Formidlar av lyst og plikt

Publisert:31. januar 2013Oppdatert:1. februar 2013, 11:27

– Du er ein usedvanleg inspirerande og provoserande formidlar av dei sakene du brenn for, sa prodekan Lillian Helle, og ga formidlingsprisen til religionsvitar og samfunnsdebattant Dag Øistein Endsjø.

Det humanistiske fakultet sin Formidlingspris skal gå til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle forskingsresultat av høg kvalitet. I tillegg må dei vere dyktige til å synleggjere kva dette tyder for samfunnet.

Torsdag vart prisen delt ut for andre gong. Den gjekk til Dag Endsjø, professor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Han har mellom anna forska på religion i sett i lys av menneskerettar, sex, kjønn, populærkultur, samt på døds- og kroppsforståing i vestleg tradisjon.

Profilert debattant
– Gjennom fagbøker, debattar, kronikkar har du gjort deg til ein profilert samfunnsdebattant. Du sameiner di religionsvitskapelege innsikt med engasjement på ein framifrå måte, sa dekan Gjert Kristoffersen under utdelinga.

Dekanen viste også til at Endsjø har skrive fleire bøker som har vekka merksemd og interesse, samt blitt omsett til andre språk. Boka “Sex og religion. Fra jomfruball til hellig homosex” har til dømes blitt publisert på engelsk, italiensk, polsk, serbisk og svensk.

Prispengar til meir formidling
Dette er andre gong prisen blir delt ut. Formidlingsprisen for 2011 gjekk til Bente Gullveig Alver ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. I år havna prisen på same institutt.

Prisen på 25 000 kroner skal ifølge statutta nyttast til tiltak som kan bidra til å styrke profilering og formidlingsverksemda i samsvar med prisvinnaren sine ønske.

– Det har vore mange verdige kandidatar. Vi er gode til å formidle på Det humanistiske fakultet. Og du er både ein verdig kadidat og ein verdig vinnar, Dag, sa Gjert Kristoffersen, og helt lattermildt fram google som eit barometer på formidlingsaktivitet: 

– Når ein googlar seg sjølv, som dei fleste truleg gjer ein gong i blant, er sida mi ved UiB noko av det første som dukkar opp. Slik er det ikkje når ein googlar deg. Her må ein bla fleire sider fram før forskarprofilsida di ved UiB dukkar opp. Dette seier noko om kor aktiv du er i debatten.

– Privilegert
– Dag Endsjø har også tydeleg teke til orde for at homokamp og krav om likestilling av kan sjåast på i lys av menneskerettane, sa dekanen.

– For meg er formidling ein stor og viktig del av det å vere vitskapelig tilsett. Når ein elles arbeider med større bøker og vitskapelige artiklar, er det fint å kunne nå ut umiddelbart til mange menneske gjennom kronikkar og populære artiklar. Som forskar er ein privilegert som får jobbe med det ein synest er spennande og interessant. Eg kjenner både ei lyst og plikt til å nå ut med det eg gjer, seier prisvinnar Dag Endsjø til På Høyden.

I takketalen sendte han rosande ord attende til instituttet.

– Dette er eit institutt som stiller opp. Det er ei fantastisk god atmosfære i dette fagmiljøet, sa Dag Endsjø.

 

– Det var ikkje eit vanskeleg val i år. Du flaut opp og vart ein soleklar vinnar, sa prodekan Lillian Helle då ho ga prisen til Dag Endsjø. For andre gang gjekk Formidlingsprisen til AHKR. Foto: Ida Bergstrøm

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed