Romdeling får hard kritikk

Publisert:19. februar 2013Oppdatert:21. februar 2013, 09:39

På Institutt for fysikk og teknologi (IFT) mistar alle professorane dei store kontora sine. Nokre tilsette hevdar dette er ei rasering av bygget. Andre meiner at ein ikkje treng 25 kvadratmeter for å drive god forsking.

– Eg synes det er trist at vi må gje slepp på eit slikt gode som vi har hatt. Men når eg ser på instituttet som heilskap og ser at vi treng eit større handlingsrom framover, så ser eg at vi ikkje har noko val. Eg har inga stor glede av å gjere dette, seier Geir Anton Johansen, instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi.

Deler store kontor
Instituttet har fått fleire nye senter, og er i vekst. Leiinga meiner dei no er i ferd med å sprenge kapasiteten i Bjørn Trumpys hus, og har starta ei større ombygging for å huse både fleire tilsette og studentar.

Då På Høyden besøkte huset skar lyden av boring i mur gjennom bygget. Handverkarar arbeider med å sette opp veggane som har satt sinna i kok i kollegiet.

– At instituttet ville komme til å trenge meir plass var tema for ei strategisamling instituttet hadde i mai 2011. Då kom deling av “toaksekontor” fram som ei mogleg løysing på arealproblemet. På ei ny strategisamling på hausten same år annonserte eg at vi ville fortsette arbeidet med fortetting, seier Geir Anton Johansen.

Såkalla toaksekontor er den største kontortypen dei har i bygget, og dei pleier å vere omlag 25 kvadratmeter. 

– Tøff periode
Ved å dele professorkontora i to, vil instituttet få 25 nye arbeidsstasjonar og 12 grupperom. Dei tilsette vil framleis få eigne kontor.

– Det er utfordringar knytt til å endre på måten ein har hatt det på i alle år. Det har vore ei avveging å tore å ta ei upopulær avgjersle som er til det beste for instituttet som heilskap, seier Geir Anton Johansen.

Han fortel at det har vore ein tøff periode der han har måtta tole mykje kritikk.

– Ingen av oss som arbeider og forskar på IFT til dagleg har opplevd noko plassmangel-krise. Vi meiner vi har ein plass som vi utnyttar effektivt. Den krisa som vert sett fram verker å vere heilt fiktiv, og må grunngjevast kvantitativt, seier professor Jan S. Vaagen, som hevdar han snakkar på vegne av mange på instituttet.  

Vaagen seier at han og fleire vitskapeleg tilsette ønskjer at ein kan kome til konsensus på instituttet, og utan at saka vert diskutert i media.

– Den faste staben har ikkje auka på 25 år. Vi har fått inn ein del midlertidig tilsette gjennom prosjekt og kollaborasjonar. Men å tilpasse romstrukturen i Bjørn Trumpys hus etter dette, er å gjere instituttet ei bjørneteneste.

 

Den ferske professoren Morten Førre vil aldri få det same arealet som forgjengarane. No skal Bjørn Trumpys hus fortettast. 

Likt for alle
Tidlegare var det professorane på instituttet som fekk dei største kontora. Førsteamanuensar måtte avgrense forskinga si til mindre kontor. Med den nye romløysinga vil alle få like store kontor.

Morten Førre er professor i optikk og atomfysikk. Han har nyleg fått opprykk, men har ikkje fått flytte inn på eit kontor med professorstorleik enno. Og han vil truleg heller aldri oppleve å kunne nyte godt av dei same fasilitetane som dei som vart professorar på 70-talet.

– Sjølvsagt, dersom eg kunne velje absolutt heilt fritt, ville eg helst hatt eit stort kontor, seier Morten Førre og ler.

Han arbeider med ein søknad til eit prosjekt som vil bety fleire stillingar til instituttet dersom prosjektet vert realisert.

– Vi er eit institutt i sterk vekst. Vi kan jo ikkje vekse inn i himmelen i dei lokala vi har der, huset har visse plassavgrensingar.

Førre seier til På Høyden at delinga er ei god løysing som vil frigje areal til nye arbeidsplassar.  Han har vore oppteken av at det skal vere rettferdig, og likt for alle.   

– Dyrt og dårlig grunngjeve
– Vi er mange som er godt nøgde med huset sin funksjonalitet. Den kostbare, svakt grunngjeve totaloverhalinga truar kvalitetane til huset og gjev ingen vesentleg auke i arealet. Men det svekkjer moglegheita til å utføre oppgåvene våre. Vi er tilhengarar av UiB sine reglar for vesentlege endringar av driftsvilkåra vert følgde via instituttrådet, og vert forankra i faglege vurderingar, seier Jan S. Vaagen.

– Ingen av oss som ved vårt arbeid har vore med og bygge opp instituttet sitt ry og er ansvarlege for store, langsiktige og internasjonale prosjekt som  CERN, ønskjer at ein skal få ein «winner takes it all-struktur» som er pengehungrig, og som set jakta på nye, ferske pengar over idéskaping og truskap mot vitskapen, seier Jan  S. Vaagen.

Midlertidige må tilpasse seg
Han seier at tidlegare har gjestar og prosjekttilsette alltid klart å tilpasse seg den fysiske verkelegheita på instituttet.

– Vi er glade for at Birkelandssenteret fekk pengar, men vi er ikkje samde at strukturen på heile instituttet no skal endrast.

Han vil at forskingsgruppene  skal få innrette seg sjølv slik dei meiner er best.

– Ei gruppe professorar teikna instituttet då huset skulle byggast, og slik står det i dag. Funksjonaliteten til Bjørn Trumpys hus er blant det beste i verda. Dette vil vi nødig gje opp. Internasjonale gjestar som kjem hit misunner oss den fleksible strukturen vi har på instituttet, seier Vaagen.

– Dersom vi ser på kollegaer rundt om i Europa, ser vi at dei sit på mindre plass enn før. Men til forskjell frå tidlegare, er det no viktig med betre plass til samarbeid og samhandling. Eg ser ikkje at kontorstorleiken har så mykje å seie for kva ein kan få til. Vi treng gode laboratorium og vi treng møterom med sofagrupper. Men ein kan ikkje lenger rekne med å ha plass til sofagruppene inne på eige kontor. Vi må utnytte plassen på ein betre måte, seier Geir Anton Johansen til På Høyden.

Harde skuldingar og høg temperatur
Konfliktnivået på Bjørn Trumpys hus har vore høgt etter at det vart klart at professorane måtte ut av dei store kontora sine. Fredag 8. februar kalla instituttleiinga inn til allmøte for å grunngje ombygginga og å svare på kritikken frå dei tilsette.

Ein av dei tilsette hevda estimata over plassbehovet var bygd på fabrikkerte tal. Vaagen meinte at leiinga behandlar dei tilsette som kveg. Geir Anton Johansen vart også skulda for å ikkje følgje demokratiske spelereglar, og for å mangle mandat for ombygginga.

– Eg meiner prosessen har vore godt forankra i strategiplanane til instituttet. Dei som hevdar at eg ikkje høyrer på dei, skil ikkje mellom at eg ikkje gjer som dei seier, og at eg ikkje lyttar.

Han meiner gleda i ombygginga vil verte synleg på lang sikt.

Professor Nikolai Østgaard er leiar for Birkeland Center for Space Science. Her har han besøk på kontoret av stipendiat Jone Peter Reistad.

Birkelandsenteret treng plass
Professor Nikolai Østgaard skal leie Birkeland Center for Space Science, som er eitt av fire nye SFF ved UiB. Det nye senteret er ein av grunnane til at instituttet no treng fleire arbeidsstasjonar. Som senterleiar har han flytta inn på eit nyrenovert kontor, på om lag 11 kvadratmeter.

– Eg synest det er utmerka med eit lite kontor. Eg er nøgd med denne størrelsen, og har aldri vore tilhengar av store kontor.  Eg meiner at fordelen med mindre plass er at ein akkumulerer færre bøker og slikt. Ein må berre ha litt færre ting i hyllene.

– Du skal leie eit senter som involverer mange menneske. Korleis vil det gå?

– Eg tenkte å møblere slik at ein kan ha minst to personar på besøk. Elles har vi møterom i kvar etasje. Det trur eg kjem til å fungere bra. Sjølv tidlegare, då eg hadde større kontor, brukte eg helst eigne møterom når eg skulle ha møte.

 

Professor Jan Petter Hansen kan ikkje rekne med å ha sofa på kontoret i framtida. 

 Må nøye seg med halv plass
– Kontoret mitt vert halvert. Eg jublar ikkje for det. Men vi får god tilgang til grupperom der vi kan halde fram med aktiviteten som i dag er på dei enkelte professorkontora. Eg har få argument for at ombygginga er noko som vil rasere drifta og øydelegge arbeidsforholda på instituttet, slik enkelte hevdar, seier professor Jan Petter Hansen.

Han er ikkje ikkje misnøgd med prosessen, men hadde gjerne sett at støyande arbeid ikkje hadde kome i arbeidstida.

– Alt på formiddagen i dag har vi hatt boring i to omgangar. Eg fungerer dårlig når det er mykje bråk, seier han til På Høyden.

– Kor stor plass treng ein for å drive god forsking?

– For min egen del som teoretisk fysikar treng eg eit vanleg, funksjonelt kontor. At det er straum, nett, varme og godt inneklima og at omgjevnadane ikkje ber preg av konstante ombyggingar er viktigare enn talet på kvadratmeter. Det er avgjerande at studentane og kollegaene mine har tilsvarande arbeidstilhøve og at vi kan møtast til både faglege og sosiale fellesaktivitetar i gode grupperom.

Rot, støy og støv har blitt ein del av kvardagen i Bjørn Trumpys hus. I løpet av mai månad skal alle etasjane vere ferdig renoverte. Då vil også lysforholda ha blitt utbetra og møblane skifta ut. 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed