisering av eget regelverk, utledet av ph.d.-forskriften §§ 5.2 og 6.5, er så inngripende at vedtakene samlet overskrider rammene for hva universitetet har kompetanse til å vedta etter de generelle forskriftshjemlene i univl. §§ 3-3 og 3-9 syvende ledd.

Mye kan også tale for at den manglende lovreguleringen av doktoranders rettsstilling i saker hvor det påstås at innlevert doktoravhandling ikke er i samsvar med kravene til vitenskapelig redelighet, er en mangel ved lovverket. Jeg har derfor i eget brev i dag funnet grunn til å gjøre Kunnskapsdepartementet oppmerksom på dette.»

UiB får òg strykkarakter på grunn av manglande kunngjering av ph.d.-reglementet, manglande tidspunkt for ikrafttreden og referansar til Universitetslova.

Meiner sak er parallell
Ombodsmannen peikar òg på ei parallell sak frå 2007, då ein doktorgradskandidat fekk underkjent arbeidet sitt på grunn av både svak analyse og metodikk, men òg på grunn av ein «meget uheldig sitatpraksis som kan ha gitt inntrykk av at resonnement og formuleringer fra siterte verker er kandidatenes egne». UiB har tidlegare hevda at denne saka ikkje fører til nokon presedens for andre saker, men Sivilombodsmannen kjem til  den motsette konklusjonen, og krev ei grunngjeving for UiB si vurdering.

Medisinprofessorane Eivind Meland og Ole Frithjof Norheim ber i et ope brev til universitetsstyret der dei ber om at han blir tatt inn igjen i programmet og får levere avhandlinga på nytt, både av miskunn og nestekjærleik for mannen, og for å unngå ein lang og opprivande rettsleg prosess.

Dei oppsummerer òg kritikken fra Sivilombodsmannen (SOM), og peiker på at UiB har tillete omlevering i meir alvorlege saker enn denne: «UiB har under SOMs behandling argumentert med at den aktuelle sak ikke er sammenliknbar med en tilsvarende sak fra 2007 der MOF tillot omlevering. I brev av 24.10.12 argumenterer de med at den tidligere kandidaten fikk omlevere fordi det ikke bare var siteringspraksisen som var klanderverdig, men at det også var andre grovt klanderverdige forhold ved oppgaven. Denne argumentasjon er usaklig og undergravende for UiBs allmenne troverdighet, og i motstrid med hva SOM hevder.»

– Hadde kosta UiB lite
Alice Jervell er advokat for doktoranden, og håpar no at Den sentrale klagenemnda kjem til ein annan konklusjon.

– Eg har eit ønskje om at Den sentrale klagenemnda ser denne saka slik ho er, og at min klient får høve til å levere på nytt. Sivilombodsmannen slår fast at utestenginga min klient har vore utsett for ikkje er heimla i lova, og det er alvorleg, seier advokaten.

Ho peiker og på at rutinene på MOF er lagde om etter denne saka, og at alle av-handlingar no blir sjekka for plagiat med tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus før innlevering. Ho meiner det difor hadde kosta UiB lite å levere inn på nytt, og at han på den måten hadde fått ei meir lik handsaming som andre kandidatar.

– Sivilombodsmannen er oppteken av at dette er ein dramatisk reaksjon, og at reglane difor må gi god rettstryggleik. Men ved UiB er det eit regelverk som avvik frå dei vanlege klagereglane, seier Jervell.

Vil sjå nøye på reglane
Rektor Sigmund Grønmo har allereie orientert universitetsstyret om uttalen frå Sivilombodsmannen.

– Vi tek til ettereting at Sivilombodsmannen meiner at saka har vore handsama av eitt og same organ, at ho skulle vore handsama i Den sentrale klagenemnda. Vi vil no vente på ei slik handsaming. Med utgangspunkt i brevet frå Sivilombodsmannen vil vi gå nøye gjennom reglane våre på området. Vi merkar oss òg at Sivilombodsmannen har sendt brev til departementet der dei peikar på eit uklart lovverk på området. Vi skal studere brevet frå Sivilombodsmannen grundig, særleg med tanke på rutinane våre, seier Grønmo.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed