26,6 sekund som endra USA

Publisert:7. februar 2013Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Ein amatørfotograf festa sekunda før og etter at John F. Kennedy vart drepen på film. Neste veke reiser medievitar Øyvind Vågnes til USA for å ta i mot ein høgthengande pris for boka han har skrive om hendinga.

Plassering: 

– Det er ei nasjonal sårheit at dette drapet ikkje vart ordentleg løyst. I år er det femti år sidan han døydde, seier Øyvind Vågnes.

Vågnes si interesse for avtrykket drapet har sett i den amerikanske kulturen har tidlegare resultert i  ei doktorgrad. Og i 2011 kom boka «Zaprudered» ut. Neste veke reiser han til Albuquerque, New Mexico for å ta del på konferansen til Southwest/Texas Popular Culture and American Culture Association. Her vil han halde ein keynote om Abraham Zapruder sin film.

Kjoleselgaren som skapte kulturhistorie
Amatørfilmen til Zapruder har blitt ståande som det viktigaste dokumentet frå den fatale dagen 22. november, då John F. Kennedy vart skoten på Dealey Plaza.

Kjoleselgaren  Zapruder hadde tidlegare for det meste tatt små filmar av familien sin med super-8 kameraet. Han var demokrat, og ville gjerne sjå presidenten då han gjesta byen. Grunna eit dårleg organisert mediaoppbod vart han sittande med det beste opptaket.

– Eg fann at det ikkje har vore skrive så mykje om filmen tidlegare. Eg har sett på kulturhistoria rundt filmen, seier Øyvind Vågnes.

Ikonisk og mytifisert
Nokre bilete har blitt så innvevd i den visuelle kulturen at ein ikkje treng sjå heile biletet for å gjenkjenne det. Alberto Korda sitt portrett av Che Guevara er eitt av dei. Ein beret, ei stjerne og eit blikk vendt oppover og lett til høgre, og sjåaren tar konnotasjonane. Slik har det også blitt med mykje av biletmaterialet knytt til drapet på John F. Kennedy.

– Bileta frå filmen blir vist fram og sitert i stadig nye kontekstar. Slik har den rive seg laus frå det oppinnelege formatet og fått ein eigen plass i den amerikanske kulturen.

Den smilande presidenten i den opne bilen. Skota. Jackie Kennedy, kledd i rosa, som i panikk prøver å klatre ut av den kvite bilen etter at mannen er skoten i hovudet. Og til sist: Biletet av den drapstiltalte Lee Harvey Oswald sitt ansikt sekundet før han sjølv vert likvidert på kloss hold av nattklubbeigaren Jack Ruby.

Kven eig historia?
– Kennedydrapet er så nedfelt i så mange amerikanske kulturelle uttrykksformer. Historiene om drapet er som eit bibliotek i seg sjølv. Eg har vore interessert i forhandlinga (diskursen og den kulturelle bearbeidinga, red. anm.) om korleis historia om drapet skal fortellast. «Kva? Ei heil bok om 25-26 sekund med film, er det nokon som spør. Men dette er sekund som er overalt i kulturen.»

Er ein offentleg person sin død ei privatsak? Kven skal forvalte eit materiale som dokumenterer det som skulle bli eit nasjonalt traume?

– Eg har vore oppteke av dei etiske spørsmåla som vert reist av denne filmen. På eit vis peikar også hendinga fram mot vår tid. No er det ikkje sjeldan at viktige hendingar vert dokumentert av ein person med eit mobilkamera.

– Jo, den er ekte
Det er laga mange filmar om drapet i Dallas. Oliver Stone har laga filmen «JFK». Mange forfattarar, mellom anna Don DeLillo har skrive bok om hendinga.  Lou Reed, Beach Boys, Harry Belafonte og Tori Amos syng om han. Den antatte drapsmannen Lee Harvey Oswald har fått sangar sunge om seg. Det same har han som skaut drapsmannen, Jack Ruby. Også mannen som leia etterforskinga har blitt besunge. Det er skrive biografiar om mor til Lee Harvey Oswald.

Også konspirasjonsteoriane om at det fantes andre gjerningsmenn enn Oswald har blitt til filmar, bøker og songar. I ein episode av komiserien Seinfeld var teorien om «a second spitter» lansert. Eit dataspel, JFK Reloaded, vart lansert i 2004. Her kan ein sjølv gøyme seg i «snipers nest» i skoleboklagerets sjette etasje, og sikte på hovudet til presidenten idet kortesja med den opne bilen kjem køyrande over skjermen.  

– Som mykje anna av materialet som handlar om drapet på JFK er også denne filmen omstridt. Nokre har hevda at den ikkje kan vere ekte, men det er grundig tilbakevist, seier Øyvind Vågnes.

Filmen har vore nytta som bevis på at det var Lee Harvey Oswald, skarpskyttar og Castro-tilhengar, småforvirra og rotlaus, som tok livet av presidenten. Den har også vore nytta til å sannsynleggjere at det må ha vore fleire gjerningsmenn. 

– Sjølve filmen som var i kameraet vart seinare eit svært dyrt objekt. Det var selt for 16 millionar dollar, det dyraste fotoobjektet fram til då. Filmen var i ein slik forfatning at den ikkje kunne visast. Dette seier noe om fetisjen rundt drapet på Kennedy. 

Først vist på tv i 1975
Men korleis sette riktig takst på eit stykke filmrull, som grunna hendingar fotografen sjølv ikkje rådde over, viste seg å dokumentere ei av dei mest epokegjerande hendingane i amerikansk 1900-talshistorie?

Filmen vart ikkje vist offentleg på amerikansk tv før i 1975. Dei uklare bildene viser gruvekkande godt korleis presidenten sitt hovud eksploderer når kulene treff han, og vart vurdert å vere for ekstreme til at dei kunne verte vist.  Men magasinet LIFE publiserte fleire stillbilder frå filmen, i fleire seriar. Allereie morgonen etter drapet hadde dei sikra seg rettane til filmrullen. Pris: 150 000 dollar.

Eit nasjonalt traume
Abraham Zapruder sjølv hadde mareritt om at filmen skulle utnyttast kommersielt, og insisterte på at den fatale frame 313 med det daudbringande skotet aldri skulle verte publisert.

Ulikt drapet på til dømes president Abraham Lincoln, er ikkje drapet på JFK salta djupt ned i historia enno. Saka kan framleis berøre og opprøre amerikanarane.

– Like før eg skulle sende frå meg manuskriptet spelte artisten Eryka Badu inn ein musikkvideo på Dealey Plaza i Dallas, der ho langsamt kler av seg, før ho vert drepen av ein ukjend skyttar. Musikkvideoen vakte ein del debatt og kontrovers, seier Øyvind Vågnes.

 – Hendinga kan på mange måtar samanliknast med 11. september. Terroraksjonen denne dagen vekte noko av det same i det kollektive medvitet. På same måte som 11. september vart også drapet på John F. Kennedy inngangen til ei svært turbulent tid i amerikansk historie.

Dei ubesvarte spørsmåla 
– Heilt til slutt: Kven var det eigentleg som skaut Kennedy?

– Eg har i årevis slått meg til ro med at det berre var ein gjerningsmann, og at det var Lee Harvey Oswald. Men eg er ikkje sikker. Ein ting er eg sikker på: Filmen til Zapruder har gjev ikkje eintydige svar på dette spørsmålet.

 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed