Inviterer til 8.mars-vorspiel med fersk bok

Publisert:22. februar 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

På 1970-talet vart det personlege politisk. 6.mars inviterer forskarane bak den ferske boka om temaet til sleppfest på Litteraturhuset.

Ein gylden augneblink. Ifølgje Hilde Danielsen, forskar II ved Rokkansenteret og redaktør for boka «Da det personlige ble politisk. Den nye kvinne- og mannsbevegelsen på 1970-tallet» var det det som gjorde 70-talet til det det vart.

– Ein gylden augneblink er ein situasjon er endring er mogleg – men denne endringa krev noko, seier Danielsen.

I januar 1970 stod kronikken «Ny-feminister, foren dere» på trykk i Dagbladet. Forfattaren, Siri Nylander Mæland, var påverka av amerikanske feministar, mellom andre Jo Freeman. Ho var i Noreg same år, som ein del av haiketuren sin gjennom Europa. Freeman syntest Noreg var svært gamaldags.

Kronikken var starten på eit tiår som er myteomspunne og mykje omtala. I den ferske boka, som kom frå trykkeriet fredag, fokuserer dei fem forfattarane på intimsfæren og dei kulturelle sidene ved tiåret.

– Verda måtte endrast
– 1970-talet var ei opprørstid. Det var tida då det gamle skulle endrast, seier Tone Hellesund.

Ho er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket og var prosjektleiar for det NFR-støtta prosjektet «Da det personlige ble politisk. 1970-tallets kvinnebevegelse». Prosjektet var avslutta i 2011, men boka kjem altså no.

– På 70-talet fekk ein nye samlivsformer og nye former for seksualitet. Ein skulle sjå kritisk på både seg sjølv og andre, seier Danielsen.

– Ein snakka om intimsfæren på ein annan måte, og inkluderte det i det politiske prosjektet, supplerer Ingrid Muftuoglu.

Ho har nettopp levert avhandlinga si om kvardagens politikk i kvinnerørsla. Heimen vart ein av dei politiske arenaene og Muftuoglu skildrar korleis feministar vart oppmoda til såkalla kvardagsaksjonar. I kapittelet i boka gir ho smakebitar frå intervju med informantar som var aktive i ulike deler av kvinnerørsla. Ei av dei fortel at ektemannen i ettertid meiner at starten av 1970-talet var ei trist tid. Han meinte at han måtte stå til rette for alt, og kvinna seier sjølv i ettertid at ho ikkje trur ho var så grei. Samstundes understrekar ho at verda måtte endrast – og ein måtte vera med på å gjera det.

Muftuoglu skildrar òg korleis klede og interiør vart viktig for å visa kva ein stod for. Ein av informantane fortel at store flater, lite pynt. Låge, harde møblar og godt utsyn og innsyn var estetikk som vart sett på som politisk korrekt. Sjølv ville ho ha eit varmare interiør med mjuke sofaer og puter, og ho aksjonerte mot det «politisk korrekte» i det venstreradikale miljøet ho var ein del av.

Opplag på 35 000
Synnøve Skarsbø Lindtner har òg vore knytta til forskingsprosjektet som stipendiat. Ho er i innspurten med avhandlinga si om det feministiske tidsskriftet Sirene. Første nummer kom i 1973, då var 7000 norske kvinner organisert i ulike feministiske kvinneorganisasjonar.

– Eg meiner at engasjementet på 1970-talet var noko som låg i tida. Allereie i 1969 hadde Mette Janson ein programserie om samliv, seier Skarsbø Lindtner.

Ho seier at òg Sirene hadde amerikanske førebilete. I første nummer hadde tidsskriftet mellom anna artiklar om kvinner sin kamp for stemmerett, lesarbrev om prevensjon og abort og teikneseriar om pyntesjuke blondiner.

– Sirene hadde på det meste eit opplag på 35 000. Klassekampen, som òg var stor på 1970-talet, hadde ikkje meir enn mellom 6000 og 7000, seier Skarsbø Lindtner.

– Men ein ser òg at alle dei store avisredaksjonane skreiv om kjønn og samliv – kvar veke, supplerer Danielsen.

6. mars er det sleppfest for boka. Forskarane skriv om då det personlege vart politisk; om mellom anna nye samlivsformer, kamp for fri abort, kvardagsaksjonar og menn si rolle i kvinnekampen. Foto: frå boka

Samla underskrifter for abort
Hellesund karakteriserer som 70-talets kvinnekamp som ikkje veldig revolusjonær, men meir reformistisk.

– Og det kvinneorganisasjonane stod for, var uavhengig av statsfeminismen, seier Danielsen.

– Ein hadde eigne mål, og personleg frigjering var viktig. Dette vart uttrykt mellom anna gjennom nye former for seksualitet og nye omgangsformer. Det vart vanleg å vera sambuarar, og prevensjonsmidla vart betre.

Danielsen seier at den viktigaste enkeltsaka var retten til sjølvbestemt abort. I boka skildrar Muftuoglu korleis kvinnene i Kvinnefronten gjekk rundt i sine nærområde og samla inn underskrifter for ei lov om fri abort. «(…) Hvis vi først klarte å snakka med kvinnen, så var det ikke noe problemer å få underskrift. Men det var jo veldig privat på en måte å gå rundt og be om støtte til kvinners selvbestemte abort. Men det gjorde vi!»

Mennene kom på bana
Ei anna viktig sak var retten til økonomisk sjølvstende og kampen for sekstimarsdag. Den var det òg menn som engasjerte seg i. Jan-Kåre Breivik, forskar I ved Rokkansenteret og professor ved Høgskolen i Bergen, skriv om Mannebevegelsen.

– Denne rørsla var lita, men talet på menn som støtta feministane var meir omfattande. Dei som var aktive var gjerne menn som hadde ein nyfeministisk partnar og slik vart utfordra. Samstundes såg dei òg eit frigjeringspotensiale for seg sjølv, seier Breivik.

Fokuset i Mannebevegelsen var at menn skulle delta meir aktivt i oppseding av barn og i husarbeidet, og samstundes verta meir kjenslemessig engasjerte i samliv og daglegliv. I 1978 hadde Mannebevegelsen sitt første møte. Meir enn 150 gutar og menn var med, skreiv dåverande Arbeiderbladet.

Men «den nye mannen» vart ledd av. Både gjennom viser og litteratur fekk han gjennomgå.

– Eg synest mennene eg har intervjua var tøffe, seier Breivik.

– Dei var aktivt med, og kjempa både for fri abort og barnehagar og for å få ei ny og meir moderne mannsrolle.

Nye former på 80-talet
På 1980-talet vart feminismen dempa som ei sosial rørsle.

– Ein jobba på andre måtar. Ein fekk dei første krisesentra – og no er det lovbestemt at alle kommunar skal ha det. Dei første kvinnene som jobba for dette, vart møtt med latter då dei besøkte dei ulike kommunestyra. Representantane meinte at vald mot kvinner ikkje fanst i deira kommune, seier Danielsen.

Andre jobba mot porno eller for vaksenopplæring, og i 1986 danna Gro Harlem Brundtland regjeringa som fekk namnet kvinneregjeringa. Åtte av 18 statsrådar var kvinner.

– Berre få år tidlegare var det jo ikkje til å tenkja på at ein kvinne kunne verta statsminister.

I dag har ein lov om sjølvsbestemt abort, ein har ei likestillingslov, far har rett til farspermisjon og ein har lovfesta rett til barnehageplass.

– Tek ein for mykje for gitt i dag?

– Eg trur det handlar meir om at det som var radikale kampsaker har vorte ein del av den felles forståinga vår. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein det for gitt – men det er nokre grunnverdiar, seier Muftuoglu.

– Og så trur eg ein idylliserer dagens situasjon. Ein er kanskje ikkje så likestilt som ein trur, seier Danielsen. Ho viser til rapportane om likestilling frå Stortinget. Ein er på høyring, medan ein anna seier at «utredningen av virkemiddelapparatet konkluderer med at lovfestingen av pliktene til aktivt likestillingsarbeid må styrkes. Dette er plikter som skal fremme den lokale likestillingsinnsatsen i alle typer av virksomheter. Slike plikter, som også kan kalles integreringsplikter, skiller seg fra andre typer av likestillingspolitiske innsatser ved at de framhever det systematiske og målrettete hverdagsarbeidet for likestilling på virksomhetsnivå. Gjennom slike plikter løftes likestilling fra et individuelt til et kollektivt nivå».

Vorspiel før kvinnedagen
Av dei fem forfattarane er det berre Hellesund og Breivik som var fødde då den tidlegare omtala kronikken stod på trykk i Dagbladet.

– Eg var tre år, humrar Hellesund.

Breivik fylte 18 i 1980. Han var for ung til å få med seg Mannebevegelsen, men seier at det politiske engasjementet vart tent ved overgangen mellom 1970- og 80-talet.

– Det er ein fordel at ingen av oss var med i kvinnerørsla på 1970-talet. Det gjer at me kan sjå på tiåret på ein annan måte, meiner Danielsen.

Ho seier at 80-talet òg kan vera interessant å forska på.

Men først er det feiring av den ferske boka. Det skjer 6. mars på Litteraturhuset.

– Det vert bokslepp med band.  Albert og Elise skal spela. Dei er unge, men dei spelar 70-talsmuiskk, seier Skarsbø Lindtner.

– Men dette er ei bok om feminisme. Kvifor ikkje sleppfest 8. mars?

– Me vil ikkje konkurrera med 8. marsarrangement. Dette vert vorspielet, smiler Danielsen.

Forskarane Synnøve Skarsbø Lindtner, Tone Hellesund, Jan-Kåre Breivik, Hilde Danielsen og Ingrid Muftuoglu har skrive ei heilt fersk bok om 70-talet. Danielsen er redaktør. Foto: Hilde Kristin Strand

 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed