– Eitt poeng i året er eit mildt krav

Publisert:14. februar 2013Oppdatert:14. februar 2013, 15:24

Universitetsstyremedlem Peter M. Haugan hevda at dagens reglar for publiseringspoeng er for lite tilpassa ulike forskingskulturar. Rektor Sigmund Grønmo er ikkje samd. Han meiner tilsette ved UiB må kunne dokumentere at dei faktisk forskar.

På universitetsstyremøtet torsdag vart strategiplanen for 2013 og ordninga med driftsmidlar for publiseringspoeng diskutert. På budsjettet i fjor sette Universitetsstyret av seks millionar kroner til driftstøtte til forskarar som når målet om eitt publiseringspoeng i året.

Professor Peter M. Haugan påpeika at det i nokre forskingsgrupper vert arbeidd på ein måte som ikkje nødvendigvis lett kan teljast eller målast.

– Det er nokre som publiserer mykje, andre som publiserer lite. Det er ikkje dermed sagt at dei som publiserer lite gjer ein dårleg jobb. Dei kan likevel på anna vis bidra til at UiB som institusjon får mange publiseringspoeng.

Må tole måling
Framlegget fekk ikkje gehør hos rektor Sigmund Grønmo.

– Mitt prinsipielle syn er at våre tilsette skal dokumentere at dei forskar. Erfaringa mi er at gode samarbeid også vert anerkjent i medforfattarskap. Det er strenge internasjonale lover som regulerer dette, og som alle skal følgje.

For å få ekstra driftsmidlar må ein ha publisert i gjennomsnitt minst eitt publikasjonspoeng i året i løpet av dei tre siste åra. Dersom ein når målet om eitt publiseringspoeng i året, gjev dette inntil 25 000 kroner i personlege driftsmidlar. Det finst ingen andre føringar for pengebruken enn at pengane ikkje skal gå til løn. 

Ulike kulturar
Haugan argumenterte med at ordninga kan verke stigmatiserande for dei som ikkje når målet.  

– Dersom ein formulerer ambisjonsnivået annleis vil eit ta omsyn til ulike forskingskulturar, sa Haugan. Han er tilbake i universitetsstyret etter at han i januar 2012 fekk permisjon for å leie Nansen-senteret.

Publikasjonar frå til dømes CERN kan ha fleire tusen forfattarar. UiB har difor satt grensa ved artiklar med meir enn ti medforfattarar. Haugan peika også på at nokre forskarar nyttar mykje tid på til dømes rettleiing, og at det difor vert lite tid til eiga forsking.

– Eitt poeng i året er ingen sterk ambisjon. Det er eit ganske mildt krav. Forskarar som er aktive på å publisere kan ha opp mot 20 publiseringspoeng i året, argumenterte Sigmund Grønmo.

Endelege tal ikkje klare
Det var Fagerbergutvalget som først kom med framlegg om ei ordning med personlege driftsmidlar til aktive forskarar. Framlegget vart omfamna i ein høyringsrunde på UiB, noe også Universitets- og høgskolerådet (UHR) gjorde.

Ifølgje sakspapira tyder meldingar frå fakulteta på at den vitskapelege publiseringa ved UiB var om lag på same nivå eller litt høgare i fjor, i høve til i 2011. Dei endelege tala for publiseringspoeng vil vere klare først i april i år.

Ambisjonen om eitt publiseringspoeng i året vert ein del av UiB sin strategiplan også i 2013. Dette vart klart etter at saka vart diskutert på universitetsstyremøtet i dag. (Foto: Ida Bergstrøm). 

 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed