– Vanskeleg å styra fulle studentar

Publisert:14. februar 2013Oppdatert:14. februar 2013, 15:48

– Å ta høgde for kva som kan skje med studentar på byen i fylla er vanskeleg for universitetsstyret, meiner studentrepresentant Magne Seierslund.

Det skal arbeidast vidare med fadderveka. Og ein skal fokusera på faglege aktivitetar. Det er i korte trekk konklusjonen etter at universitetsstyret i dag handsama saka med tittel «Studiestart høsten 2013 – organisering av mottak av studenter».

– Me må vera nøye med å skilja mellom kva universitetsstyret kan påverka og kva me ikkje kan påverka. Me kan ikkje påverka kva sosiale arrangement studentane står bak, sa studentrepresentant Magne Seierslund.

Ingen klamme hender
Seierslund la vekt på at det er viktig å gjera ei kvalitetssikring av dei som skal vera fadrar. I dag byrjar fadderstyra tidleg å jobba, medan dei som melder seg som fadrar skal vera med på eit informasjonsmøte – som det ikkje er obligatorisk å stilla på.

– Studentane etterlyser retningslinjer. Men dei ønskjer ikkje ei klam hand på skuldra frå universitetsstyret, sa Seierslund.

Han argumenterte sterkt mot å gjera fadderveka kortare, slik det har vorte sagt i debatten rundt veka.

– Det vil vera ein gåvepakke til utelivsbransjen. Eg meiner at ein treng den tida fadderveka er i dag til å verta kjent. Dersom noko av målet er å dempa talet på negative oppslag i media, vil ei kortare fadderveke fungera dårleg. Det vil vera fadderarrangement i sentrum uansett som UiB har ei fadderveke på tre dagar eller ikkje.

Fekk ikkje fleirtal
Oddny Miljeteig, som er ekstern representant, ville i utgangspunktet gjera noko med lengda på fadderveka.

– Det er eit kunstig skilje å seia noko om kva som er universitetet sitt ansvar og ikkje. Dersom me ikkje tek grep og styring – og så får ei valdtektsssak – då vert det ein annan debatt. Eg har ikkje tru på haldningskampanjar, men meiner me må gjera noko med strukturar. Då tenkjer eg både på lengde, men òg på andre tiltak som innhald som er studiestart-relevant, og som studentane opplever at det er viktig å vera med på, sa Miljeteig.

– Me er nøydde til å vera tøffe – viss ikkje kan me måtte vera det.

– Å ta høgde for kva som skjer med studentar på fylla i byen er vanskeleg for universitetsstyret, svarte Seierslund.

Saman med Miljeteig, studentrepresentat Liv Heidi Ekre, eksternrepresentant Joakim Palme og Peter M. Haugan ønska han å ta ut punktet som sa noko om kor lenge fadderveka skal vara. Desse fem vart nedstemt.

Det betyr at punktet «Styret ber om at det i det videre arbeidet legges særlig vekt på vurderinger av: fadderperiodens varighet, muligheten for å knytte mottaksarrangementene mer til faglige arrangementer, innsats for å begrense alkoholbruken i forbindelse med fadderperioden bedre opplæring av fadderne» vart ståande.

Studentrepresentantane Liv Heidi Ekre og Magne Seierslund var kritiske til å gjera fadderveka kortare. Med knappast mogleg fleirtal vedtok universitetsstyret at ein skal vurdera kor lenge fadderperioden skal vara.

Klasseromsmodell
Haugan fekk med eit punkt i vedtaket. Han tok til orde for at ein må sjå fadderveka i samanheng med dei andre mottakstilboda UiB har.

– Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har dei ein klasseromsmodell der alle studentane vert delt inn i grupper. Dette gir eit tilbod til alle – òg til dei som vel å ikkje vera med på fadderveka. Eg meiner det er viktig å få med at studentmottaket ikkje berre handlar om fadderveka, sa Haugan.

Styret vedtok einstemmig eit slikt tillegg. Dei vedtok òg Gro Lie sitt forslag om meir samarbeid med dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen.

Skryt frå rektor
Rektor Sigmund Grønmo oppsummerte debatten:

– Det er to balansegangar her. Den eine er mellom å gi studentane eit godt mottak slik at dei vert kjende med både UiB og kvarandre, og samstundes gjera dette utan å sjenera naboane og andre som brukar byen. Det andre er balansen mellom det me kan styra og det me ikkje kan styra. Det me gjer her i dag er ei markering av at me vil gjera det me kan, sa Grønmo.

– Studentrepresentantane viser ein eksemplarisk vilje til å ta desse omsyna – det skal dei ha honnør for, la han til.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed